Vart inspirert av denne guiden og laga min eigen versjon med JSON. Takk til trådstartar.
Kode:
F8::UrlDownloadToFile, http://192.168.0.140/JSON?request=controldevicebyvalue&ref=424&value=100, C:\Users\abcd\efgh\Autohotkey\test.txt
F9::UrlDownloadToFile, http://192.168.0.140/JSON?request=controldevicebyvalue&ref=427&value=100, C:\Users\abcd\efgh\Autohotkey\test.txt
Istaden for å bruke kommando Run brukar eg UrlDownloadToFile, som utfører JSON-kommandoen utan at det opnast eit nytt nettlesarvindauge som seinare må lukkast. UrlDownloadToFile skriv istaden resultatet frå JSON-kommandoen til ei tekstfil som eg heller kan slette etter 1000 år når den er oppe i 1MB.
F8 = skru på ein virtuell device med device-ID 424 som triggar eit event som dimmar ned lyset i stova 10% vha. ein EasyTrigger-funksjon, og deretter skrur av den virtuelle devicen.
F9 fungerar på samme måte, men dimmar opp lyset.
F8 og F9 har eg satt til to knappar på Harmony-fjernkontrollen, som igjen er tilkobla PCen via Bluetooth og fungerar i praksis som eit Bluetooth-tastatur.
OBS! For at scriptet skal fungere må det køyre på PCen. For at det skal køyre automatisk ved oppstart av PCen, legg ein snarveg til scriptet i denne mappa:
C:\Users\<UserName>\AppData\Roaming\Microsoft\Windows\Start Menu\Programs\Startup
Autohotkey er visst fine greier.
Oppdatering: ein kan gjere det meir elegant ved å trigge event direkte med JSON-kommandoen "/JSON?request=runevent&group=GROUPNAME&name=EVENTNAME" istaden, og dermed sleppe den virtuelle devicen. Meir om JSON-kommandoar som kan nyttast med HomeSeer kan ein lese om Homeseer sine support-sider (trykk JSON Control Interface --> Controlling with JSON i venstre marg).