Du ser ut til å gape veldig høgt med éin gang, og då forstår eg at det kan bli eit ork å komme i gang. Mitt råd: Begynn enkelt, så kan du bygge opp systemet litt etter litt, raffinere, finpusse og utvide etterkvart. Når du får dreisen på ting og har fått testa litt ser du kva som fungerer bra og mindre bra, det tek du med i det vidare arbeidet.
Det kan sjå ut til at du vil gi gass med både Z-wave og Zigbee også, men mulig eg misforstår. Uansett - det kan være nok å begynne med éin av dei i første omgang. Eg har begge deler no, opplever Z-wave som meir stabilt, men høyrer at andre har like gode erfaringar med Zigbee.
Eg begynte med vv-tank styrt av TibberSeer-plugin samt ein dimmer i HomeSeer, og så vart det gradvis utvida. Det er fire år sidan, og det kjem stadig vekk nye ting i huset og eksisterande automasjon blir fortsatt finpussa på.