-
Innlegg
836 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
20
Innholdstype
Profiler
Forum
Blogger
Nedlastninger
Artikler
Regler
Hendelser
Galleri
Store
Alt skrevet av bjornepappa
-
Gå for hardware som er kompatibel med både FutureHome og andre system som HA, Homey og HomeSeer. Vi har mest z-wave her i huset, men også zigbee har bra utvalg i det meste. På golvtermostat er det allerede nevnt HeatIt Z-TRM6 (z-wave) - vi har forgjengeren og den fungerer topp. Styring av vv-tank er det heilt topp å bruke Aeotec HD relé, også den z-wave (allerede foreslått frå elektrikar). Det kostar ikkje så mykje meir å gå for smarte dimmarar, og her får du også fleire variantar med z-wave. Vi har utelukkande Fibaro Dimmer 2, kun med gode erfaringar, men greit å vite om at desse blir styrt manuelt med impusbrytar. Men det finst også andre typar med hjul. Styring av luft-luft-varmepumpe kan naturlegvis automatiserast. Vi har tre slike, der éi er styrt via Sensibo og dei to andre via Remotec ZXT120 og ZXT600 (z-wave). Sensibo er via sky og z-wave heilt lokalt - det siste er definitivt mest stabilt og fungerer "alltid". Effektstyring av vv-tankar, varmekabel og elbilladar kan du få til i dei fleste smarthussystem. Her i huset har vi hatt HomeSeer sidan 2017. Det er litt jobb å sette opp, men muligheitene er store. HomeAssistant har nok kanskje enda fleire muligheiter, men litt høgare terskel for å komme i gang. Homey har også gode muligheiter med lågare terskel for å komme i gang (etter det eg har skjønt), men kostar meir. FutureHome blir anbefalt av mange installatørfirma - mest fordi det er enkelt, men det er også meir begrensa kor mykje ein kan få til av automasjon og integrasjonar. Sistnevnte er uaktuelt her i huset. Kan ei løysing for din del å be om at elektrikar koplar opp HW med z-wave og som dermed er kompatibelt med FutureHome - og at dei leverer FutureHome utan å konfigurere (inkludere) HW? Og at du dermed står fritt til å gå for eit anna system, men at du kan få Enovatilskudd sidan opplegget levert frå elektrikar støttar dette. Og så kan du heller selge FutureHome om (når) du konkluderer med å gå for eit anna system med større muligheiter 🙂
- 5 svar
-
- 1
-
Beste smarte IR-kontroller til varmepumpe?
bjornepappa svarte på bjornepappa sitt emne i Klimakontroll
Fekk ein gratis ZXT600, så då gjekk eg for den. Og det ser ut til å fungere knirkefritt så langt 🙂 -
Har ikkje konkret prøvd det du foreslår. Men det høyrest ut som ein dårleg idé, og det er stor fare for at det skaper meir ugagn enn nytte. Du har sikkert alt z-wavenoder med fast strømforsyning så optimalt plassert i både hus og garasje/utebod som praktisk mogleg for å få meshnettverket til å fungere? Om du likevel ser det nødvendig å ha ein ekstra z-wavedongle så må nok dette settast opp som eit separat z-wavenettverk. Det betyr at aktuelle noder må ekskluderast frå eksiterande nettverk og inkluderast på nytt i det nye nettverket.
-
No er det vel kanskje eit år sidan eg gjorde dette, men det gjekk greit å inkludere ja. Måtte, sånn som det ofte blir, ha eit par forsøk for å komme "på gli" men så gjekk det bra. Usikker på det siste - men det fungerer 😄
-
Eg kjøpte Housegard origo tidlegare i år. Ser ut til å fungere bra og uten mange falske alarmar, i motsetning til våre KD101 som vi hadde før. Ikkje er prisen så verst heller. Desse kommuniserer via 433 MHz og kan integrerast i huset via RFXtrx433. Dei forskjellige detektorane er seriekopla, men har likevel unik adresse slik at ein f.eks kan få pushvarsel om kva for ein som har løyst ut først.
- 43 svar
-
- 1
-
Ganske utruleg at eg ikkje kopla, men eg har fått samme problemet sjøl. Merka det nok ikkje sjøl då vi dreiv med oppussing av stove og kjøkken der stemmestyring via Google Home blir brukt. Trur det må ha oppstått når det vart innført betaling for å ha Google Home integrert. Har funne ei løysing som fungerer greit - opprett ein virtuell device per event som skal køyrast, aktiver voice command på denne og trigg aktuelle events når virtuell device blir aktivert. Det burde være unødvendig, men det fungerer...
-
Vi har etterkvart varmepumper i huset, der våre to Toshiba blir styrt av hhv. Sensibo og Remotec ZXT120. Begge deler har fungert knirkefritt over fleire år, vha. Sensiboplugin og z-wave. Varmepumpe nr. 3 er Panasonic, som vart tidlegare styrt vha. DaikinSeer. @Guahtdim har komme med gjentatte oppdateringar etterkvart som Panasonic (og Daikin) har endra på sine API, men det ser litt dødfødt ut i lengden, og p.t. har eg ingen styring av denne via HomeSeer. Så eg er i grunn komme dit at eg ikkje ser andre utveger enn å styre denne via IR. Det har tross alt fungert veldig bra på dei to Toshibapumpene. Som sagt har både Sensibo og ZXT120 fungert knirkefritt. Derimot er det meir fristande å gå for ei løysing som fungerer uavhengig av internett og sky, i praksis Z-wave. ZXT120 er for lengst erstatta av ZXT600, så vidt eg kan finne er det ikkje komme nyare versjon. Men eg er open for innspel. Er det f.eks andre løysingar eg ikkje har tenkt på, andre gode og dårlege erfaringar med både Sensibo og ZXT600, og då gjerne spesifikt mot Panasonic. Takk for alle svar 🙂
-
Etter stadige innbrudd med påfølgande redusert kjeksbeholdning vart det i dag konkludert med at dette ikkje kan fortsette. Fleire tiltak vart vurdert, før konklusjonen vart å montere Aqara dørsensor! Testa med god effekt, så får vi sjå framover om tjuven ved neste anledning får ein overraskelse 😁 Snapchat-532688679.mp4
- 3 266 svar
-
- 12
-
I tilfelle kan du bruke denne typen og få god plass.
-
Multisensor 6: Eg har akkurat lagt til ein del nye MS7, og fleire av dei måtte ha mange forsøk (5-6) for å bli inkluderte. Prøv gjerne igjen og igjen...
-
Dersom Homey går ned for telling - vil du ikkje fortsatt ha muligheit til å skru av og på lys og vifte?
-
Støttar tankane om å ha dumme lampar og smarte dimmarar. Her går det stort sett i Fibaro Dimmer 2. Har ein blanding av Z-wave og Zigbee, og min erfaring er at Z-wave er langt meir stabilt. Zigbee er greit, men det er litt for ofte "hikke" og ein del noder, spesielt Ikea sine, som må restartast. Slikt skjer aldri på Z-wave. Veldig blanda erfaringar med levetid på LED-lyspærer. Enkelte har levetid omtrent som ei glødelampe, men eg har no ein god del vanlige, dimbare E27-pærer frå Ikea og dei har vist seg å ha veldig god levetid. Desse dimmar også veldig fint, men har ikkje dim to warm. Og så er dei billige. Vi har downlights i stove, kjøkken og bad (og snart gang - oppussing snart ferdig) og har her gått for dim to warm. Det gir eit veldig behagelig og fint lysbilde når det er dimma langt ned.
-
Har du lang avstand frå dei aktuelle nodene til Homey? Det hender med dei fleste z-wavenoder at ein må ha fleire forsøk før inkludering går i orden, problemet kan være spesielt stort om det er lang avstand. Først etter inkludering finn nodane fram i meshnettverket.
-
Alt kan lærast 🙂 Men du kan gjerne bruke Fibaro Smart Implant (Z-wave) med DS18B20 temperatursensorar. Du må skøyte ledningane på eit vis, men du kan bruke wagoklemmer, skøytehylser eller anna valgfri metode.
-
Må nok melde pass der, har null erfaring med Homey. Men eg vil i grunn heller anbefale å gå for ein type sensor som er enkel å ta inn i Homey. @stigvi sin anbefaling f.eks, eg har også ein haug av desse rundt i huset og erfaringane er gode, men originalt CR2032 har eg lite tru på at overlever så lenge i -20 grader så i tilfelle ville eg gått for løysinga med litium-AA-batteri.
-
Eg har slike i fryseskap og kjøleskap. Fungerer topp topp, men det krev naturlegvis RFX eller tilsvarande.
-
Etterisolering av varmtvasstank
bjornepappa svarte på bjornepappa sitt emne i Strømsparing og strøm-overvåkning
Det har eg plan om, må berre kjøpe isolasjon først. Det blir lunk i begge to, så det blir isolasjon på begge. -
Det viktigaste poenget med topolt brytar ute og i våtrom er for å ha lampen heilt spenningslaus om du f.eks skal skifte lyspære. Ein manuell topolt brytar vil slik fungere som ein servicebrytar. Å bruke på ein fjernstyrt brytar (zigbee, z-wave etc) som servicebrytar vil ikkje gjere samme nytten, då den jo kan skru seg på utan at du har 100% kontroll på det når f.eks lyspæreskifte skjer. Det er difor mykje betre å bruke ein manuell, gammaldags topoltbrytar i serie med ein valgfri 1-polt zigbeebrytar.
- 3 svar
-
- 2
-
Vi har to varmtvasstankar, begge står i kjellar der spillvarmen i beste fall kjem bittelitt til nytte om vinteren, ellers er dette å rekne som tap. Sidan dei står i kjellaren er det god plass og ingen problem om dei ikkje er direkte pene å sjå på. Har tenkt på om det er noko særleg å hente på å etterisolere tankane med å rulle rundt f.eks 10 cm glava/rockwool. Vi driv med oppussing, så eg tok i dag litt resteisolasjon og isolerte toppen på den nyaste tanken, det er av typen med lokk oppå. Det vart 10 cm rockwool, og resultatet av tempmålingen ser veldig positivt ut allerede - ca. 4 grader stigning (og det stig fortsatt) uten at reléet har kopla inn. Her er målinga utvendig på røyret som går inn/ut av tanken. Det var frå før isolert med skumisolasjon. Andre som har gjort noko tilsvarande, eventuelt rekna på reduksjon av varmetapet?
-
finnes der z-wave energi måler til 230V IT nett
bjornepappa svarte på mike79 sitt emne i Strømsparing og strøm-overvåkning
Skal du måle "heile huset" eller er det ein enkelt kurs/forbrukar du er ute etter? Om du kun skal måle ein kurs/forbrukar så fungerer C-versjonen av dette bra. Eg har montert det på solcellekursen. Solcelleanlegget er 3-fase, men sidan det er ganske bra symmetri så blir resultatet "godt nok" ved å gange det med 1.73. Eg kjøpte hos Tronika, men ser ut til at nettsidene (igjen) er nede. -
Hvor mye kwt bruker din varmtvannsbereder per måned?
bjornepappa svarte på halono sitt emne i Automasjonskaféen
Brukar du gjennomsnitt av dei tre målingane, eller har du forskjellig vekting på dei? Eg har måling nede ved termostaten samt utenpå røyret på toppen av tanken. Brukar gjennomsnitt av desse to og det fungerer ganske bra, men er gjerne interessert i å forbedre resultatet 😊 -
Hvor mye kwt bruker din varmtvannsbereder per måned?
bjornepappa svarte på halono sitt emne i Automasjonskaféen
Vi har to vv-tankar - ein separat kun til kjøkken og ein til alt anna forbruk (bad, toalett, vaskerom). Den til kjøkkenet har eg veldig lite statistikk på etter oppussing av kjøkken, ny tank og reset av forbruket - men ca. 2 kWh per dag er ikkje så langt unna. Her har vi no ein ny 120 liter tank. Unødvendig stor, men det er bevisst for å kunne varme opp med eigenprodusert (solcelleanlegg) og/eller billige timar, samt kunne kople ut for å unngå høg effekttariff utan at det medfører kaldt/lunkent vatn på kjøkkenet. Den andre tanken som forsyner "resten" har logga i overkant av 5 år, og denne har eit snitt på ca. 2983 kWh per år, eller ca. 8,17 kWh per dag. Denne tanken er frå ca. 2006. Begge tankane står i kjellaren. Der er det ca. 15 grader om kjellaren og alt frå 2-8 grader om vinteren, avhengig av utetemperatur. Dårleg utnyttig av lekkasjevarme om vinteren mao., men veldig praktisk mtp. plassering. Eg likar å tru at vi unngår å ha på tilleggsvarme i kjellaren om vinteren, men har ingen god dokumentasjon på dette. Vi er to vaksne og tre barn i huset. Ved 30,5 dagar per månad gir dette eit forbruk på ca. 310 kWh, eller 62 kWh per person. Edit: vi monterte sparedusj for eit par år sidan, truleg i 2021-2022. Ein relativt "spandabel" sparedusj, men produsenten påstår den skal kunne spare "opptil 30%". -
-
Smarthussystem for styring av termostat etter pris på strøm
bjornepappa svarte på Arne_b sitt spørsmål i Nybegynner
Du kan jo ha erfaring med det. Min erfaring er at det i praksis fungerer bra, men eg er heldig og har internettleverandør som etter det eg har observert har hatt 100% oppetid så lenge vi har hatt denne. Har du ustabilt nett kan problemet vere større. Det beste er naturlegvis å køyre alt lokalt, men det er ikkje fullt så lettvindt. -
Smarthussystem for styring av termostat etter pris på strøm
bjornepappa svarte på Arne_b sitt spørsmål i Nybegynner
Nettopp. Og derfor er det veldig lurt å ta med Tibber Pulse eller tilsvarande dings i styringen. Ein vil fort spare meir på å holde seg på lave effekttrinn enn det ein sparer på å varme på dei billigaste timane. Er verdt å vite om at ein faktisk ikkje må vere Tibberkunde for å bruke Tibber Pulse. Ein kan likevel få inn liveforbruk i Tibberappen og hente ut igjen til smarthussystem (HomeSeer her i huset) via Tibber sitt API.