Gå til innhold
  • Bli medlem
Støtt hjemmeautomasjon.no!

Spørsmål

Skrevet (endret)

Heisann, godtfolk!

 

Min første tråd på forumet, og null erfaring frå smarthus. Men håpar de kan hjelpa meg litt.

Eg held no på med totalrenovering av bustad, og ønskjer nokre enkle funksjonar når alt er ferdig. Kona er heilt i mot alt som verkar teknologisk eller avansert. Det vert derfor litt utfordringar med gjennomføring. Eg har sjølv lenge hatt lyst til å testa ut diverse løysingar som kan gjera ting litt enklare.

 

Har no leita litt rundt på forumet, utan å finna svar på akkurat det eg lurer på.

 

Kriterier eg/me har for å gå for eit system.

1) manuell styring

"alt" må kunna styrast manuelt, minst like enkelt som frå før. Tenker då på lysbrytarar/dimmarar på veggen, termostatar, vifter osv. Altså manuell betjening med høve for smart styring.

2) 100% stabilt

Det er heilt uaktuelt med noko som helst som krev internett for å fungera. Om programmering av scener, oppdateringar osv ikkje kan gjerast utan nettilkopling kan eg leva med. Men all styring av ting og tang i huset må skje lokalt. Alt må og fungera sjølv om ruteren i huset eller HUBen ikkje fungerer. Eg må t.d. kunna dimma lys, stilla temperatur osv utan nettverk, om noko får ein feil, eller eit batteri er tomt osv.

3) nesten usynleg

Vil ikkje ha blinkande lys, store sensorar, synlege kabelstrekk, pluggar i stikkontaktane osv. Ein lysbrytar må sjå ut som ein lysbrytar, ein stikkontakt som ein stikkontakt osv. Det skal tilsynelatande vera eit ordinært "dumt hus".

4) Ikkje behov for mobil/nettbrett for å styra noko. Tungvint og irriterande. Det må vera automasjon eller manuelt.

 

I tillegg er kriterier som pris, kompatibilitet, lett/intuitivt/brukarvenleg og framtidsretta viktig.

 

Eg ønskjer å kunna:
a) Rørslesensor i nokre rom (boder, gang osv).

b) Brytar/panel for "alt av" eller "alt på" i forskjellige soner. (Eltako sin modusbrytar ser jo fin og smart ut). Ønskjer for eksempel ein brytar til alle stikk på kjøkken eller i stove slik at eg ikkje treng springa rundt å slå av alt før eg kryp i soveposen.

c) Tidsstyring av vannbåren varme i golv. Spesielt nattsenking osv. Men må sjølvsagt kunna regulerast manuelt frå termostat på vegg.

d) Skumringsrele/fotocelle på utelys.

e) Styring av Villavent VSR500 ventilasjonsanlegg (modbus?). Kjøkkenvifte på - avtrekk av for eksempel.

f) Ein fjernkontroll og ferrast mogleg kommandoar for alt av AV-utstyr. Helst kopla opp mot lysstyring. (Hadde tidlegare heimakino og vurderte noko Global Cache Itach greier, men det vart aldri). AV utstyr må vera lett å betjena av kona og barn.

h) diverse sensorar for måling og logging av ting som effektbruk (varmepumpe og ana utstyr), luftfuktighet (innluft/utluft og i nokre rom) og sikkret mykje ana moro.

i) eg er sjølvsagt open for alle forslag til andre områder som er kjekt å "smarta opp":)

 

Så til spørsmåla:

 

Er alt dette mogleg å få til?

 

Er alt dette mogleg å få til på eit relativt moderat budsjett?

 

Kva skal eg starta med?

 

Bustaden er under total renovasjon, så det er no eller aldri. "Alt" skal byggjast fjernast og leggjast nytt, inkludert elektrisk installasjon, vvs, golv, veggar osv.

Det vetle eg har greidd å lesa meg opp på seier Z-wave er eit godt utgangspunkt, men kanskje vel dyrt for nokre enkle ting. Proprietære løysingar som xcomfort ønskjer eg ikkje.

 

Edit: kan ta med at det starta med ønskje om å styra lys, lyd, bilete og lerret i heimakino med ein kontroll. Det vat ikkje. Så kom ønskje om ein brytar for å slå av alt av stålampar, julelys, TV, tuner, forsterkar, ladarar, pyntelys, hyllelys, vegglampar osv osv før leggetid.

Endret av Komlo

Anbefalte innlegg

  • 0
Skrevet
22 minutter siden, Komlo skrev:

Er alt dette mogleg å få til?

Ja.

Men det krever en del egeninnsats. Det finnes ingen systemer det bare er å koble opp som gjør jobben for deg. Spesielt Villavent-anlegget kan være en utfordring, hvis du ikke kan bruke Z-wave adapteret.

 

25 minutter siden, Komlo skrev:

Er alt dette mogleg å få til på eit relativt moderat budsjett?

Tja. Definisjonsspørsmål. Hva er "moderat"?

 

Z-wave er nok det som er mest aktuelt for deg, muligens ispedd 433Mhz for enkelte ting. Det koster ca. 500 kr pr dings.

 

26 minutter siden, Komlo skrev:

Kva skal eg starta med?

Lys.

Bevegelsessensorer.

Varme (med fysiske eller virtuelle termostater)

Så gjerne en Harmony Hub til AV.

Så Villavanet.

 

... hadde jeg gjort. ;) 

 

  • 0
Skrevet

Takker for god hjelp allereie? 

Genialt med eige forum for heimaautomasjon. 

 

Eigeninnsats skal ikkje vera noko problem, etterkvart. For tida har eg nok å gjera med renovering. 

 

Villaventen er ikkje første prioritet, me greit å ha høve til det i framtida. Z-wave adapter er sikkert mogleg å nytta, men vart tipsa om at modbus (eg veit ikkje kva det er) skulle vera rimelegare og betre. 

 

Er 433Mhz enklare (meir begrensa)  og rimelegare enn Z-wave? 

 

Moderat budsjett vil sei at eg har heilt gjennomsnittleg inntekt, ungar og skal renovera heile bustaden. Me har derfor avgrensa høve til å investera i "luksus". 

Eg vil gjera så mykje som mogleg sjølv. Me har elektrikar som skal ta installasjon. Så sant det ikkje er særs mange ekstra timar for elektrikar, trur eg meirkostnaden kun skal vera dyrare og meir utstyr. Eg håpar det ikkje vil kosta så alt for mange tusen ekstra. 

 

Ok, lys først. Korleis gjer eg det? 

Kva utstyr treng eg? 

Er det noko eg må tenka på mtp el. installasjon? 

 

Så rørslesensorar. Fibaro sine? Er det nokon rimelegare eller betre alternativ? 

 

Deretter varme. Kva er virtuelle termostatar? 

Eg skal forøvrig leggja vbv sjølv, ellers utgår det pga kostnad. Eg har forstått det slik at eg treng aktuatorar som kan styrast med Z-wave e.l. Stemmer det? 

 

AV utstyr vert nok siste prosjekt (gulrot til far i huset?) Harmony hub ser veldig grei ut. Den kan koplast opp mot Hub for t.d. lysstyring? 

 

Generelle spørsmål:

Investera i utstyr først (t.d. Z-wave dimmarar o.l.), så bestemma meg for Futurehome, Homeseer eller ein av dei andre? 

 

Kan eg kjøpa noko utstyr no, for å testa det ut, for så å reinstallera det når huset er renovert? Me bur i huset no, og held for tida på utvendig. Er nok ei stund til me er skikkeleg i gang innvendig. 

 

Har t.d. ein lampe i gangen nede som gherne kunne vore styrt av rørslesensor. 

 

  • 0
Skrevet
10 timer siden, Komlo skrev:

Er 433Mhz enklare (meir begrensa)  og rimelegare enn Z-wave? 

Ja. Men går for Z-wave likevel, iallfall til lys og varme.

 

10 timer siden, Komlo skrev:

Ok, lys først. Korleis gjer eg det? 

Du får elektrikeren til å montere en Fibaro Dimmer 2 bak lysbryteren. :) 

 

10 timer siden, Komlo skrev:

Så rørslesensorar. Fibaro sine? Er det nokon rimelegare eller betre alternativ?

... eller Aeon Labs. Aeon Labs har fordelen at de kan kobles til fast strøm. Slipper batteribrydderi (og de blir en aktiv node i nettverket).

 

10 timer siden, Komlo skrev:

Deretter varme. Kva er virtuelle termostatar? 

En ikke-fysisk termostat. Altså en programsnutt som tar en temperaturmåling og justerer varmekilden ut fra det.

 

10 timer siden, Komlo skrev:

Eg skal forøvrig leggja vbv sjølv, ellers utgår det pga kostnad. Eg har forstått det slik at eg treng aktuatorar som kan styrast med Z-wave e.l. Stemmer det? 

Aktuatorene dine kan nok styres fra Z-wave, f.eks med "Z-water".

 

10 timer siden, Komlo skrev:

Den kan koplast opp mot Hub for t.d. lysstyring? 

Til de "store" pakkene (HomeSeer, OpenHAB, etc) kan den kobles direkte. Med f.eks. FutureHome må det gå gjennom IFTTT (dessverre).

 

10 timer siden, Komlo skrev:

Investera i utstyr først (t.d. Z-wave dimmarar o.l.), så bestemma meg for Futurehome, Homeseer eller ein av dei andre? 

Utstyr og Hub er uavhengig av hverandre, men et er greit å ha en hub når du tester utstyr.

 

10 timer siden, Komlo skrev:

Kan eg kjøpa noko utstyr no, for å testa det ut, for så å reinstallera det når huset er renovert?

Joda, det burde gå.

  • 0
Skrevet

Kjempegod hjelp, Moskus!

 

Det ser ut som dete skal gå an  få til.

Så då ser det ut som eg skal satsa på Z-wave. Dette bør eg kanskje supplera med noko som går på 433Mhz der eg ikkje har behov for funksjonaliteten ti Z-wave (IOM at det er billigare)? Er det då sensorar for registrering og slikt der dette er mest hensiktsmessig?

 

For t.d. lysstyring via sensor treng eg altså rørslesensoren og Fibaro dimmer 2 bak brytaren, som rørslesensor kan programmerast til å styra? Det er så enkelt?

 

Kan "alt" av smarthus installasjonar ettermonterast?

Eg ser det er mykje som går på batteri og mykje som vert montert bak eksisterande brytarar i same boks. Er det noko eg bør tenka på av installasjon før eg lukkar veggar? Noko som treng separat kabling, boksar og liknande? Eg vil helst ikkje angra på at eg ikkje installerte noko i ettertid.

 

Er det mogleg å styra stikk på ein ana måte enn Homeplug?

 

 

  • 0
Skrevet
1 time siden, Komlo skrev:

Dette bør eg kanskje supplera med noko som går på 433Mhz der eg ikkje har behov for funksjonaliteten ti Z-wave (IOM at det er billigare)?

Merk at det er litt "ekstra" med 433 MHz. FutureHome utgår f.eks. helt automatisk.

 

1 time siden, Komlo skrev:

For t.d. lysstyring via sensor treng eg altså rørslesensoren og Fibaro dimmer 2 bak brytaren, som rørslesensor kan programmerast til å styra? Det er så enkelt?

Ja, i de aller fleste systemer så er det så enkelt.

 

1 time siden, Komlo skrev:

Kan "alt" av smarthus installasjonar ettermonterast?

Vårt hus er fra 1967...

 

Når det er sagt så er det praktisk å tenkte på ved eventuelle renovasjoner. F.eks. hadde jeg lagt trekkerør til alle vinduer til rullegardinmotorer og trekkerør til strøm for bevegelsessensorer. Det blir jo penere da.

 

1 time siden, Komlo skrev:

Eg ser det er mykje som går på batteri og mykje som vert montert bak eksisterande brytarar i same boks. Er det noko eg bør tenka på av installasjon før eg lukkar veggar? Noko som treng separat kabling, boksar og liknande? Eg vil helst ikkje angra på at eg ikkje installerte noko i ettertid.

Det er en utfordring å tenke på "alt".

 

Har du f.eks. stikkontakt til julestjernen over vinduet? Trekkerør til bakhøyttlere? Til projektor?

Og ikke minst: Minst to nettverkskabeltrekk til alle rom?

 

1 time siden, Komlo skrev:

Er det mogleg å styra stikk på ein ana måte enn Homeplug?

Med et Fibaro eller Qubino relé i veggboks bak stikkontakt, f.eks. Bare vær obs på maks belastning.

 

 

1 time siden, Komlo skrev:

Kjempegod hjelp, Moskus!

Bare hyggelig. :) 

  • 0
Skrevet

433Mhz får eg då vurdera etterkvart.

 

Trekka straum til rørslesensorar der det skal inn skal eg hugsa på. Automatiske rullegardiner vert det nok ikkje hjå oss.

Eg sit for øvrig på jobb no og myser mot skjermen med lav sol midt i fleisen. Her er det automatiske rullegardiner med lyssensor Det fungerer så som så her.

 

Stikk over to stovevindauge har kona allereie bestilt:) Alt av lyd og bilete kabling skal leggjast skjult. Det gjorde eg i forrige hus og, men gløymde eit par hensyn, så det vart ikkje heilt 100%.

 

Det er planlagt dobbelt nettverksuttak i stova og på kvart soverom. Kaaaanskje kjøkkenet og garasjen og, for å vera sikker.

 

Når det gjel styring av stikk, så kunne eg tenkt meg ein brytar for å kutta straumen til alle kontaktar i ein sone. Dette for at det skal vera lettvint og trygt. Dette kan for så vidt elektrikar leggja opp ein brytar til. Om eg faktisk har behov for å tidsstyra eller fjernstyra enkelte stikk veit ikkje.

 

Eg har forstått det slik at alt av utstyr skal fungera som normalt sjølv om nettet er nede, nettverket/ruteren ikkje fungerer eller om huben slutar å fungera. Stemmer dette for stort sett alt av utstyr? Det viktigaste er jo at alle brytarar og slikt kan nyttast manuelt, men vil t.d. tidsstyringa fortsatt fungera? Sensorar?

 

Z-wave er trådlaust. Opprettar det eige "z-wave nett" eller går det over wifi?

 

  • 0
Skrevet
16 minutter siden, Komlo skrev:

Det viktigaste er jo at alle brytarar og slikt kan nyttast manuelt, men vil t.d. tidsstyringa fortsatt fungera? Sensorar?

Brytere fungerer. Tidsstyring vil nok ikke fungere (i utgangspunktet). Sensorer kan fungere, men jeg anbefaler det ikke (det er lettere og gir flere muligheter å håndtere det i "hjernen" istedenfor).

 

Men det er jo ikke et alternativ at hjernen er nede, med mindre du f.eks. går for SmartThings eller FutureHome og internett detter ut.

 

17 minutter siden, Komlo skrev:

Z-wave er trådlaust. Opprettar det eige "z-wave nett" eller går det over wifi?

Z-wave bruker 868,42 MHz i Europa. Forstyrrer ikke wifi. :) 

  • 0
Skrevet

Futurehome er avhengig av internett? Om det er tilfelle, utgår Futurehome som kandidat for min del. SmartThings utgår og, då det er Samsung.

 

Er det alternativ som er kun lokalt, ikkje avhengig av internett?

 

For meg (for å få overtydd kona, som er skeptisk) er det aller viktigaste eit robust system. Det må rett og slett alltid fungera og vera lettvint. Alt må i tillegg lett kunna overstyrast manuelt.

  • 0
Skrevet (endret)
15 minutter siden, Komlo skrev:

Futurehome er avhengig av internett? Om det er tilfelle, utgår Futurehome som kandidat for min del. SmartThings utgår og, då det er Samsung.

 

Er det alternativ som er kun lokalt, ikkje avhengig av internett?

 

For meg (for å få overtydd kona, som er skeptisk) er det aller viktigaste eit robust system. Det må rett og slett alltid fungera og vera lettvint. Alt må i tillegg lett kunna overstyrast manuelt.

 

HS3 trenger ikke internett.

 

Jeg kjører hele mitt system kun fra egen server av sikkerhets messige grunner.

Styrer Somfy (RTS) blending. (Trenger ikke Tahoma) (kan it ilegg styres med Somfy medfølgende fjernkontroll)

Styrer Philips HUE uten Philips GW, bruker deConz. (Kan i tillegg styres med fysisk av på knapp)

Styrer Ikea uten Trådløs IKEA HUB, bruker deConz. (Kan i tillegg styres med fysisk av på knapp)

Styrer alle Z-wave enheter (Dimmere, dør) (Lys kan i tillegg styres med fysisk kablet impulsbryter, dør fra lås)

Leser Clas Ohlson og andre 443 enheter. ( Tempratur, sene aktivering, bevegelse) 

Det inkluderer D-Link cam til og med. (Trenger ikke medfølgende programvare som har kopling mot sky)

 

Kona di har grunn til å være skeptisk :)

 

Endret av Odd
  • 0
Skrevet

Kva er HS3? 

 

Skepsisen er sunn. Ho er generelt skeptisk til ny teknologi. Forsåvidt og sunt, då det ikkje er alltid det fungerer. Men og litt frustrerande for meg som tykkjer teknologi er spanande. 

 

Eg er skeptisk til om det er solid/stabilt nok,  om det er framtidsretta (fungerer om 20 år), skeptisk til bruk av nettet, dela informasjin, abonnement osv. 

 

Forøvrig veit eg ingenting om produkta/løysingane du nemner, Odd?

  • 0
Skrevet
1 time siden, Komlo skrev:

om det er framtidsretta (fungerer om 20 år)

Utstyret du kjøper i dag, vil ikke være det samme du bruker om 20 år. Dersom det er forventningen, så bør den justeres... :)

Du kjøper ikke en mobiltelefon med forventninger om at den skal fungere om 20 år. Men du velger neppe å droppe mobiltelefon av den grunn. Samme prinsippet gjelder for smarthus.

 

Konseptet om å automatisere huset vil derimot være en selvfølge om 20 år. Sannsynligvis om 10. Kanskje om 5. Mange ser vel på det også som en selvfølge i dag.

  • Like 2
  • 0
Skrevet

Ser den med at eg ikkje kjem til å sitja med nøyaktig same utstyr om 20år. Eg vil derimot unngå å verta "tvungen" til utskifting pga stadig nye standardar, eller å ha huset propoa med utstyr som må sjrotast fordi firma er konkurs. 

 

Ein dimmar er no ein dimmar, og bør fungera til eg evt ønskjer å skifta. 

 

Homeseerskulen skal eg sjekka ut. 

  • 0
Skrevet

Jeg har utstyr som er over 15 år gammelt basert på en standard som heter X10.
Den støttes fremdeles av HS3 (Homeseer) men er egentlig litt utdatert på grunn av at den har dårlig støtte for toveis kommunikasjon.

Jeg har enda ikke funnet en protokoll eller standard om du vil som ikke støttes av HS3, systemet er rett og slett best der.

Det finnes nok noen proprietære systemer som ikke støttes, men da er det heller ingen andre systemer som støtter de.

Homeseer har vært i markedet siden 1999 og har en veldig stor brukermasse som ikke bare benytter systemet men også utvikler det

Fordelen er at du kan teste de fleste systemer uten lisens, men du trenger noe å test.

Jeg ville kjøpt inn utstyr som er basert på z-wave standarden, den har et velutviklet standardiserings system og støtter toveis kommunikasjon.

Jeg ville ikke valgt et styresystem som ikke støtter z-wave, og det finnes en del av de.

Noen kan du kjøpe ferdiginstallert på en server, andre installerer du selv enten på en pc med Linux eller Windows eller en Raspberry Pi.

Velg et system som kjører på et operativsystem du kjenner.

  • 0
Skrevet

Knallgode tips!

 

Z-wave har for meg sett ut som det beste alternativet sidan eg starta å snusa på automasjon.

 

Homeseer ser unekteleg allsidig ut. Men eg er redd for at for meg, som datt av lesset når det gjeld teknologi/pc for nokre år sidan, er terskelen riiimeleg høg for å få til dette IOM at det ikkje er intuitivt i det heile (ref. Homeseerskolen del 1).

Når det er sagt, har eg fortsat min gamle stasjnære pc med win 7, som eg tok med i flyttelasset mtp at den kunne nyttast som ein slags server. Den vart stort sett kun nytta som A/V server dei siste åra.

 

Treng eg kun programvaren om eg skal nytta PCen?

  • 0
Skrevet
16 minutter siden, Komlo skrev:

Men eg er redd for at for meg, som datt av lesset når det gjeld teknologi/pc for nokre år sidan, er terskelen riiimeleg høg for å få til dette IOM at det ikkje er intuitivt i det heile (ref. Homeseerskolen del 1).

Det er ikke intuitivt, men det er derfor HomeSeer-skolen finnes: Det var hele motivasjonen for å skrive den. :)

 

Det er derimot logisk, så hvis du har hodet sånn noenlunde med deg så får du det til! ;) 

  • 0
Skrevet

Eg KAN nok få det til med HS3:) Guiden din var veldig fin, Moskus.

 

Huben til t.d. Fibaro og Futurehome er altså eksterne datamaskiner som køyrer deira programvare og har innebygd antenna for Z-wave? Desse koplar ein då til PC? ruteren? internett? for å programmera?

Alternativt kan ein kjøpa kun programvara, som HS3, som ein køyrer direkte på datamaskin? Då treng ein i tillegg t.d. UZB1?

Kva er UZB1? er det "dingsebomsen" som gjer det mogleg for pcen min å kommunisera via Z-wave, som ei antenna? Og så kan eg kjøpa ein ana usb "dingseboms" for å kommunisera via 433Mhz?

Er eg heilt på jordet no?

  • 0
Skrevet
1 minutt siden, Komlo skrev:

Alternativt kan ein kjøpa kun programvara, som HS3, som ein køyrer direkte på datamaskin? Då treng ein i tillegg t.d. UZB1?

Kva er UZB1? er det "dingsebomsen" som gjer det mogleg for pcen min å kommunisera via Z-wave, som ei antenna? Og så kan eg kjøpa ein ana usb "dingseboms" for å kommunisera via 433Mhz?

 

Stemmer. :)

UZB1 er den "pinnen" som står i PCen og sender kommandoene til Z-wave-enhetene (på 868 MHz).

For 433 MHz-enheter kan du bruke f.eks RFXtrx433E (som også kobles til med USB):

https://www.tronika.no/no/interface/38-transceiver-rfxtrx433e.html

 

  • 0
Skrevet

No vart eg jaggu klokare i dag og:)

 

Og desse kallar ein altså "Interface"?

 

Om eg no grev fram den gamle pcen min, installerer HS3, pluggar i UZB1, brukar dei neste 20 månadslønene på fibaro dimmarar, sensorar og brytarar, koplar alt opp, får det til å fungera med nattsenking av temperatur, tidsstilling av lys og gode greier, så kræsjer den gamle pcen med HS3 på. Kva skjer då? Fortset alle scenario å gå som normalt? Stoppar det, så eg er tilbake til kun manuell styring? Kan eg skrota pcen, kjøpa ny installera HS3 og fortsetja programmeringa der eg slapp?

 

Må denne pcen alltid vera påslått for at ting skal fungera? Eg har tidlegare hatt den konstant på, men i dvalemodus. Eg brukte Wake on Lan for å lesa av musikk og videofiler.

 

Korleis progammerer eg på denne pcen? Må eg gjera det fysisk på pc, eller kan eg gjera det frå laptoppen i stova via nettverket eller internett?

  • 0
Skrevet
3 minutter siden, Komlo skrev:

Og desse kallar ein altså "Interface"?

Jepp. Det brukes litt om hverandre med ordet "controller".

 

Men skal man være teknisk så er "interface" kun for kommunikasjon, mens "controller" også inneholder programvare for håndtering og automasjon.

 

4 minutter siden, Komlo skrev:

Kva skjer då?

Du setter opp backup'en du tar daglig på en annen PC, så er du oppe og kjører på noen minutter.

 

4 minutter siden, Komlo skrev:

Fortset alle scenario å gå som normalt?

Nei. Uten hjerne, ingen reaksjon. 

 

5 minutter siden, Komlo skrev:

Må denne pcen alltid vera påslått for at ting skal fungera?

Alltid være på. Og våken.

 

I første omgang kan du sette opp HomeSeer 3 på en Raspberry Pi hvis du synes det blir litt omfattende med en PC, men det krever muligens litt mer teknikk. En Zee2 er en boks med HS3 ferdig installert. Den er veldig hendig, men hvis du vil oppgradere til en PC senere (gjerne fordi du begynner å få mange enheter, eller vil installere mer enn 5 plugins) så må du da kjøpe HS3 på ny...

 

7 minutter siden, Komlo skrev:

Korleis progammerer eg på denne pcen? Må eg gjera det fysisk på pc, eller kan eg gjera det frå laptoppen i stova via nettverket eller internett?

Når HS3 først kjører trenger du ikke sitte foran den skjermen. All konfigurasjon skjer via nettleseren.

  • 0
Skrevet

"Fortset alle scenario å gå som normalt?

Nei. Uten hjerne, ingen reaksjon. "

 

Eg antar at manuell styring fortsat vil fungera? Altså alle brytarar osv.

 

Eg er i utgangspunktet skeptisk til at det gamle vraket av ein pc må stå å dura og gå konstant for at ting skal fungera. I alle fall utan omfattande oppgradering. Eg er for så vidt skeptisk til å måtta ha ein pc gåande konstant i det heile. Det er mykje klur og mykje som kan gå galt. Og med mitt tålmod med pc er det vel fare for at den ryk ut vindauga når det oppstår problem. Då står eg fort utan "smarthus".

 

Kanskje komplett pakke med huv er tingen for meg, i alle fall i første omgang.

  • 0
Skrevet (endret)

Du kan bruke en Raspberry Pi, som kanskje er et vell så greit alternativ om du ikke skal kjøre andre tjenester.

Vil også trekke frem Domoticz som et godt og gratis alternativ.

 

41 minutter siden, Komlo skrev:

"Fortset alle scenario å gå som normalt?

Nei. Uten hjerne, ingen reaksjon. "

 

Eg antar at manuell styring fortsat vil fungera? Altså alle brytarar osv.

Det kommer an på løsningene du velger.

adaptere bak brytere vil nok være en løsning som tillater dette 

https://www.tronika.no/no/lysstyring/864-dimmer-zmnhdd1.html

Endret av Evelen

Bli med i samtalen

Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.

Gjest
Svar på spørsmålet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Lim inn uten formatering i stedet

  Du kan kun bruke opp til 75 smilefjes.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Tidligere tekst har blitt gjenopprettet.   Tøm tekstverktøy

×   Du kan ikke lime inn bilder direkte. Last opp eller legg inn bilder fra URL.

×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å gjøre denne siden bedre. Du kan justere dine innstillinger for informasjonskapsler, ellers vil vi anta at dette er ok for deg.