Eg var i samme situasjon for eit års tid sidan. Hadde forholdsvis låge ambisjonar, men hovudpoenget var økonomien i å plassere forbruket på lågast pris.
Hadde null peiling på verken teknologi eller system, men endte opp med HomeSeer etter å blitt overtala av @Moskus. Her har vi også den fantastiske HomeSeer-skolen som varmt kan anbefalast. I ettertid har systemet auka ein heil del, og i tillegg til det du nevner har eg fått ein del lysstyring, temperaturmålingar, styring av varmepumpe x 2, robotstøvsuger, garasjeportar m.m. Fordelen med HomeSeer er då at systemet på ingen måte begrensar muligheitene for automasjonen du vil ha.
TibberSeer plugin er eit must for det du etterspør, då får du strømprisen m.m direkte inn i HomeSeer for styring av laster etter prisen, det fungerer veldig bra. Om du ikkje har blitt Tibberkunde allerede kan det anbefalast, både mtp at du f.eks kan få livemåling av forbruk veldig enkelt og billig vha Tibber Pulse, men først og fremst fordi det gir det muligheiten til å få prisar, historisk forbruk, liveforbruk osv. direkte inn i HomeSeer vha nevnte plugin. Eg kan gjerne også verve deg om dette høyrest interessant ut, bruk i tilfelle denne linken så får vi begge 500 kr å handle for hos Tibber
Z-Wave er det eg vil anbefale å begynne med - godt utvalg i komponentar og systemet blir betre og betre desto fleire nodar du får inn i nettverket (pga. mesh). Eg har i ettertid også fått inn 433 MHz for bl.a. temperaturmålingar og røykvarslarar samt ZigBee, men det er og blir Z-Wave som er bærebjelken i systemet.