Då har eg fått til noko.
Hovudeinheiten som sit i kjellaren har to USB-kontaktar. Desse er merkte ACT1 og ACT2 (aktuator 1 og 2). ACT1 er i bruk til motorventilen som fysisk stenger, men ACT2 var ledig. Denne har konstant 5V ut, som er normalt for USB - men den gir også 12V ut - så lenge status er satt til "On", altså så lenge alt er ok (ingen lekkasje) og motorventilen skal vere open. Ved detektert lekkasje eller straumbrot (mista 12V inn på hovudeinheit) kuttar den også 12V ut på USB-portane.
Eg kopla 12V frå USB-utgangen som styrestraum på eit relé, og kopla så NO-kontaktsettet på reléet mot ein digital inngang på NodeMCU som frå før overvåka temperatur på vv-tanken som står like ved. NodeMCU har dermed overvåking på om ventilen stenger, og det blir sendt pushvarsel dersom dette skjer.
Eg får ikkje til å styre ventilen via 433 MHz, men ved straumbrot mistar den som sagt 12V ut, og då stenger motorventilen. Har difor satt inn eit 230V Z-wave plugin-relé som kan styrast frå HomeSeer før straumforsyninga til hovudeinheiten, og dermed er det enkelt å automatisere vannstenging f.eks ved feriemodus og det kan også styrast manuelt frå telefon eller kjøkkenskjermen 🙂
Bilde 1 viser hovedeinheit der det er henta ut 12V styrestrøm på den svarte/grøne USB-kontakten.
Bilde 2 viser NodeMCU og blått relé som blir styrt av 12V styrestrøm og som igjen styrer D1 på NodeMCU.
Bilde 3 viser kjøkkenskjermen, med vatnet som to devicer under "Av og på". Skjermbildet er fortsatt under oppbygging etter oppussing av kjøkken.