-
Innlegg
836 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
20
Innholdstype
Profiler
Forum
Blogger
Nedlastninger
Artikler
Regler
Hendelser
Galleri
Store
Alt skrevet av bjornepappa
-
Har etterkvart ein heil haug med Xiaomi sine (Aqara?). Veldig fornøgd med desse, rapporterer temperatur, RH og lufttrykk - den siste har eg ikkje brukt til noko enno. Billig og bra, brukar CR2032 batteri som er billig å kjøpe på nettet, samanlikna med f.eks CR123 som ikkje akkurat er billige.
-
Kan det være så enkelt som å sette min.effekt til ein negativ verdi? Ser den står som 0 i standardoppsettet.
-
No har vi vel fullstendig kapra tråden frå TS, men om det var meg du spurte (det var det kanskje ikkje), så er i alle fall svaret 1200x300 mm-versjonen av denne (som er fjerna frå sortimentet, truleg utsolgt).
-
Poenget var at lampen var kjøpt som ein ikkje-dimbar oppgitt frå produsenten, og den vart autokalibrert som dette, men viser seg å kunne dimmast likevel.
-
Til info, eg har klart å dimme ein "ikkje-dimbar" LED-taklampe veldig fint. Den vart autokalibrert som ikkje-dimbar, men etter å ha satt parameter 32 til 0 fungerte dimming heilt fint.
-
Det går fint, men lysrør har eg erfart at er dødfødt. Er det sparepære, ikkje-dimbar LED?
- 10 svar
-
- 2
-
Oppdaga i dag at Arduino-plugin har fått støtte for OneWire på NodeMCU. Det er pga mangel på denne støtta at eg har brukt løysinga som denne tråden er basert på. Eg satte opp eit kort med på samme NoT-nettverk som eg ikkje har fått kommunikasjonen til å gå, og no fungerer det perfekt! Kan ikkje heilt skjønne kvifor, det må muligens være andre portar. Trur eg skal basere meg på å flytte alle Arduino-korta over i HS via Arduino-plugin frå no av.
-
Var det eg håpte og trudde. Det var første forsøket, så langt mislykka ?
-
Litt synd å sei det, men hos meg har problemet nesten blitt borte etter at eg kraup til korset og oppgraderte til Win10. Kva slags operativsystem har du?
-
Takk for tipset, det er allerede prøvd ut. Har også prøvd med konkrete IP-adresser for sendar og mottakar utan at det hjelper ?
-
Det er frå Arduino-kortet på NoT-nettverket (VLAN 107) til LAN (hovednettverket, VLAN 1) eg ikkje får trafikken til å gå.
-
I Google-verden kan du også sei f.eks "Hey Google, skru av lys". Om denne kommandoen blir oppfatta av Google-enheten på kjøkkenet skrur den av alle lys på kjøkkenet. Men om du seier "Hey Google, skru av taklampe", så skrur den kun av taklampen. Dette betingar at Google-enheten og aktuelle lamper er gruppert i samme rom i Google Home, der kan du ommøblere om du av ein eller anna grunn vil gruppere f.eks nærliggande rom saman mtp. talestyring. Avkryssinga "Is Light" gjer at Google skjønnar at dette er eit lys og dermed kan skru av/på alle lys i rommet. Kommandoen "Hey Google, skru av alle lys" skrur av samtlige lys i huset.
-
Eg drar denne tråden inn i lyset igjen. Har hatt ein heil drøss av desse, stort sett bearbeida til å bruke DS18B20, i drift lenge og det har fungert knirkefritt. Men har no satt opp nytt nettverk i huset med segmentering i fleire VLAN, og eg kunne tenkt meg å ha fått putta desse inn på eit anna VLAN enn HS-serveren. Ingen problem å få sensorane inn på det nye VLAN'et, men eg får ikkje verdiane overført. Har forsøkt å lage så godt som fri flyt mellom dei to, men er usikker på om eg har opna korrekt port. Er det nokon som med sikkerheit veit kva slags port som blir brukt?
-
Kan skrive under på denne. Styrer lys, ventilasjon, kaffitraktar og ein heil del anna med talestyring i Homeseer via Google.
-
Eg forstod det slik på ISP, men det kan være at eg misforstod.
-
Takk for den. Trudde eg hadde sett samtlige YouTube-filmar om emnet, men denne var ny. Tredje del av serien var den mest relevante, og eg fekk eit par tips til oppsett av nettet, bl.a. ifm Google Home og Chromecast som no er isolerte på IoT-nettet og det fungerer fint. Derimot har eg fortsatt ikkje klart å få data frå Arduino-kort frå det som har blitt til "NoT- nettverk", sjølv om eg har satt opp regel som eg trur skal gi frie sluser (som eit forsøk på å få trafikken til å flyte).
-
Det var ifm utskifting av router som ISP leverte ja. Sognenett satte Mac-adressa til USG i sitt system. Jo, det er mediekonverter - fiber inn, ethernet ut. Og det er denne som må vite MAC-adressa til den den skal prate med.
-
Takk for tilbakemelding. Eg får fortsatt ikkje trafikken til å flyte IOT -> Hovednettverk. Har fjerna alle brannmurreglane eg laga til, så prøver eg å innføre éin og éin igjen for å sjå kor tid det blir stopp. Fekk tips frå IT-personell på jobb om at det kan være nødvendig å sette opp port forwarding og/eller ruter under "Static Routes", sidan det er separate VLAN med forskjellig IP-range. Men trudde at det i Unifi-verden var fri flyt mellom alle Corporate-nettverk. Erfaring med dette?
-
Eg fant den samme guiden som du har brukt, har no gjort det på liknande vis. Har endra litt ift. mitt første innlegg, og trur no port 80 skal være open fra IoT (VLAN 107) til LAN (VLAN 1). Eller har denne regelen opna opp meir enn eg trur? På samme måte som deg har eg sperra all kommunikasjon mellom alle VLAN (regel 2004), men har opna for kommunikasjon frå LAN (VLAN 1) til IoT (VLAN 107) og Internett (nettverket "Internett", VLAN 100) (hhv regel 2001 og 2002). Regel 2003 er den som er vist ovanfor. Nettverket "Internett" (VLAN 100) er forresten satt opp som Guest, dette nettet blir bl.a. brukt til ungane sine nettbrett og har i grunn ikkje tilgang til meir enn Internett. Innspel? Som ein heilt sikkert kan skjønne er eg på litt tynn is her, så kom gjerne med tilbakemeldingar på ting som kan/bør endrast, fjernast eller leggast til
-
Har du fått løyst dette? Eg hadde liknande problem med ny router (USG), der måtte ISP (Sognenett) gå inn og legge MAC-adressa til nye routeren inn på fibermodemet for å få det til å funke.
-
Som nevnt i denne tråden er eg i ferd med å sette opp nettverk i heimen basert på Unifi-serien til Ubiquiti, og eg prøver meg no på å opprette separat IoT-nettverk (med WiFi). Har fulgt denne guiden og har forsåvidt laga eit Corporate-nettverk som er adskilt frå primærnettverket, men dette må jo ha visse unntak for å fungere som tiltenkt. Eg har ein del Arduino-kort på nettverket som skal sende (og potensielt motta) data til HS. HS brukar port 80, og om eg forstår det rett må eg vel då opne port 80 frå IoT-nettverket inn i primærnettverket der (bl.a.) HS-serveren står. Eg trur eg må opprette ein ny regel under "LAN IN" i Unifi-settings, men deretter er eg nokså blank. Har oppretta ei "gruppe: Og har prøvd på å opprette ein regel under "LAN IN", men er svært usikker på om alt er rett (er vel i grunn nesten sikker på at mykje er feil): Er det nokon som har tips for å få meg på rett spor?
-
Takk for gode tips alle mann. Vil ikkje kontrolleren velge kanal og sendeeffekt brukbart automatisk, når alt er i Unify-serien? Eller må eg forvente at det ikkje er tilfelle?
-
Då er alt på plass og nettverket er dønn stabilt og det meste er bra. Eige gjestenett er på plass, heilt atskilt frå resten. Men WiFi-dekninga er som mistenkt fortsatt for dårleg med kun éitt AP. Æ, spesielt i garasjen. Har difor bestilt eit UAP-AC-M-PRO for utendørs montasje, som bør gi veldig god dekning i garasjen og hagen. Har også bestilt eit AP AC Lite for å forsterke innendørs dekninga.
-
Ja det kan sjå slik ut. Før endelig montasje av første AP skal eg prøve ut dette, prøve ut dekninga både inne og ute. Edit: her var også ein bra artikkel om emnet: https://www.whatsbestforum.com/threads/turn-your-head-not-your-tablet-wifi-polarization.8408/