-
Innlegg
836 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
20
Innholdstype
Profiler
Forum
Blogger
Nedlastninger
Artikler
Regler
Hendelser
Galleri
Store
Alt skrevet av bjornepappa
-
I praksis trur eg vi med vår bruk ville ha merka null og niks i praktisk forskjell ? Ein anna ting eg tenker på, korleis er antennene plassert inne i AP (polarisering)? Er det best å henge i tak eller på vegg?
-
Då kan eg bekrefte at restore med nevnte verktøy fungerer! Fekk ein blank UZB1 i posten i dag, plugga den i ein laptop og køyrde restore. Deaktiverte Z-wave plugin, skifta til UZB1 nr 2 og aktiverte Z-wave plugin. Funka perfekt på dei nodene eg testa. Tommel opp!
- 17 svar
-
- 4
-
HD-serien er jo så mykje dyrare enn AC Pro og har nok heilt sikkert kvalitetar som for den rette brukaren er bra å ha, men eg har ikkje behov for det du skisserer og er i grunn ikkje så interessert i å betale over doble prisen heller
-
At valget falt på AC Pro var nok litt tilfeldig, men med eit lite håp om at dette med strategisk plassering kan klare seg åleine og då vil eg gjerne ha god ytelse. Men om det blir fleire AP etter kvart kan det tenkast at det blir ein anna type. Men ser uansett at NanoHD er dyrare og har såvidt eg kan sjå ingenting meir å by på enn AC Pro, anna enn at det er fysisk mindre. AC Pro har ekstra ethernetutgang, så eg antar eg f.eks kan kople på eit ekstra AP i forlengelse, ev. kople til ein einheit med kabla nettverk. Om det blir fleire einheiter i framtida skal AC Pro også tåle utendørs montasje, uten at eg har funne noko IP-grad for å kunne sei kva det toler av vær og vind, NanoHD er ikkje bygd for utendørs bruk.
-
Så det er sagt: eg har ikkje Altibox. Derimot har eg fiber frå ein anna leverandør. Dei har levert to boksar - fibermodem med éitt ethernetuttak samt routeren. Har ikkje rare håpet om å bli kvitt fibermodemet, men håpar å bli kvitt sistnevnte (som sagt ein Tilgin HG2381). Er det håp for det?
-
- 34 svar
-
- 2
-
Den ser jo bra ut. Men med denne ser det ut til at eg må beholde den eg har frå før, men må eg det uansett om eg velger ein større modell også? Og så må eg supplere med switch om eg velger denne, vil ha med PoE mtp accesspunkt. Denne kan kanskje være brukbar? Og enda eit spørsmål, må eg ha Ubiquiti Cloud key for å administrere nettverket, eller klarer eg meg uten? Edit: ser at heile poenget med Cloud Key er veldig enkel administrasjon.
-
Takk for info. Har du forslag til ein anna router med omtrent tilsvarande funksjonalitet som går under Unify? Må eg opp på denne, eller er det rimelegare variantar å få tak i?
-
Takk for svar begge to! Har googla mykje og sett ein del youtube-filmar, det kan virke som at Ubiquiti EdgeRouter ER-6P er ein ganske kapabel router som også kan funke som switch i bridgemodus. Dette var i grunn noko eg ikkje hadde tenkt på i det heile tatt, men det ser ut til at det skal fungere fint likevel. Den har også PoE, så både aksesspunkt og andre einheiter slepp separat strømforsyning. VLAN er på plass. Det ser for meg ut som at ein kan velge ein "basic config" for å få det på drift, så kan eg heller heve nivået på alle måtar etter kvart. Eller er det ein uheldig måte å gå fram på? Av aksesspunkt ser eg at samme produsent har nokså mange å velge mellom. For å få maksimal dekning, er det eit poeng å velge "long range"-versjonen Unifi AP AC LR, eller er det berre tull? Ser at den er billigare enn f.eks AP AC Pro. Ser ut til at begge desse (og forsåvidt dei andre alternativa) har PoE. ER-6P skal støtte VLAN, så eg får splitta opp i fleire nettverk. Men fungerer det også gjennom AP, altså at dei forskjellige VLAN'a også fungerer via WiFi? Skal innrømme at eg har snusa på mesh-nettverk. Det er jo veldig lettvint å sette opp, men både funksjonalitets- og ytelsesmessig ser det ut til å være simpelt i forhold til det som er skissert ovanfor, sjølv om det fort blir samme pris.
-
Etterkvart som smarthuset blir meir og meir omfattande er jo det aller meste på nett, heldigvis er det meste på z-wave. Men har også ein del Arduino-kort som bl.a. rapporterer temperaturar, dette går over WiFi til HS-server, og det virkar for at nettverket generelt, og den trådløse delen spesielt, er blitt tregare og tregare etterkvart som fleire einheiter deler på det. Vi har i dag standardrouteren (Tilgin HG2381) som kom frå nettleverandøren, og denne virkar etterkvart for å bli i svakaste laget til vår bruk. I tillegg har vi ein del dekningsproblem utandørs og ut til garasjen, det er løyst forholdsvis brukbart med eit par extenders, men dette er ikkje så stabilt som eg kunne tenkt meg. Ser også poenget i å ha fleire VLAN til smarthus (server, Arduino-kort osv), telefonar/nettbrett, gjestenett osv. Ser difor behovet for ein ny. Ønsker: STABIL og driftssikker Muligheit for fleire VLAN Min. 4 portar for kabla nettverk. Får eg behov for fleire i framtida så blir det ekstra switch. God rekkevidde, eksterne antenner? Helst ikkje så altfor dyr Har studert ein del i tråden om Altibox vs egen router, men må nok innrømme at eg ikkje henger heilt med på alt der. I tillegg er ein del av eldre dato. Hadde tidlegare ein Asus-router med DD-WRT, er åpen for det eller tilsvarande no også. Lurer også på om vi kan erstatte den vi har i dag med ein ny, eller må vi fortsatt ha denne mellom fibermodemet og den nye routeren for å komme på nett? Kan legge til at Takk for alle gode svar (og oppfølgingsspørsmål)
-
Legge opp big box på alle brytarpunkt er ein veldig god idé, og det kostar nesten ingenting ekstra. Det blir fort veldig trangt når du skal inn med f.eks Fibaro dimmer 2 i tillegg til andre ledningar og klemmer som er der frå før.
-
Den har nok litt å gå på, også oppover. TS seier jo at feilen oppstod når ein del av lasta forsvant, noko eg også har opplevd med LED med blinking, dårleg dimming osv som nok skuldast at det ikkje lenger stemmer med kalibreringa. Nedover har den forøvrig masse å gå på, eg har 2x ca. 7W LED-lamper som den dimmer heilt fint uten bypass.
-
Herved er ein ekstra UZB1 bestilt frå Intin. Skal bli spennande å prøve gjenoppretting på denne når den kjem, håpar HS kjenner den igjen!
-
Den skal kunne kjenne igjen defekte lyspærer. Om det er 255W til saman så antar eg at nokon av dei er halogen eller glødelamper, var det desse som var gått? I så fall vil nok effekten ha droppa såpass mykje at den får problem med å kjenne igjen resten. Om du får slike problem så kan ein rekalibrering løyse det heile, det gjer du ved å sette parameter 13 til 1.
-
Har 5 av den nye firkanta, den rapporterer temp, RH og lufttrykk og fungerer tipp topp inn i Homeseer via deCONZ ??
-
Det høyrest jo veldig lovande ut! Eg vurderer jo seriøst å kjøpe eit ekstra interface for å ha som reserve, for om det eg har havarerer er det jo faktisk krise. Er det gode argument for å kjøpe UZB eller Aeotec? Dei gjer vel samme jobben, førstnevnte er ein hundrelapp billigare hos Intin.
-
No har eg aldri brukt Tasker, men treng du den for å trigge eit event basert på statusendring frå ein bevegelsessensor? Kan du ikkje bruke HS sine standardtriggers, som f.eks denne?
-
Ja denne var interessant. Det står den passar til rullegardiner med innermål 28 mm. Jysk har f.eks denne typen som har 28 mm rør, så det bør vel være sjans at det passar...? Nokon som har testa med denne eller andre rullegardiner? Edit: Ser jo at Clas Ohlson har eigne rullegardiner som nok skal passe, men med elendige tilbakemeldingar på kvaliteten. Det fristar jo dermed ganske lite å kjøpe den typen...
-
Eg fant ein post på det store internettet om at Z-stick-backuptool som det blir linka til i post 2 også fungerer for UZB. Eg har no tatt backup og det fungerte tilsynelatende, men har ikkje noko ekstra interface for å teste gjenoppretting. Er det andre som har ekstra på lur og vil prøve?
- 17 svar
-
- 2
-
Du bør nok satse på å forbetre antenna i eine eller begge ender. Er det ekstern antennekontakt? I tilfelle er det jo ganske enkelt.
-
Har hatt hell med å bruke "Rebuild device values" under JowiHue-taben i HS. Rett nok ikkje med denne sensoren, men med diverse Xiaomi-sensorar.
-
Brukar HomeSeer, så har null og niks peiling på Homey. Men i HomeSeer er det ein eigen Z-wave-tab. Og naturleg nok må fw-oppgradering då skje etter at termostaten er lagt til nettverket,
-
Det betyr vel at dei enten kan integrerast i Homeseer, eller at det snart er ein plugin på veg? ?
-
-
Har du konkrete eksempel, gjerne med skjermdump frå deCONZ? Eg har etterkvart ein del sensorar (temp/RH/lufttrykk, magnetsensorar/dørkontakt). Førstnevnte er like i Phoscon App og HS, medan magnetsensorane (3 stk) indikerer konstant 0 gr.C i Phoscon App, i HS er det ingen temperaturdevice.