Vi har to varmtvasstankar, begge står i kjellar der spillvarmen i beste fall kjem bittelitt til nytte om vinteren, ellers er dette å rekne som tap. Sidan dei står i kjellaren er det god plass og ingen problem om dei ikkje er direkte pene å sjå på.
Har tenkt på om det er noko særleg å hente på å etterisolere tankane med å rulle rundt f.eks 10 cm glava/rockwool. Vi driv med oppussing, så eg tok i dag litt resteisolasjon og isolerte toppen på den nyaste tanken, det er av typen med lokk oppå. Det vart 10 cm rockwool, og resultatet av tempmålingen ser veldig positivt ut allerede - ca. 4 grader stigning (og det stig fortsatt) uten at reléet har kopla inn. Her er målinga utvendig på røyret som går inn/ut av tanken. Det var frå før isolert med skumisolasjon.
Andre som har gjort noko tilsvarande, eventuelt rekna på reduksjon av varmetapet?