Eg fekk det til!
Det var ein nyare versjon av z-wave plugin tilgjengelig (3.0.11.0), oppdaterte til denne og tok ny rescan og då dukka resten av child-devicane opp.
Eg har ordna meg med HS4-lisens, men har per no ikkje sett nokon store fordeler med å oppgradere. Til no var dette det aller første tilfellet av trøbbel med inkludering av z-wave, og det løyste seg denne gongen òg. Det stemmer med prinsippet at z-wave skal vere z-wave med krav til kompabilitet på tvers av ulike fabrikat - i motsetning til zigbee der det kan vere ganske bob-bob om det fungerer på tvers eller ei.
Eg har ein heil del NodeMCU-kort til bl.a. garasjeportovervåking, temperaturmålingar m.m., og samtlige av desse må rekonfigurerast ved overgang til HS4, då HS3-plugin ikkje er støtta av HS4. Så dette er den største og viktigaste grunnen til at eg ikkje har oppgradert. Fordi resten fungerer faktisk knirkefritt.