Fibaro og Aeotec har jevnt over bra kvalitet, eg har mange deler derifrå.
Telldus har eg dessverre fleire dårlege erfaringar med. Både kvalitetsmessig, men spesielt dekningsmessig - altså at dei ikkje klarer å finne særleg mange naboar på tross av at desse er heilt i nærheiten. Har også eit wiDOM-relé kjøpt hos Tronika som var den aller første noden i huset, denne styrer vv-tanken og det har fungert knirkefritt sidan dag 1.
Skal du ha multisensor så anbefaler eg Aeotec MS6 av den enkle grunn at denne kan køyrast på 5V (USB-forsyning), Fibaro sin tilvarande ("auge") bruker kun batteri og rapporterer ikkje RH, det vil du heilt sikkert ha på badet.
Edit: Vær obs på at Fibaro dimmer 2 styrer "alt" av lys, også ikkje dimbare laster som f.eks sparepærer, men IKKJE tradisjonelle lysrøyr. Her må du i tilfelle bruke relé. Har du både lysrøyr og avtrekksvifte på badet kan du bruke eit dobbelelé som f.eks dette.