Garegaupa
Medlemmer-
Innlegg
132 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
3
Innholdstype
Profiler
Forum
Blogger
Nedlastninger
Artikler
Regler
Hendelser
Galleri
Store
Alt skrevet av Garegaupa
-
Spørsmål til dei som brukar Altibox Modell A
Garegaupa svarte på Garegaupa sitt emne i Annen Elektronikk
Eg kan stadfeste dette. Det er slik eg har det per i dag. Så eg har to kablar ut frå sentralen, ein inn på UniFi USG (Internett) og ein inn på UniFi-svitsjen (fjernsyn), og så sender eg fjernsynssignalet ut på eige VLAN. Så slepp ein tydelegvis dette med Modell A. -
Spørsmål til dei som brukar Altibox Modell A
Garegaupa svarte på Garegaupa sitt emne i Annen Elektronikk
Hm, greitt å vite. Takk for innspel! 😃👍 -
Heisann! Eg vurderer å byte frå Altibox Q22 til Altibox Modell A. I den samanheng så er det to ting eg lurar på: På nettsidene til Altibox står fylgjande: "OBS! Dersom du ønsker kablet tilkobling når hjemmesentralen din står i bromodus (Sjekk på Mine sider), så må boksen ha kablet tilkobling til utstyret (Google Nest, ekstern router, switch etc.) som er tilknyttet internettporten på din hjemmesentral." Eg har per i dag sentralen i brumodus grunna at eg brukar UniFi-utstyr. For Q22 må eg difor bruke VLAN for å få kopla denne til ein fjernsynsport på sentralen. Er det rett oppfatta at eg ikkje vil behøve å gjere dette lenger med Modell A, altså at eg berre treng Internett-signalet og ikkje fjernsynssignalet? Er der i så fall nokon ulemper med å gjere det slik? Viss eg har gjort opptak av ymse fjernsynsprogram på Q22, vil eg framleis ha tilgang til desse viss eg byter til Modell A? Eg ville tru svaret er ja sidan dei er lagra i skya?
-
Er det nokon her som har prøva Victor Smart-Kill? Kunne tenkt meg ei elektronisk musefelle med app-varsling, og dette ser ut som det einaste alternativet her på berget. Eg ser den får litt dårleg omtale for byggjekvalitet, batteriforbruk i kulda (tenkt bruka i kald kjellar) og dårleg WiFi-rekkjevidde. Det kunne vore interessant å høyre viss nokon her har positive eller negative erfaringar med desse. 🙂
-
Modusbrytarane er selde. Då var det berre rekkjeviddeforlengjaren att. 😊
-
Hm, dette var ikkje greitt... 😕 Vonar dei enten ombestemmer seg, held systemet i live lenge, eller at nokon andre kjem opp med eit godt alternativ...
-
Stian sin introduksjon i smarte hjem med Futurehome
Garegaupa svarte på Stian_90 sitt emne i Futurehome
Dette er mi erfaring òg, på det jamne. 😊 Ting kan alltid verte betre, kjappare, smartare og flottare, men det gjeld vel alle system, og ikkje berre FH. Eg tykkjer dei er på god veg, i alle fall, og har ingen problem med å tilrå systemet til dei som måtte spørje. -
Då har eg redusera prisen på dei to modusbrytarane til kr 700,- for båe to. 😊
-
Takk for innspel! 😊 Då høyrast det ut som om dei skryter på seg litt angåande rekkjevidda... Som du seier så lyt eg nok berre prøve og sjå om det går eller ikkje. Så er det ikkje krise om eg ikkje får kopla låsen til smarthuben med ein gong, han fungerer trass alt heilt greitt sjølvstendig òg. Der kjem nok meir Zigbee-utstyr inn i huset etter kvart, så viss eg får problem så løyser dei seg nok sjølve på sikt.
-
Me tenkjer å skaffe oss ein elektronisk dørlås med Zigbee-modul. Dette kjem (i fyrste omgang, i alle fall) til å vere den einaste Zigbee-eininga me har i systemet vårt, alt anna er Z-Wave. Låsen må såleis kunne kommunisere direkte med smarthuben. Plasseringa av denne låsen vert vel nesten den verst tenkjelege i så måte: Han skal stå på ei kjellardør, cirka så langt unna smarthuben som det er råd å kome innandørs. Signalet må gå gjennom to etasjar (tregolv med vassboren varme i golva) og ein (tre)vegg. Det som gjer meg noko meir optimistisk er at eg ser at Zigbee skal ha mykje lenger rekkjevidde innandørs i forhold til Z-Wave (75-100 m vs. 9 m). Kva trur de som har meir erfaring enn meg med Zigbee? Bør eg kunne rekne med at dette går greitt? Eller bør eg belage meg på å leggje inn ein eller to andre Zigbee-einingar som repeatarar mellom låsen og huben?
-
Poenget for min del har å gjere med det bruksområdet dei er tiltenkt. Eg ynskjer å overvake straumforbruk på noko utstyr i Futurehome. For å få straumforbruket under rett kategori så må eg definere desse pluggane som klimastyring. Då risikerer eg at systemet begynner å tukle med dei automatisk. Det ynskjer eg ikkje, dette er ting som skal stå på konstant. Finst det ikkje så finst det ikkje, då kan eg enten droppe dette eller bruke Z-Wave-pluggar i staden. Grunnen til at eg ville hatt Zigbee er at eg begynner å få noko vel mange Z-Wave-einingar i nettverket mitt etter kvart, og kunne tenkt meg å spreie noko av trafikken over på Zigbee. 😊
-
For Fibaro Wall Plug (Z-Wave) går det an å setje eit parameter som sperrar på/av-funksjonen ("Always On"). Den vil då ikkje lenger påverkast av på/av-kommandoar som kjem via Z-Wave-nettverket. Dette gjer i praksis pluggen om til ein rein energimålar. Er det nokon som veit om ein Zigbee smartplugg med tilsvarande funksjonalitet?
-
Dette har eg aldri opplevd, og eg har temmeleg mange av desse. Sidan fastvare er oppdatera og du har prøva fabrikknullstilling fleire gonger så ville eg ha prøva meg på ein reklamasjon viss mogeleg.
-
Det er mogeleg at eg misforstår kva du meiner, men ein kan bruke batteribrytarar til å styre scenario via Futurehome-appen. Eg brukar ein Heatit Z-Push Button 2 til å styre ein Fibaro Wall Plug på denne måten.
-
Assosiasjonstrøbbel z wave bryter og fibaro dimmer
Garegaupa svarte på Thlian sitt emne i Futurehome
Eg må tilstå at eg gløymde dette noko vekk. Eg er bortreist i dag, men kjem truleg heim i morgon ettermiddag/kveld. Eg skal sjå om eg får logga meg på Thingsplex og laga ein kjapp guide for korleis ein kan lage assosiasjonar på den måten. Eg kan ikkje garantere at det fungerer, men det er gjerne forsøket verdt. 😊 -
Assosiasjonstrøbbel z wave bryter og fibaro dimmer
Garegaupa svarte på Thlian sitt emne i Futurehome
OK, skal sjå om eg ikkje kan kome med nokon små tips. 🙂 Eg er bortreist på jobb til og med onsdag kveld. Gje meg gjerne eit lite "spark på leggen" etter den tid for å minne meg på det. 🙂 -
Assosiasjonstrøbbel z wave bryter og fibaro dimmer
Garegaupa svarte på Thlian sitt emne i Futurehome
Ja, TP er ikkje akkurat sjølvforklårande. Eg skulle gjerne guida deg til kor du kan finne assosiasjonsmenyen innpå der, men eg er ikkje heime akkurat no, så eg får ikkje logga inn. Eg hugsar det heller ikkje i hovudet... 😉 Uansett så skulle det ha gått å få til via appen. Eg ville ha kontakta FH per telefon (51 20 44 54) eller E-post ([email protected]) og teke opp saka med dei direkte. -
Assosiasjonstrøbbel z wave bryter og fibaro dimmer
Garegaupa svarte på Thlian sitt emne i Futurehome
Har du berre prøva å setje opp assosiasjonen via appen, eller har du prøva via Thingsplex òg? -
sensative strips Erfaringer med Sensative Strips?
Garegaupa svarte på Reidar Gjertsen sitt emne i Z-Wave
I fylgje Sensative så er det òg slik at desse uansett begynner å vise 75 % seinast 2 år etter produksjonsdato (eller etter inkludering i Z-Wave-nettverket for nyare utgåver). Kvifor det er slik veit eg ikkje. -
sensative strips Erfaringer med Sensative Strips?
Garegaupa svarte på Reidar Gjertsen sitt emne i Z-Wave
Eg fekk erstatta eit heilt lass av desse på garantien grunna at dei gjekk tomme for straum på under eitt år. Der har visst kome ei oppdatera utgåve som fungerer betre enn dei eg hadde fått fyrst. -
Heisann! Eg har noko EnOcean-utstyr som eg har lagt ut for sal på Finn, men sidan det er snakk om såpass spesialisera ting så tenkte eg det kunne vere greitt å reklamere noko for det her. 😊 [SOLGT] 2 x Futurehome modusbrytar (Eltako FT55): https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=210443928 (kan seljast både samla og kvar for seg) 1 x Eltako rekkjeviddeforlengjar for EnOcean: https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=210443462
-
OK. Då begynner ting å verte klårare for meg. Slik som eg ser det så treng me nok ikkje å modifisere på anlegget for å gjere det smartare, me lyt berre lære oss å faktisk bruke det som det skal brukast... 😂 Slik er det når ting berre går på gamal vane utan at nokon eigentleg tenkjer så nøye gjennom ting... 😊 Takk for mange gode bidrag i denne tråden, folkens! Greitt å kunne nytte seg av den erfaringa som finst her på forumet. 👍
- 33 svar
-
- 1