bjornepappa Skrevet 10. juni Skrevet 10. juni (endret) Har ikkje funne nokon god grunn til å gå over til HS4, enn så lenge HS3 fungerer knirkefritt til vårt bruk 🙂 Men, HS3-installasjonen er på ein etterkvart aldrande pc med Windows 10. Det er på tide å skifte ut denne før den tar kvelden, og eg har difor satt opp HS3 på ein ny server med Windows 11. Installert HS3 frå scratch, deretter lagt inn backup frå den gamle installasjonen og starta opp. Det aller meste fungerer - Z-wave, Zigbee (via deConz) osv. Men eg har ein del NodeMCU-kort til bl.a. temperaturmåling på vv-tank, overvåking av garasjeportar m.m, som kommuniserer med HS3 via Arduino plugin. Dette har fungert knirkefritt i fleire år på den gamle serveren, men eg får ikkje kontakt på den nye. Har sett gjennom alle brannmurreglar på den nye serveren, og det ser identisk ut med den gamle. Har sågar deaktivert brannmur fullstendig, men plugin får fortsatt ikkje kontakt. Klarer fint å pinge korta. Ny server er forsøkt både med DHCP og samme statiske IP som den gamle, uten hell. Om nokon har tips som kan hjelpe på veg er eg evig takknemlig 🙂 Endret 10. juni av bjornepappa Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.