Gå til innhold
  • Bli medlem
Støtt hjemmeautomasjon.no!

bjornepappa

Medlemmer
  • Innlegg

    836
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    20

Alt skrevet av bjornepappa

  1. Heldigvis er vinteren på veg Å kjøpe nye kvitevarer utan nokon muligheit for integrering ser eg uansett som lite lurt, enten det kjem inn i HS med det første eller ei. Ser ut til at det er Bosch og Siemens som er komme lengst (einerådande?) innanfor området...
  2. @Tor-Erik og @Moskus, nokon framgang? ? Oppvaskmaskina vår har fått lekkasje, fare for at det må bli ny. Og då må vi sjølvsagt sterkt vurdere noko som kan integrerast i huset...
  3. Noko nytt her? Oppvaskmaskina vår har fått ein liten lekkasje (som eg fant ut vha heimelaga lekkasjevarsling!), meget mogleg vi må ha ny...
  4. Det var dessverre ikkje hjelp i. Ser deCONZ foreslår å installere i ei anna mappe enn programfiler(x86), er det lurt å gjere det eller betyr det ingenting?
  5. Eg ser til min store forskrekkelse at deConz ikkje har blitt oppdatert her i huset sidan det kom på drift, og installert versjon er 2.05.20 (!!). Har prøvd å avslutte deConz og installere 2.05.67 i samme mappe, men får feilmelding, sjå vedlagt bilde. Kva er beste måte å oppgradere på?
  6. Ikkje til ringeklokke. Men har hatt ein som garasjeportstyring sidan i sommar og det fungerer tipp topp.
  7. Vi har ein av kvar. Har hatt ZXT lengst og er i grunn mest førngd med den, den har aldri slått feil. Sensibo er skybasert, så om internett forsvinn stoppar alt. Vi har Toshiba varmepumpe (ei pumpe med to innedeler), og trefte blink på første kodeforsøk. Har høyrt om andre med meir vrient oppsett, enkelte får det aldri opp og gå. Sensibo hadde enklare oppsett, men der er du igjen avhengig av at app eller API er oppe og går, eg har hatt eit par (for mange) feilslag med feil mellom HomeSeer og API.
  8. Ja, det gjer dei. Alle noder med fast straumforsyning fungerer som repeater.
  9. Kan tipse om at eg oppretta ein separat Gmail-konto som eg kun bruker til HS, då Google begynte å klage voldsomt når eg la til den ordinære kontoen, var visst for dårleg sikkerheit. Om denne kontoen skulle komme på avvege er det i grunn ingen krise, sidan den kun blir brukt til å varsle frå HS til meg sjølv og ingenting av viktig eller sensitiv informasjon finst der.
  10. Har lagt inn talestyring for å lukke og opne garasjeportane og dørlåsane. Å sei "Hey Google, lås venstre garasje" eller "lås dør hovedinngang" gir stengt port eller dørlås, men "Hey Google, lås opp venstre garasje" nektar Google, får berre beskjed om at "Den modusen er ikke tilgjengelig for venstre garasje". Reknar med det er av sikkerheitsmessige årsaker, men likevel. Har nokon funne ein veg rundt dette?
  11. Denne har alle prøvd Det er heilt sikkert mange måtar å løyse det på. Hadde til å begynne med "and if lys has been off for at least 10 minutes", men ulempa var då at lyset ikkje skrudde seg på igjen om det hadde skrudd seg av automatisk. Hos oss er det no stort sett satt opp med at ved aktivert scene på dimmer, som blir aktivert med manuell avskruing, så startar det ein timer i 10 minutt, før den stoppar og blir resatt til 0. Om denne timeren er >0 så blir ikkje event for påskruing av lys aktivert.
  12. Jo, heilt enig. Men når eg sendte inn igjen min gamle v.2 (uten fx) for å bytte spurte eg om eg kunne vente til ny fw var installert frå fabrikk. Svaret var noko sånt som at då måtte eg vente lenge...
  13. Denne har vi på badet, og den fungerer 100% som den skal med nyaste firmware. Din er truleg ikkje oppdatert når du får den men kan lastast ned frå HeatIt sine nettsider.
  14. Fibaro og Aeotec har jevnt over bra kvalitet, eg har mange deler derifrå. Telldus har eg dessverre fleire dårlege erfaringar med. Både kvalitetsmessig, men spesielt dekningsmessig - altså at dei ikkje klarer å finne særleg mange naboar på tross av at desse er heilt i nærheiten. Har også eit wiDOM-relé kjøpt hos Tronika som var den aller første noden i huset, denne styrer vv-tanken og det har fungert knirkefritt sidan dag 1. Skal du ha multisensor så anbefaler eg Aeotec MS6 av den enkle grunn at denne kan køyrast på 5V (USB-forsyning), Fibaro sin tilvarande ("auge") bruker kun batteri og rapporterer ikkje RH, det vil du heilt sikkert ha på badet. Edit: Vær obs på at Fibaro dimmer 2 styrer "alt" av lys, også ikkje dimbare laster som f.eks sparepærer, men IKKJE tradisjonelle lysrøyr. Her må du i tilfelle bruke relé. Har du både lysrøyr og avtrekksvifte på badet kan du bruke eit dobbelelé som f.eks dette.
  15. Nøyaktig samme opplegg her i huset. Det meste av nodar som skal styrast (dimmer, relé osv) er derimot på Z-wave, og slik kjem det nok til å fortsette. Har også nokre temp.sensorar på 433 MHz, men etter at deCONZ kom på drift har eg ikkje kjøpt fleire sidan Xiaomi Aqara er omtrent samme pris og mykje meir plasseringsvennlige. Det 433 MHz er veldig greit til, er midlertidige plugin relé, sidan du ikkje øydelegger mesh-nettverket f.eks den perioden juletreet er i hus. Vi har KD101 røykvarslarar i alle rom, og desse fungerer også veldig fint mot RFXtrx433.
  16. @JohnMartin, merk at du ikkje treng å restore til interface nr. 2 kvar gang, om du ikkje ser behovet for ein "fysisk kopi" som til ei kvar tid er oppdatert. Om du lagrar sikkerheitskopien på ein trygg plass (eg brukar Dropbox og anser det som nokså trygt), så slepp du å plugge inn og ut UZB for kvar backup. Å ha eit reserveinterface er uansett ikkje dumt, men ingen krise om denne ikkje er oppdatert til ei kvar tid så lenge du har tilgang på det som skal innpå. Edit: Og ja, eg kan bekrefte at Aeotec-verktøyet også fungerer på UZB
  17. Du kan bruke dette reléet til å styre kontaktor som igjen styrer belastningen. Medfølgjande strømtrafo bruker du til å måle strømmen, sjå side 9 i manualen. Her måler du vel og merke strømmen kun i éin fase, men ved symmetrisk belastning vil total effekt være lik U*I*sqrt(3) (edit: eller målt effekt*1,73).
  18. ... og no har den fått nytt liv som termostat vha V-Stat. Ser ut til at den fungerer perfekt så langt, så får tiden vise ?
  19. Usikker på avstand, men så lenge den er innenfor direkte rekkevidde (ikkje via andre noder) så bør det jo gå fint. Ja, i Phoscon er det å trykke på "Add new light". Om den er para med ein dimmer frå før så vil denne bli sletta når du resetter pæra, det er heile poenget
  20. Har også erfart at Trådfri kan være eit herk å få lagt til! Kom sist gang fram til at av/på x 6 måtte gjerast med veldig kort tid av og kanskje eit halvt sekund på - eller så var det omvendt. Som sagt usikker på kva som var av og på, men dette fungerte bra og er verdt å prøve. Har inntrykk av at det er Phoscon som er beste måten å inkludere på.
  21. Det kan du jammen sei. Har inkludert den igjen, forsøksprosjekt i enden av garasjen, faktisk med kun éin nabo!
  22. Fekk etter eit utall forsøk til å ekskludere. Etter det gjekk det fint å skru av og på med knappen. Vart ikkje så veldig frista til å inkludere den igjen, men får kanskje gi den ein sjanse neste gang eg har bruk for ein slik...
  23. Nei, den er ikkje svidd fast, for reléet klikker heilt normalt ut og inn igjen når eg tar den hhv ut av og inn igjen i stikkontakten. Den har hatt ei belastning på 15W i ca. ein månad, så det burde heler ikkje ha brent seg fast. Den er allerede bytta ut, men eg syntes dette var litt knapt likevel ?
  24. Har ein Fibaro Wall Plug som plutseleg har bestemt seg for at den ikkje vil skru seg av. Nektar å ta mot kommando både via Z-Wave og vha. knappen. Ingen konfigurasjon er endra, og parameter 1 og 2 er begge 0. Om eg drar den ut av stikkontakten høyrer eg tydeleg at reléet slepper, og når eg set den inn igjen klikkar det inn igjen nokså momentant. Har nokon vore borti liknande, eller er det berre å sende denne tilbake til leverandør for reklamasjon?
  25. Eller så kan du vurdere HomeSeer med @Moskus sin TibberSeer plugin. Der får du inn alt frå Tibber, inkludert livedata og prisar ?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å gjøre denne siden bedre. Du kan justere dine innstillinger for informasjonskapsler, ellers vil vi anta at dette er ok for deg.