Eg begynte med Z-wave i Homeseer og det utgjer fortsatt majoriteten av alle komponentar. Fibaro dimmer 2 dimmer alle slags lyskilder (med unntak av lysrøyr) veldig bra. Har også ein del plugin-modular og fast tilkopla relé på Z-wave, og alt snakkar veldig bra saman på kryss og tvers av produsenter.
Har litt 433 MHz til temp.målingar, røykvarslarar og plugin-modular som blir brukt til midlertidige ting (f.eks juletrelys og batterilading), der det er eit poeng å ikkje bruke mesh som blir øydelagt igjen når bruken er borte.
Og litt (stadig meir) zigbee gjennom deCONZ mot HomeSeer med utstyr frå Philips Hue (fjernkontroll/lysbryter) , Ikea Trådfri (fjernkontroll og lyspærer) og Xiaomi (temp.målingar og lekkasjesensorar).
I tillegg litt anna tilkopla gjennom WiFi og USB.
Talestyring via Google fungerer veldig bra.
Og alt styrt av samme "hjerne", og det er eit veldig viktig poeng uansett kva for ein løysing du ender opp med. Her på forumet er i alle fall kompetansen på HS veldig bra, med mange brukarar som villig vekk gir support i små og store spørsmål ?