
Garegaupa
Medlemmer-
Innlegg
134 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
3
Innholdstype
Profiler
Forum
Blogger
Nedlastninger
Artikler
Regler
Hendelser
Galleri
Store
Alt skrevet av Garegaupa
-
@Ingeb: Beklagar seint svar på denne, eg får skulde på sumarferie og mykje å gjere i førekant av denne... ? Eg har enno ikkje klara å finne ut korleis eg skal få til dette, men eg får prøve meg fram i neste friveke. Takk for innspela så langt, eg kjem nok attende til denne tråden viss eg ikkje finn ut av det snart, og så sant eg finn ut av kva eg faktisk skal spørje om... ? Ikkje ei enkel nøtt å knekkje, dette her...
-
Då har eg funne ein del feil eg hadde gjort, og kome fram til fylgjande config.gateway.json: { "interfaces": { "ethernet": { "eth0": { "address": "10.160.10.1/24", "description": "LAN", "duplex": "auto", "speed": "auto" }, "eth2": { "address": "dhcp", "description": "Internet", "duplex": "auto", "firewall": { "in": { "name": "WAN_IN" }, "local": { "name": "WAN_LOCAL" } }, "mac": "XX:XX:XX:XX:XX:XX", (<---MAC-adressa frå baksida av Altibox FMG) "speed": "auto" }, "eth3": { "address": "dhcp", "description": "IPTV", "dhcp-options": { "default-route": "no-update", "default-route-distance": "210", "name-server": "update" }, "duplex": "auto", "speed": "auto" } }, "loopback": { "lo": "''" } }, "protocols": { "igmp-proxy": { "interface": { "eth0": { "alt-subnet": "172.21.0.0/16", "role": "downstream", "threshold": "1" }, "eth3": { "alt-subnet": "172.21.0.0/16", "role": "upstream", "threshold": "1" } } }, "static": { "route": { "0.0.0.0/0": { "next-hop": "YYY.YYY.YYY.YYY" (<-- Gateway for Altibox FMG) }, "172.21.0.0/16": { "next-hop": "192.168.10.1" } } } }, "service": { "nat": { "rule": { "5010": { "description": "masquerade for WAN", "destination": { "address": "0.0.0.0/0" }, "outbound-interface": "eth2", "protocol": "all", "type": "masquerade" }, "5015": { "description": "masquerade for IPTV", "destination": { "address": "172.21.0.0/16" }, "outbound-interface": "eth3", "type": "masquerade" } } } } } Noko av det eg fann som var gale var at det ser ut som om portane på min USG Pro er noko annleis namngjevne enn vanleg: lan1 = eth0 (LAN) lan2 = eth1 (inaktiv) wan1 = eth2 (Internett - port 4 på FMG) wan2 = eth3 (IPTV - port 1 på FMG) Dette har eg retta i fila over, samt nokon skrivefeil og andre feil. Det som skjer når eg prøvar å leggje inn dette er at eg ikkje får USG-en til å akseptere denne json-fila. Eg legg ho inn, men USG-en vert berre ståande og spinne i ein såkalla "provisioning loop". Det er så langt som eg har kome. Det eg lurar noko på er om eg lyt opne opp WAN2-porten i UI eller ikkje? Viss ja så er eg noko usikker på kva eg skal setje inn her: Som de ser så kan eg for "Load Balancing" velje "Failover only" eller "Weighted LB". Men dette vert vel noko feil, då det ikkje er load balancing WAN2 skal brukast til i det heile teke? Skal eg berre la vere å gjere noko her? Eg vonar noko kan hjelpe meg på veg, det begynner å verte frustrerande å ikkje få dette til! ? @Ingeb og @cozmo, eg ser at de har mykje kunnskap om dette og har kome med mykje god informasjon i denne tråden. Eg har prøvd å fylgje det de har skrive så godt eg kan, men kjem som sagt ikkje vidare. Ser de nokon opplagde ting i det ovanfor som ikkje stemmer?
-
Då har eg akkurat prøva å kople Altibox FMG via min UniFi Security Gateway Pro. Det fyrste forsøket gjekk rett til skogs, for å seie det slik... ? Oppsettet eg prøva meg med er som fylgjer: Redigera 10. juni 2019: Sletta grunna feil i oppsettet, det er ingen vits i at eg let eit oppsett med feil i liggje her for å forvirre andre. ? Sjå innlegget mitt under her for det siste oppsettet eg har kome fram til. Dette er basera på eit opplegg som vart posta i denne tråden for nokon sider sidan, men eg skreiv det om att for å prøve å lære meg litt av denne kodinga. Så køyrde eg det gjennom ein såkalla "JSON-validator" og gjorde nokon endringar basera på det. Er det nokon her som ser kva som er gale? Eg er diverre rimeleg fersk på denne programmeringa her, mi særs avgrensa karriere innanfor programmeringsfaget bestod stort sett i å programmere HTML i Notisblokk i tenåra... ? Her er feilmeldinga eg fekk i loggen i UniFi: Dette seier meg ikkje så mykje, men kanskje nokon her får meir ut av det? Ut over det eg har gjort her med programmering av config.gateway.json så har eg slått på IGMP Snooping i switchen.
-
Heisann! Dette er kanskje ikkje 100 % direkte relatera til heimeautomasjon, men eg reknar med at det er ein del her inne som har nokon rimeleg godt utstyrte dataskåp. Såleis høver nok dette her ei aktuell målgruppe! ? Eg sel ein splitter ny Heilt ny BlueWalker PowerWalker UPS VI 2200 RLE grunna at det ikkje var plass til han i mitt dataskåp (grunna djupn). Sjå annonse på Finn.no for meir detaljar: https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=147496763 Viss nokon lurar på noko ut over det som står i annonsen så er det berre å kontakte meg her i denne tråden eller via PM. ?
-
He he, tillat meg å omformulere meg eit ørlite grann... ? Det kan ha ein viss verdi å kople ut slikt ved brannvarsel. Viss røykvarslaren på kjøkkenet begynner å merke noko så har eg lyst til at alt maskineri som står på og kan vere årsaka til røyken/varmeutviklinga vert slege av tvert. ? Men for all del, betre føre var, som du seier så er det greitt å kunne ta ein sjekk på om ein kom i hug å slå av kokeplata før ein reiser ut for å kløyve ved! ?
-
Ikkje eg heller. Eg såg det heilt tilfeldig no i dag, då eg hadde meg ein runde innom Facebook-sida deira for å sjå om eg kunne ha vore så heldig at Z-Dim var klart for lansering... ?
-
Dessutan har det ein viss verdi å kunne kople ut slike ting som dette her automatisk ved brann, skulle eg meine. ?
-
Strømbryter med effektmåling på stekovn, anbefaling?
Garegaupa svarte på mk1 black limited sitt emne i Z-Wave
Her er eit alternativ på 16 A frå Qubino: https://shop.futurehome.no/nb_NO/shop/product/smart-plug-16a-1943/ -
For dei som måtte vere interessera så ser eg at Heatit har kunngjort vegleiande utsalspris for Z-Dim på Facebook-sida si no for litt sidan: Dei seier at desse vil liggje på kr 790,- eks. MVA (altså kr 987,50 inkl. MVA). Då høyrast det altså ut som om der endeleg er ein Z-Wave vridimmar på gong som kan vere eit prismessig akseptabelt alternativ til Fibaro Dimmer 2 + impulsbrytar (i alle fall viss ein skal ha Bypass i tillegg)! ?? Nokon dato for når denne er klar har dei ikkje kome med enno (så langt eg kan sjå), men eg vonar det nærmar seg! ☺️
- 34 svar
-
- 2
-
-
Ja, det er det eg òg vonar, at når både Heatit og Q-Light (og kanskje andre?) kjem med tilsvarande produkt så vil kanskje prisane gå ned til eit meir akseptabelt nivå. ? Det er nok ei mager trøyst, men du er ikkje den einaste som har misforstått dette og/eller blitt skuffa over det... ?
- 34 svar
-
- 2
-
-
Jau, men ein må vel ha minst eitt slikt brytar- eller dimmarrele bak, og då vert det fort ein annan pris...?
- 34 svar
-
- 1
-
-
Du finn han til dømes her: http://support.sedevices.no/support/solutions/articles/7000040880-prisliste/ Ser fin ut, men kostar diverre ein arm og ein fot... ?
-
Skjønar. Takk for godt svar både her og i det andre innlegget du refererer til. ? Eg såg over saker og ting her tidlegare, og fann ut at eg (så sant eg ikkje har blingsa grovt) kjem til å ende opp med utelukkande Z-Wave Plus-einingar i systemet mitt, så då skjønar eg at ting i prinsippet skal ordne seg sjølv over noko tid. Når det gjeld spørsmålet mitt om å flytte ting rundt etter inkludering så tenkte eg ikkje på å flytte det rundt i "hytt og pine". Eg tenkte meir på at det er tilrådd å vere nær huben viss ein brukar sikker inkludering, for så å flytte den aktuelle dingsen til plassen sin etterpå.
-
Eg sendte akkurat ei melding til Fibaro om dette på Facebook. Eg fekk svar som forventa, men nytta då høvet til å "skjemme" dei noko og be dei om å gjere noko med dette i framtida. Viss mange nok gjer dette så kan det nok hende at dei snur på flisa etter kvart. Det er synd at ein ikkje skal kunne bruke denne mogelegheita for oppdatering av di enkelte produsentar skal sitje på kvar sin haug og berre promotere sitt eige...
-
Eg har søkt litt rundt på nettet for å finne svar på dette, men eg tykkjer ikkje den informasjonen eg har funne er heilt eintydig. Difor spør eg her: Stemmer det at viss ein har eit oppsett med berre Z-Wave Plus-einingar så er det ikkje noko behov for å optimalisere nettverket lenger? Viss ja på førre spørsmål, vil det seie at det ikkje har noko å seie kor einingane er reint fysisk under inkludering? Eg har tidlegare forstått det slik at alle einingar bør inkluderast så nær som mogeleg der dei faktisk skal stå. Er det slik at med Z-Wave Plus så kan ein berre inkludere kor som helst, og så finn systemet sjølv nye ruter viss ein flyt rundt på ting?
-
Skjønar. Takk for tipset, som du sikkert skjønar så har eg ein del å lære om VLAN! ☺️
- 50 kommentarer
-
- netsecurity
- chris dale
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Jau, det er nok så, ein lyt nok leggje litt meir innsats ned i det enn berre å opprette eit eige VLAN og tru at det løyser alle verdsproblem. ? No er eg langt frå nokon nettverksekspert, men eg ville no tru at viss ein set det opp skikkeleg så vil separate VLAN kunne fungere som eit ekstra lag med sikkerheit...? Det eg tenkte på var at viss smarthus-ting og Wi-Fi/kabla heimenettverk er på ulike VLAN så vil ein ikkje enkelt kunne kome inn i det eine viss ein bryt seg inn i det andre. Er det feil tenkt av meg?
- 50 kommentarer
-
- netsecurity
- chris dale
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
Kompensering når ein berre har temperaturfølarar i taket
Garegaupa svarte på Garegaupa sitt emne i Klimakontroll
Stemmer, eg tenkte kanskje det var slik. ? Skulle hatt ein temperatursensor nede med golvet òg, sidan Futurehome (som eg skal ha) reknar snittet mellom sensorane i kvart rom, då burde det vel blitt nokolunde rett. Men så mykje pengar har eg ikkje tenkt å bruke på det, då kan eg heller ta jobben med manuell kalibrering! ? -
Kompensering når ein berre har temperaturfølarar i taket
Garegaupa publiserte et emne i Klimakontroll
Hei! Eg er i ferd med å få sett opp smarthus basert på Z-Wave i desse dagar. Eg ser at eg i dei aller fleste rom kjem til å ende opp med temperaturfølarar berre i taket (røykvarslar og/eller multisensor). Er der nokon høveleg grei "tommelfingerregel" for kor mykje varmare det er oppunder taket i eit rom i forhold til nede med golvet? Eller er det såpass individuelt frå hus til hus/rom til rom at det ikkje går an å seie noko generelt om det? -
Eg har tidlegare blitt fortalt at meldingane som går til/frå Z-Wave-einingar som er lærte inn sikkert er fire gonger større enn viss dei er lærte inn usikkert, og at det er dette som skaper tregleik i systemet viss der er mange einingar som er lærte inn sikkert. Eg forstod ikkje at her var nokon forskjell på "vanleg" Z-Wave og Z-Wave Plus, men det kan godt vere at det berre er noko eg ikkje har fått med meg. Eg vart i alle fall tilrådd å berre leggje til låsar, garasjeportopnarar og tilsvarande med sikker innlæring, og så lære inn alt anna utstyr usikkert.
-
(NB: Eg er ikkje elektrikar og har heller ikkje tenkt å prøve meg på noko ukurant hobby-oppkopling her. Eg spør berre av di eg er nyfiken på korleis slikt som dette fungerer. ☺️ ) I manualen for Fibaro Dimmer 2 så står det at denne kan koplast som "2-wire" eller "3-wire", og det synest å vere noko ulikt kva som er tilrådd av desse to metodane. Når det er snakk om TN-nett så er dette greitt nok. Men kva viss der er IT- eller TT-nett, der det ikkje er nøytralleiar? Kan ein då kople ein av fasane til N på Dimmer 2 og på den måten få "3-wire" tilkopling, eller er det berre "2-wire" som er mogeleg i slike nett?
-
Kva med denne her, då? 16 A, forbruksmåling og tilgjengeleg no: https://shop.futurehome.no/nb_NO/shop/product/smart-plug-16a-1943
-
Interessant innlegg, @Moskus, takk skal du ha! ? For min del spørs det nok om ikkje det vert å ha smarthus-hub og Wi-Fi i separate VLAN. Då stengjer ein i alle fall ei dør for potensielle inntrengjarar. Dette vert sjølvsagt noko ugreitt viss ein har mange ting som skal integrerast med kvarandre på tvers av ulike standardar/protokollar. For min del som ikkje tenkjer å ha anna enn Z-Wave-ting (i alle fall i denne omgangen) så skal det vel ikkje ha så mykje å seie. ?
- 50 kommentarer
-
- netsecurity
- chris dale
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
He he, ser den. Det er alt for mykje som kjem "snart" av Z-Wave-utstyr! ? Eg skulle sjølv gjerne hatt ein heil del Z-Wave vridimmarar "i går", men verken Heatit eller Q-Light (som er dei einaste eg veit om som har noko slikt på gang) kan kome med noko tidspunkt for når dei vil kunne levere... ?
-
Her er litt informasjon om dei nye smartpluggane til Aeotec (Smart Switch 7): https://z-wavealliance.org/aeotec-announces-new-best-in-class-z-wave-products-crafted-for-european-smart-homes-at-ise-2019/