Skal du uansett automatisere belysning så kan det vere fornuftig å kjøpe multisensorar som detekterer både bevegelse, lysstyrke, temperatur, eventuelt luftfuktigheit m.m.
Vi har pussa opp stove og kjøkken og har gått over frå Fibaro Multisensor (med batteri) til Aeotec Multisensor 7 med fast power (USB/5V), det var bevisst for å slippe stadige batteriskifter. Begge desse to bruker Z-wave for kommunikasjon, og begge er stabile og gode valg etter min erfaring. Frå før har vi fleire Aeotec Multisensor 6 på fast power, som også har fungert knirkefritt over fleire år, men følsomheiten for bevegelse kunne vore betre (det er blitt betre på versjon 7).
Men vi har også ein heil drøss Aqara multisensor som detekterer temperatur og RH/luftfuktigheit. Desse fungerer veldig bra mot Conbee og deConz, som rapporerer vidare til HomeSeer i vårt tilfelle. Fordelen er at dei er langt billigare, men du må skifte batteri (ca. 1 gang per år etter min erfaring), men stabiliteten er veldig bra og dei er veldig plasseringsvennlige. Desse brukar Zigbee til kommunikasjon.