Gå til innhold
  • Bli medlem
Støtt hjemmeautomasjon.no!

Garegaupa

Medlemmer
  • Innlegg

    132
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    3

Garegaupa vant dagen sist 19. desember

Garegaupa hadde mest likt innhold!

Hjemmeautomasjon

  • System
    Homey

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

Garegaupa sine prestasjoner

Bitfikler

Bitfikler (9/16)

  • Samarbeidspartner
  • Første innlegg
  • Reagerer godt
  • Samtalestarter
  • Uke én ferdig

Nylige merker

25

Nettsamfunnsomdømme

  1. Høyrast noko ut som min historie med Futurehome, det der, bortsett frå at det vart fem år med prøving og feiling der. 😅 Futurehome-gjengen gjorde ein kjempeinnsats for å få det til, men det gjekk ikkje. Heilt klårt. Eg har som sagt slite med Futurehome, medan eg har prata med andre som det fungerer prikkfritt for. Ingenting er perfekt, sjølv om graset ofte verkar grønar på andre sida av gjerdet. 😅 Så langt har eg vel fått over snautt tredjeparten av alle einingane mine frå FH til Homey, og bortsett frå noko småplukk så fungerer Homey heilt upåklageleg så langt. Vonar det held fram slik. 😊
  2. Takk for svar, @JoeHugin! No er det noko "for seint" for min del, eg har kjøpt ein Homey og er i full gong med å flytte over alt frå FH. 😊 Keisamt at du har hatt såpass dårlege erfaringar med systemet. Hadde du eit stort anlegg med mange einingar, eller har du elles nokon teoriar om kvifor det vart så mykje feil?
  3. Verdt å sjekke, ja. Eg har backup av FH, så viss det går an å få over så hadde det sjølvsagt forenkla ting veldig. 👍
  4. Veldig gode innspel, mange takk! 😀👍
  5. Vurderte HA, ja, men konkluderte vel i grunnen med at ut frå min noverande livssituasjon så treng eg noko som krev minst mogeleg arbeid, og berre fungerer ut av boksen. Akkurat no ser eg mørkt på berre den jobben det er å ekskludere alt frå FH og inkludere det i nytt system... 😅
  6. God dag! Etter fleire års problem og frustrasjon med Futurehome begynner både eg og resten av husstanden å få nok. Me har begynt å sjå oss om etter alternative løysingar. Så langt så ser eg på Homey Pro som det beste alternativet med tanke på produktstøtte samt ein god balanse mellom UI og avanserte mogelegheiter. Det er grei pris på desse via Tibber denne veka, men før eg trykkjer på "bestill"-knappen så har eg nokon spørsmål: 1) Me har eit temmeleg stort nettverk, med cirka 140 einingar på Z-Wave, cirka 10 på Zigbee, og nokon få andre utanom (Netatmo, Tibber...). Det er nok dette som har skapt mykje av problema våre med Futurehome. Kan me vente oss ei betre oppleving med Homey? 2) Eg har sjekka kompatibiliteten med Homey på det utstyret me har, og det ser ut til at alt skal fungere. Det eg ikkje har funne ut av er Futurehome sine røykvarslarar og lekkasjesensorar. Er det nokon som har prøvd desse opp mot Homey? På førehand takk for svar! 😀👍
  7. Takk for tipset, men eg vil helst ha noko som kan monterast i 19" rack. Men å ta ein kikk på Finn.no er nok ikkje så dumt! Takk, greitt å vite!
  8. Me har ein UniFi Security Gateway Pro 4 i heimenettverket som er i ferd med å ta kvelden. Garantien er diverre utgått for eit halvt års tid sidan, så her er det nok berre å belage seg på å kjøpe nytt... Det eg lurar på er om eg skal kjøpe ein ny USG Pro 4 (billegaste pris på Prisjakt.no kr 3 318,-) eller gå for ein Dream Machine Pro i staden (billegaste pris kr 5 318,-). Per i dag har eg ein UniFi Cloud Key som styrer systemet, denne kan eg så vidt eg forstår kaste ut viss eg går over til ein Dream Machine Pro? Eg vurderer òg på sikt ein G4 Doorbell Pro PoE, og då er det vel òg gunstig å ha Dream Machine Pro (med tanke på at ein kan installere ein HD i denne). Som de sikkert skjønar så hallar eg mot Dream Machine Pro, men vil gjerne høyre om nokon meiner det er to tusen bortkasta kroner med differansen mellom dei to alternativa? I tillegg til dei tinga eg nemner over her så tenkjer eg litt på kva som har framtida føre seg. Dessutan får eg gjerne selt Cloud Key på Finn.no for å utlikne noko av prisdifferansen. (Noko på sida: Er det nokon som har gode erfaringar med å kople fiberen frå Altibox rett i Dream Machine Pro og hive ut Altibox sin heimesentral?)
  9. OK, då er eg tydelegvis ikkje den einaste som slit med dette. Det som var så greitt med den nye er at det vart noko meir "plug and play" i høve til at eg har sett Altibox-heimesentralen i brumodus og brukar UniFi Security Gateway Pro 4 i staden. Då treng eg ikkje å tenkje på oppsett i høve til kva som er kopla til kor. Men viss ikkje eg får Modell A til å fungere betre for meg i tida framover så vurderer eg sterkt å byte attende til Q22 sjølv.
  10. Me oppgradera for ei tid sidan frå Huawei Q22 til Altibox Modell A heime hjå oss. Eller, oppgradering og oppgradering, fru Blom... Me har store problem med stabiliteten på Modell A. Spesielt er NRK-appen syndaren. Denne hengjer seg opp eller krasjar heile tida. Dessutan opplevast heile dekodaren generelt veldig treg. Me har prøvd det meste av forslag frå Altibox kundestøtte, inkludera å byte både kablar og heile dekodaren. Ingenting har hjelpt. Er det fleire som opplever dette? Sjølv om eg ikkje er nokon Huawei-tilhengjar så kjenner eg at eg saknar Q22...
  11. Ingen? 😊 Det skal visst ikkje vere enkelt å finne ut av dette her... 😅
  12. Hei, folkens! Eg er på utkikk etter å finne ein vegg- eller takmontera viftekonvektor som kan passe i hop med ein MCO Home Fan Coil Thermostat for Z-Wave: https://www.proshop.no/Smarthus/MCO-Home-Fan-Coil-Thermostat-2-pipe/2719201 MCO Home vil ikkje svare på dette, og røyrleggjaren eg brukar slit med å finne ut av det. Så vidt eg skjønar så treng eg ein enkel, "dum" viftekonvektor som har innstillingane av/på og låg/medium/høg vifteinnstilling. Eg har kikka på noko forskjellig, men korleis kan eg vite sikkert kva som vil fungere og ikkje? Flott viss nokon her har nokon innspel som kan få meg vidare i prosessen, og/eller har personleg erfaring med noko som fungerer.
  13. Takk for svar, folkens! Leiinga i selskapet gjekk for den enkle løysinga med å berre kjøpe inn nye Mill-pluggar og krysse fingrane for at det går bra så lenge som mogeleg... Men då har eg i alle fall gjort mitt, samt at eg har ein indikasjon på kva eg vil satse på sjølv og ikkje når det måtte verte aktuelt.
  14. Heisann! Me har eit gammalt kontorlokale som berre er i bruk delar av vinterhalvåret. Når der ikkje er folk på jobb der så er det ynskjeleg at temperaturen berre står på eit absolutt minimum for å unngå at vatnet frys, men det er ynskjeleg å kunne justere temperaturen via app slik at ein kan få skrudd opp varmen i grei tid før ein kjem på jobb. Mogelegheit for nattsenking er òg ynskjeleg for å spare straum. Fram til no har me løyst dette med bruk av dei opphavlege, gamle panelomnane og smartkontaktar frå Mill. Dette har synt seg å vere ei veldig dårleg løysing. Mill-pluggane ramlar ut av nettet rett som det er, og fleire av dei har plutseleg berre slutta å fungere. I tillegg har me opplevd dei som tungvinne å setje opp. Me ser føre oss at løysinga no må vere å byte omnar til noko med innebygd Wi-Fi og appstyring. For min del må eg seie at eg har fått Mill langt opp i halsen basera på dei problema me har hatt. Men Mill-omnar med alt innebygd er kanskje betre enn desse pluggane? Er det andre merke som er betre? Eg veit i farten om Adax og Nobø, er desse meir stabile enn Mill? Med Nobø må ein vel ha ein eigen hub?
  15. Eg har no over lengre tid prøva å inkludere ein EasyAccess-lås med Zigbee-modul i Futurehome. Denne låsen står på ei dør i kjellaren. No har eg prøva alt mogeleg, inkludert byte av Zigbee-modul, men klarar ikkje å få inkludert låsen. Eller, rettare sagt, eg får inkludert den viss eg tek smarthuben med meg ned i kjellaren og den står "oppå" låsen under inkludering, men så snart eg flyt huben tilbake til der den skal stå (i andre etasje) så får den ikkje kontakt meir. Eg har fleire Zigbee-einingar på fast straum i nærleiken. Avstanden mellom hub og lås er kanskje 10-11 meter, maks. Då må signalet gjennom to tregolv og ein trevegg. Eg har ingen problem med å få kopla opp verken Z-Wave eller Zigbee elles rundt i huset, men med ein gong eg kjem ned i kjellaren skjer det noko rart. No i dag prøvde eg å setje huben på golvet i stova. Då er den cirka to meter frå smarthuben, gjennom eitt tregolv. Ikkje tale om at den klarar å få kontakt og inkludere låsen. Det eg la merke til i dag som var noko snodig er at eg får null Wi-Fi-signal på telefonen i kjellaren (i stova, rett over kjellaren, har eg omtrent fullt signal). Det får meg til å tru at her er ein samanheng sidan både Wi-Fi og Zigbee nyttar 2,4 GHz-bandet. Men kva i den vide verda kan det vere med denne kjellaren som gjer at alt av signal vert stoppa på denne måten? Kjellarmurane er ein kombinasjon av lecablokkar og innmura naturstein. Eit par plassar er dei metertykke, men taket over kjellaren er i tre, og signalet treng ikkje gå gjennom mur nokon plass for å nå smarthuben. I golvet er det vassboren varme. Dette er same typen golv som signalet ikkje har noko som helst problem med å gå rett gjennom elles i huset. Er det nokon som har den minste aning om kva som kan skape slike problem som dette? Det einaste eg kan tenkje meg er at der er ein ståldragar oppunder kjellartaket, men denne skal då ikkje kunne suge til seg alt av signal på mystisk vis? 🤔 Rekkjevidda mellom hub og lås er vel ein tiandedel av det Zigbee teoretisk skal kunne klare, så det bør ikkje vere noko problem (reknar ein med andre Zigbee-einingar på fast straum som kan fungere i mesh så kan ein halvere denne avstanden). Alle forslag og idear vert mottekne med takk! 🙂 Eg kjenner eg begynner å verte rimeleg rådvill no...
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å gjøre denne siden bedre. Du kan justere dine innstillinger for informasjonskapsler, ellers vil vi anta at dette er ok for deg.