Har hatt en samtale med fleire der, men dei trur og har formeninger.
Eg har sendt mail med spørsmål formulert slik:
Eg har tibber Pulse-måler som les ut effekt i sanntid frå HAN porten. Dette er grunnlaget mitt for berekning av snittforbruk.
Eg har 3spørsmål:
1. Når er inneværende periode? Er dette for eksempel 01.01.2020 til 01.02.2020?
2.Kvar vert timen med høgst forbruk målt og fakturert?
-Er det frå fast time: 17.00-17.59?
Om eg brukar 0 kWt frå 17.00-17.30 og 10kWt til 18.30 og 0 kWt frå 18.30 til 18.59:
Får eg 5kWt snittforbruk i time 17 og 5kWt snittforbruk i time 18?
-Eller er den dynamisk: Uansett 60minutt-periode i inneværande periode med høgast snitt, og vil bli fakturert med 10kWt snittforbruk på den skisserte perioden?
Eg stiller spørsmålet slik, for eg må definere logikken i datamaskina som skal styre forbrukerane mine i huset.
3.Kvar kan eg finne timeoversikt på min side, som viser registrert faktisk høgste snittforbruk i inneværende periode og kva time(60min periode?) som er målt?
Eg må ikkje ha svar i dag, men eg bør vite kva eg blir målt på og fakturert for.
Så får vi vente på tilbakemelding.