Gå til innhold
  • Bli medlem
Støtt hjemmeautomasjon.no!

bjornepappa

Medlemmer
  • Innlegg

    836
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    20

Alt skrevet av bjornepappa

  1. Er det fleire som fikk slutt på data frå Pulse til HS like etter kl. 21?
  2. Eg var blant dei få som fekk tak i Z-trm2 (uten fx), den har samme problem med trafikken, spesielt når releet ligg inne. Ser ikkje ut til å eksistere ny firmware til den, så det er vel på tide å reklamere og be om å få bytte... Edit: Henvendelse sendt og ny termostat er på veg i posten allerede ?? Ny fw skal inn så fort den er på plass.
  3. Og enden på visa vart at forhandlaren (Proshop) no omleverer (sender ny) støvsugar heilt utan kostnad. Godt håndtert ??
  4. Dette ser jo svært så lovande ut! Har lagt inn plugin og laga Twilio bruker, men står fast i forsøket på å "Get a Trial Number", får denne feilmeldingen: Og etter å ha lest gjennom innhaldet på linken skjønnar eg ikkje korleis eg kan "provide identity document". Tips til det?
  5. Har tidvise problem med tregt z-wave nettverk, men stort sett er det bra. Ganske sikker på at dette gjeld z-wave, då det som går på 433 MHz og Zigbee responderer raskt også når nodene ligg i samme event. Etter å ha prøvd dette i ca. 12 minutt vart topp 15: 20 152 17 40 44 29 10 26 39 14 23 13 6 11 43 8 3 5 21 4 45 3 52 3 40 2 41 2 12 1 Node 20 var ikkje uventa termostaten på badet, det er ein HeatIt Z-TRM2, men uten "fx". Altså den utgava som var veldig kortvarig på markedet, om eg hugsar rett...? I alle fall klarde eg å få tak i eit eksemplar av denne. Av assosiasjonar finst desse, og gruppe 3 og 4 er fjerna. Usikker på om endpoint har noko å sei...? I alle fall rapporterer den effekt, spenning og temeraturmålingar i hytt og pine, jevnt over ca. kvart 10 sekund (førstnevnte sjeldnare når relèet er utkopla). Her er det sikkert lite å gjere, polling er disabla. Eller er det noko som er verdt å prøve? Fw 2.11. Edit: Forsøkte på nytt å aktivere logging med reléet på termostaten skrudd av og på, begge i 12 minutt. Resultatet vart hhv. 14 og 204 rapportar! Ser at effekt og spenning blir rapporterte samtidig, og det skjer svært ofte når reléet er på.
  6. Ja, i siste mail som vart sendt i dag bad eg om nettopp dette. Spent på svaret...
  7. Kan legge til at støvsugaren er på reparasjon igjen, men med ny feil. Denne gang via forhandlar, då eg ikkje orka Neatos ubrukelige kundeservice enda ein gang. Etter over ein månad uten å ha høyrt noko kontakta eg forhandlar som informerte om at dei først no har sendt den vidare til reparasjon!!! Rimeleg frustrert forlanga eg estimert tid for når eg får den tilbake, dette kunne ikkje forhandlar svare på. Ut frå forrige erfaring vil eg anta minst éin månad til, mao. er vi uten i over to månader. Vi har vore veldig fornøyd med vår Neato så lenge den har fungert, men med den totalt ubrukelige kundeservicen når feil funkar opp (og to på kort tid når den er nesten ny er for mange) vil eg fråråde alle på det sterkaste å investere i Neato. Dessverre.
  8. Er det elektriker som har gjort dette? Det ser ut til L går inn på begge klemmene på lampen...
  9. Nei, det er nok OSO. Eg lurte litt på det samme, og etter å ha fikla litt fant eg ut att sjølvaste termostaten berre er ein plastkloss som ligg utanpå den rustfrie tanken, nøyaktig på samme måte som min DS18B20. Det fungerer. Skal ikkje uttale meg om eventuelle andre muligheiter på utløpet. Det eg i ettertid har gjort er å isolere denne med røyrisolasjon og målinga blir med det litt mindre påvirka av lufttemperaturen. Den er derimot ein meget god indikator på resterande varmtvatn i tanken.
  10. Men du kan jo montere f.eks Aeotec HD relé foran og overvåke temperatur vha DS18B20. Det har eg gjort og det fungerer svært så bra.
  11. Skulle vel ha holdt kjeft. To netter på rad no med stopp igjen. Andre med samme feil? ?
  12. Samme på vår Toshiba frå 2013.
  13. Har ikkje tenkt tanken før, men dette har jo vi også bruk for ? @ZoRaC, tenker du å la termostaten endre temp setpunkt på ein virtuell device og styre panelovn / varmekilde via script/event? Innbiller meg at @Moskus har eit script som gjer nettopp dette...
  14. Dette er også mitt generelle inntrykk.
  15. Mulig Tibber snikleser her ?
  16. Var du i dialog med Tibber? For etter du skreiv dette trur eg ikkje feilen har oppstått hos oss, og før skjedde det stort sett kvar natt. ?
  17. Med unntak av det åpenbare som å bruke jordfeilautomatar og montere overspenningsvern så er det greit å montere eit par stikkontaktar for forsyning av slike ting som Tibber pulse og andre smarte ting. Relé som skal styre alt på kursen som f.eks vaskemaskin eller varmtvannstank er også kjekt å få montert i skapet.
  18. Takk for tipset, det skal bli! Ser på config-sida at det under Keep Realtime alive skal gå an å justere tidsintervall. Forsøker å stille dette ned, men ved oppdatering er det tilbake på 1 time. Har eg oversett ein lagreknapp?
  19. Er det fleire enn meg som er plaga av at Pulse sluttar å sende data ei kort stund like etter midnatt? Her skjer det nesten kvar natt, med det resultat at TibberSeer kræsjar og stort sett resten av HS stoppar opp. Har løyst dette med eit event som restartar HS, men det er jo ikkje ideelt å gjere det til stadigheit (innbiller eg meg).
  20. Vil anbefale Aeotec HD relé til dette.
  21. Fibaro dimmer 2 kan anbefalast, eg har mange av denne og dei dimmar veldig fint. Av multisensor vil eg anbefale Aeotec MS6, fordi den kan køyrast på 230V vha micro-usb forsyning. Dermed slepp du å skifte batteri til stadigheit. Har erfart at denne nok er litt mindre følsom enn Fibaro, men likevel "god nok" og fordelen er større enn ulempen. Ser uansett ikkje poenget med å absolutt kun bruke éin leverandør, alle z-wave produkt skal prate med kvarandre.
  22. Done! Og dette ser bra ut! Får kun rapport om strøm i fase L1 og L3, har nokon ein god forklaring på den saken? Og spenning på L1, L2 og L3, veit nokon kva det er målt relatert til? Edit: Og når eg tenker tilbake på vekselstrømslæra så var vel ein vesentlig sak towattmetermetoden, som kan brukast til å beregne effekten i eit 3-fase system ved strømmåling av kun 2 fasar...
  23. Problemet med induktiv last er ikkje når den først går. Derimot når du skal bryte induktiv kan reléet få problem og ein risikerer at det ikkje klarer jobben. I beste fall eit defekt relé, i verste fall ståande serielysbue som brenner opp pluggen og potensielt huset. Fibaro sin plugg er stempla med 2500 Watt, men reaktiv effekt er målt i VAr (voltampere reaktiv). Forbrukeren i ei varmepumpe er i all hovedsak kompressoren og den er induktiv.
  24. Glad eg har HomeSeer som kan integrerast mot stort sett alt...
  25. Samme her. Setter det opp som alle andre events.
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å gjøre denne siden bedre. Du kan justere dine innstillinger for informasjonskapsler, ellers vil vi anta at dette er ok for deg.