Gå til innhold
  • Bli medlem
Støtt hjemmeautomasjon! 🥇🥈🥉

Garegaupa

Medlemmer
  • Innlegg

    134
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    3

Alt skrevet av Garegaupa

  1. Etter kvart som ein får fleire og fleire elektroniske dingsar rundt i huset så vert det mange ting som skal ha straum. I mange høve så har dei vedlagde straumadaptera temmeleg lange leidningar, stort sett lenger enn det som trengst. For å halde det ryddig og greitt så har eg ofte kveila desse opp og gjerne bruka ein strips eller to for å halde kveilen saman. For litt sidan så vart eg av ein kjenning sterkt frårådd å gjere det på denne måten. Han meinte at når ein kveilar opp ei straumførande leidning så vil det fungere som ein spole, og det kan føre til varmgang og på sikt skadar på leidningane, eller i verste fall brann. Kva tenkjer folket her om dette? Eg kan ikkje skjøne at dette skulle kunne vere noko stort problem med 5 V eller 12 V utstyr og dei små straummengdene som går gjennom desse leidningane? Viss det likevel er noko i dette så lyt eg sjølvsagt finne meg ein annan måte å gjere ting på, for eg ynskjer absolutt ikkje å lage brannfeller rundt om i huset.
  2. Når det gjeld Fibaro og 10 A kontra 16 A sikring: Futurehome seier at etter april 2018 så er kravet om 10 A sikring borte. Det skal altså vere 100 % kurant å kople nye Fibaro-produkt på 16 A kursar.
  3. Z-TRM2fx toler vel litt mindre maksimal effekt enn den gamle (2900 W mot 3200 W). Elles er det vel ikkje så mykje forskjell på dei, nei, i alle fall ikkje viss den gamle er oppdatera til nyaste fastvare-versjon. Så slik sett kan du vel berre bruke den gamle.
  4. Så sant, så sant... ?
  5. Ja, du har nok rett i det. Det er tydelegvis ein tung og tidkrevjande prosess å få Z-Wave-produkt godkjende, så mange produsentar tør vel ikkje å tippe ein gong. Heatit har i alle fall slutta å kome med noko som helst i høve til framtidige lanseringsdatoar etter at dei fekk ein del pepper for å bomme på desse tidlegare... ?
  6. Heisann! Er det nokon som har høyrt noko meir om dei Z-Wave hjuldimmarane som Q-Light etter seiande skal kome med etter kvart? Det siste feltryktet eg høyrde var våren 2019, men kanskje nokon har noko ferskare frå ryktebørsen...? ? Eg veit at Heatit sin Z-Dim skal kome i løpet av 2019, men etter at dei tydelegvis har brent seg på å berekne lanseringstidspunkt før så vil dei ikkje seie noko som helst konkret om lanseringstidspunkt, så eg hadde ei lita von om at kanskje Q-Light var litt meir lausslupne med informasjonen. ☺️
  7. OK, takk for svar! ? Reint logisk sett så gjev det vel meir meining viss WAN1 = eth0, WAN2 = eth1, LAN1 = eth2 og LAN2 = eth3, ja. Liten grunn til at det skulle vere annleis på Pro enn på 3P.
  8. Heisann! Er det nokon her som veit namna på dei ulike portane på UniFi Security Gateway Pro? Er det så enkelt som at det går frå høgre til venstre, slik at LAN1 = eth0, LAN2 = eth1, WAN1 = eth2 og WAN2 = eth3? Ein skulle tru dette var enkelt å finne ut av, men eg har leita og leita utan å finne eit fornuftig svar... ? Og viss ein skal kople Altibox FMG i bridge gjennom her, vil det då vere korrekt å kople FMG port 3 (Internett) til WAN1 og port 1 (IPTV) til WAN2, og så LAN1 til lokal switch? Oppsettet til cozmo frå tidlegare i tråden lyt då sjølvsagt tilpassast deretter.
  9. Det nye systemet er framleis i beta, men endeleg versjon skal vere rett rundt hjørnet. Futurehome har visst enno eit par utfordringar å løyse før beta-fasen er over, så dei er tilbakehaldne med å love nokon eksakt dato for når det er klart.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å gjøre denne siden bedre. Du kan justere dine innstillinger for informasjonskapsler, ellers vil vi anta at dette er ok for deg.