HomeSeer 3 hos oss. Har laga veldig enkle events for å halde effekten nede, 4 trinn.
Ikkje så avansert, men ser ut til å vere i kategorien "godt nok".
Logikken:
P>8 kW 3 minutt ->Effektstyring til Trinn 1
P>8 kW 4 minutt ->Effektstyring til Trinn 2
P>8 kW 5 minutt ->Effektstyring til Trinn 3
P>8 kW 6 minutt ->Effektstyring til Trinn 4
...
P<6 kW 3 minutt->Effektstyring til Trinn 0
Ved aktivering av Trinn 1, 2, 3 og 4 aktiverer eg andre events som styrer 2 vv-tankar og 2 soner med varmekabel, i prioritert rekkefølge.
Motsatt rekkefølge ved reversering når Effektstyring-devicen har stått på Trinn 0 (P<6 kW) i x minutt.
Området 6-8 kW er lagt som dødbånd for å unngå hyppig aktivering og deaktivering.
Har testa dette ei stund og meiner det fungerer ganske bra. Ingen effekttariff her enda, men om eller når det kjem så er ting på plass og det er enkelt å gjere småjusteringar. Brukte i første omgang 7 kW som grense, men det vart knapt i vinterkulda.