Gå til innhold
  • Bli medlem
Støtt hjemmeautomasjon.no!

bjornepappa

Medlemmer
  • Innlegg

    836
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    20

Alt skrevet av bjornepappa

  1. Eg har ein i bruk nettopp til garasjeportstyring, så ila. vinteren går det an å komme med tilbakemelding Likevel trur eg nokså sikkert at det kjem til å fungere fint. Det er ingen bevegelege deler (relé e.l.) som kan henge seg fast, og elektronikk generelt trivst betre når det er kaldt enn varmt.
  2. Om du trykker på den andre varianten som er utgått, så er den lik KD-101. Om ny og gammal er kompatibel er usikkert.
  3. Det er nettopp det som er problemet, det er ikkje den vanlige 9V-kontakten med ledning på, men derimot eit spor der det faktisk går an å sette i batteriet feil veg. Men det går heilt fint berre ein passar på å sette det i rett veg!
  4. Eg er i samme kategori. Den er ikkje supersmart, ein kan f.eks ikkje få vite kven av dei som har løyst ut. Men dei er seriekopla heilt uavhengig av smarthuset, og det er tross alt det viktigaste. I tillegg er prisen ganske så overkommeleg, eg vil heller ha ein halvsmart røykvarslar i kvart einaste rom enn to supersmarte i kvar etasje. Eg trur grunnen til at dei vart trekt tilbake er at dei i verste fall kan forårsake brann, fordi 9V-batteriet blir kortslutta om du setter det inn med feil polaritet. Så ver obs på dette! Våre er kjøpte på Coop byggmix, dei har av og til 3-pakningar på tilbud.
  5. Kva med å vente til du veit kven som skal kjøpe og spørje vedkommande om han/ho er interessert i det eine eller andre?
  6. Vi har no to Neato Botvac Connected på drift, så sånn sett koster vel plugin berre $15 per støvsuger
  7. Eg har også ein heil haug KD101, i alle rom utanom bad x 2. Dei fungerer fint, men har hatt eit fåtall falske alarmar som eg aldri har funne ut årsaken til. RFXtrx433 sniffer fint signala og triggar events i HomeSeer, det bør fungere fint i HomeAssistant også vil eg anta. Her i huset blir det ved alarm skrudd av ein del utvalgte noder som vv-tank x 2, oppvaskmaskin, panelovnar osv, samt at alt lys blir skrudd på. Og det viktigaste av alt er at seriekopling fungerer 100% også om HomeSeer er nede.
  8. Det kan eg skrive under på. F.eks har eg funne ut at Telldus mini plugin har langt dårlegare rekkevidde enn "alle andre". Sjølv med mange andre nodar i nærheiten har dei svært få "naboar" samanlikna med resten av nodane.
  9. Ja, eg demonterte denne frå huset ifm oppussing, og fann ut at denne måtte være ypperleg til formålet. Spikka av 40-50 cm og lot 5-10 cm stå igjen for å unngå at leiarane kunne falle ut. Har liggande komplett sortiment med kabelsko, så eg burde vel kanskje montere det på... ?
  10. Med største glede, det er ikkje veldig komplisert ? Eg trur bildet forklarer godt nok.
  11. Eg har Xiaomi Aqara sensor i kjøkkenbenken og den fungerer bra. Den kan utvide virkeområdet vha tilkopla 2-leiar kabel der leiarane er delvis avdekka. Eg har spikka av på langs av det eg trur er ein antennekabel (ikkje koaks), og her er det nok å tørke kabelen med ein fuktig klut eller trykke på den med ein fuktig finger, så går alarmen (det vart testa ved husvask ? ). Kabelen går rundt vv-tanken (har eigen tank i kjøkkenbenken) og under oppvaskmaskina, så sjølv små lekkasjer er eg ganske trygg på at blir raskt detektert.
  12. Og om du skulle få lyst på/bruk for Danapad som reserveløysing, til besøk osv så er eg ganske sikker på at dette bruker BT. Det fungerer veldig fint.
  13. Eg hadde samme problem i starten, men ein e-post til nettleverandør var nok til å få timesbasert faktura.
  14. Bruker HSBuddy til både manuell styring og som geofence. Ja, det skjer omtrent aldri at den har feila. Og om det skulle skje, til gjester og for 6-åringen som ikkje har mobil så har vi Danapad på utsida. Og vi som ikkje bur i by har døra open når vi er heime ? Edit: det har hendt låsen har blitt låst når vi er heime, GPS er ikkje heilt stabilt innomhus og grensa for "heime" er ganske strengt definert. Har no ein virtuell device per mobil som blir oppdatert heime/borte ut frå geofence. Låsen blir no låst når vi har vore borte exactly 30 sekund og då er det problemet borte.
  15. Gammal tråd, men her er eit tips utanfor z-wave: Vi har KD101 i alle rom utanom bad. Billige og enkle, samtlige er seriekopla og det fungerer 100% som det skal. Desse blir detektert i Homeseer via RFXtrx433 ved alarm, men systemet anar ikkje kven av dei som har løyst ut. Det er mindre viktig i mindre auge. Varsel til mobil samt avskruing av kaffitraktar, Vv-tank, sentralstøvsuger, juletrelys og andre potensielle brannkilder fungerer så lenge HS er oppe, seriekopling fungerer alltid.
  16. Men folkens, er ikkje poenget med automasjon og danalock at den skal låse / låse opp og at ein IKKJE skal bruke nøkkel frå utsida? Vi har fortsatt ein gammaldags nøkkel i ein kodeboks ute, men den har knapt vore brukt. Låsen blir styrt av geofence i Homeseer, og det fungerer fint. I tillegg har vi Danapad for å kunne låse opp manuelt ved behov, f.eks ved besøk, men også det går via Danalock og dermed bør det jo bli oppdatert. Eller? ?
  17. Ja, og dimmer ved å holde den inne. Du kan også aktivere scener/events f.eks med dobbelklikk.
  18. Normalt vil windows finne driveren sjølv, og viss ikkje så fungerer det å installere manuelt. Vil tippe det er noko feil med boksen. Men fu får plugge den i mac'en og bruke den der ?
  19. Tommel opp. Dei fungerer supert og er i tillegg ganske snertne.
  20. Google er din venn. Søk etter rfxtrx433 driver windows
  21. Og om du bruker laptopen, prøv å plassere den der du har tenkt å sette serveren og la den stå der når du går rundt og inkluderer. Då vil z-wave-nettverket være mest mogleg korrekt mtp mesh frå første stund. Har du enkeltnoder som får problem med inkluderingen så kan du ta med pc'en, men i praksis har i alle fall ikkje eg opplevd dette som eit problem (i eit tømmerhus på ca. 230 m2 over to etasjar).
  22. Vi har hatt 2 stk Danalock v3 i drift ei heil stund, og det fungerer tipp topp. Fordelen med den er at du kun erstattar "innedelen" av låsen med ein ny modul - låsekasse og det som er synleg utanfrå forblir akkurat som før. Ellers er eg enig med @Moskus at HomeSeer er verdt å sjå på. Eg gjekk for dette (litt skeptisk) etter innspel frå HS-kongen her på forumet, og har i grunn aldri kikka tilbake Her kan du gjere det akkurat så enkelt eller avansert du vil. Og du vil nok først og fremst automatisere ting framfor å styre frå ein app, og begge deler gjer HomeSeer veldig bra.
  23. Er det nokon som har ein invitasjon generert før mai 2018? I tilfelle er eg interessert i den, då eg ikkje fikk brukt nokon kode når eg vart kunde. Og nye kunder kan gjerne bruke min invitasjon ?
  24. Om du er villig til å bruke NodeMCU/Arduino så har eg bra erfaring med DS18B20-sensorar. Sender data via WiFi (til HomeSeer). Sensorane er av typen vanntette med 1-2 m kabel som du loddar eller skrur på kortet.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å gjøre denne siden bedre. Du kan justere dine innstillinger for informasjonskapsler, ellers vil vi anta at dette er ok for deg.