Zulboom Skrevet 25. desember 2018 Skrevet 25. desember 2018 (endret) Hei, Eg har 4stk slike pluggar i bruk til å styre mellom anna varmeomnar: https://www.kjell.com/no/produkter/elektro-og-verktoy/smarte-hjem/z-wave/fjernstrombryter/telldus-z-wave-fjernstrombryter-med-energimaler-p51018?showOffline=True På den eine pluggen så har eg fleire gonger opplevd at den har «hengt seg», dvs. den svarar ikkje på polling eller kommandoar (av/på) frå Homeseer. Dette har no skjedd igjen, og det er litt dumt, fordi akkurat no står den av, og eg er avhengig av varmeomnen som er tilkobla pluggen for å varme opp att leilegheita til når eg kjem tilbake frå ferie (helst før eg er heime att). Einaste måten å fikse pluggen på har vore og plugge den ut og inn att (have you tried turning it off and on again?), men det er enklare sagt når eg ikkje er heime. Eg har heldigvis ein i reserve liggande, og denne blir nok sett inn med ein gong eg er heime att. Er det fleire som slit med det samme, enten med Homeseer eller andre system? Har de tips til noko eg kan gjere for å få kontakt med pluggen att utan å plugge den ut og innatt? Edit: Kan legge til at nettverket har vore optimalisert fleire gonger etter alle kunstens (Moskus’) reglar. Får negativt resultat frå «Connectivity test» under Z-wave-fana på Root-devicen til pluggen. Fungerer fint på tilsvarande plugg på soverom. La til bilete frå logg. Soverom fungerar fint, medan stove er den eg slit med. Endret 25. desember 2018 av Zulboom Div tilleggsinfo. Siter
Moskus Skrevet 26. desember 2018 Skrevet 26. desember 2018 Selv om du har optimalisert kan det være et deknignsproblem. Hvor mange noder har du? Siter
Zulboom Skrevet 27. desember 2018 Forfatter Skrevet 27. desember 2018 13 nodar (om eg hugsar rett) på ei flate på 70m2, der 3 av nodane er slike Telldus-pluggar. Pluggen med problemet er plassert ca 3m frå UZB1, og har fri sikt. Siter
Zulboom Skrevet 28. desember 2018 Forfatter Skrevet 28. desember 2018 13stk er aktive nodar, dvs. dei som er drivne av nettspenning. 2stk (Fibaro røykvarslar og Fibaro multisensor) er batterinodar. Har forresten sett at min kjære bror, @bjornepappa, klaga på Z-wave-rekkeviddeytelsen til desse Telldus-pluggane i tråden under. Så fort eg kjem heim skal eg sette inn reservepluggen eg har liggande og sjå om det betrar seg. Siter
bjornepappa Skrevet 28. desember 2018 Skrevet 28. desember 2018 Stemmer at dei virkar for å ha litt dårlegare dekning enn mange andre, men 3 m bør ikkje akkurat vere problem. Kan også nemne at éin av fem no har takka for seg etter nokre månader på drift - vil ikkje kople inn verken lokalt eller via HS. Ingen kontakt frå HS i det heile tatt. Får sjå kor lenge dei resterande varer... 1 Siter
Zulboom Skrevet 24. januar 2019 Forfatter Skrevet 24. januar 2019 (endret) Kjapp oppdatering på denne (bedre seint enn aldri): Einaste måte å få gjenoppretta kontakt med pluggen var å ta den ut inn og ut att frå stikkontakten. Den responederte heller ikkje på trykknappen på pluggen før omplugginga. I tillegg har 2 andre slike pluggar hatt det same problemet, så enden på visa blir nok å sende inn att alle 5 eg bestilte. Litt dumt, men når eg brukar dei til tryggleik (utkobling av kaffitraktar etter 30min + kaffitraktar og varmeomnar skrus av ved brannalarm) og varmestyring (varmeomnar) vil eg ha pluggar eg kan stole på. Så då er spørsmålet: Kva type plugg bør eg kjøpe? Fibaro? Største last som skal styrast er ein 1400W varmeomn. Endret 24. januar 2019 av Zulboom skriveleif Siter
bjornepappa Skrevet 25. februar 2019 Skrevet 25. februar 2019 bjornepappa skrev (På 28.12.2018 den 14.55): Stemmer at dei virkar for å ha litt dårlegare dekning enn mange andre, men 3 m bør ikkje akkurat vere problem. Kan også nemne at éin av fem no har takka for seg etter nokre månader på drift - vil ikkje kople inn verken lokalt eller via HS. Ingen kontakt frå HS i det heile tatt. Får sjå kor lenge dei resterande varer... Ekspander Og no daua nr. 2. Henvendelse sendt tim Kjell & co og returlapp mottatt, men det blir litt kjedelig i lengden.... Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.