Ole Morten Skrevet 24. april 2020 Skrevet 24. april 2020 Hei, Eg har eit Z-Wave-nettverk med ein Aeotec Z-Wave gen 5 USB-stick, og køyrer Home Assistant 0.108.6, med desse dingsane: - 3 Fibaro Dimmer 2 - 6 Z-TRM2FX - 1 Z-TRM - 1 WALLC Utanom Z-Wave har eg òg ein Trådfri-gateway med cirka 10 pærer. WALLC-knappane er knytta til automations, men responsen på desse er av og til veldig treg. Trådfri-pærene reagerer som regel raskt, på mindre enn 1 sekund, men Fibaro-dimmerane er veldig trege, kanskje bortimot 1 minutt på det verste. Vedlagt ligg to utsnitt av OZW_Log.txt. Node 7 er WALLC, node 3 og node 8 er to av dimmerane. - all-off.txt der alt slo seg av på 0.7 s frå første "Received" til data er "delivered" til både 3 og 8 - all-on.txt der det tok 10 s frå første received til siste "delivered". I loggen er det fleire plassar gap på 4 sekund mellom det som skjer - kva kan det koma av? Nokon teoriar om kva eg eventuelt kan gjera for å få det betre? all-off.txt all-on.txt Siter
Anbefalte innlegg
Bli med i samtalen
Du kan publisere innhold nå og registrere deg senere. Hvis du har en konto, logg inn nå for å poste med kontoen din.