Gå til innhold
  • Bli medlem
Støtt hjemmeautomasjon.no!

bjornepappa

Medlemmer
  • Innlegg

    836
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    20

Alt skrevet av bjornepappa

  1. Det er heilt korrekt. 12V så lenge alt er ok på pinnen det normalt er 5V. Fast 5V på ein anna pinne. Kunne med fordel vore løyst med å bruke ein anna konnektortype...
  2. Då har eg fått til noko. Hovudeinheiten som sit i kjellaren har to USB-kontaktar. Desse er merkte ACT1 og ACT2 (aktuator 1 og 2). ACT1 er i bruk til motorventilen som fysisk stenger, men ACT2 var ledig. Denne har konstant 5V ut, som er normalt for USB - men den gir også 12V ut - så lenge status er satt til "On", altså så lenge alt er ok (ingen lekkasje) og motorventilen skal vere open. Ved detektert lekkasje eller straumbrot (mista 12V inn på hovudeinheit) kuttar den også 12V ut på USB-portane. Eg kopla 12V frå USB-utgangen som styrestraum på eit relé, og kopla så NO-kontaktsettet på reléet mot ein digital inngang på NodeMCU som frå før overvåka temperatur på vv-tanken som står like ved. NodeMCU har dermed overvåking på om ventilen stenger, og det blir sendt pushvarsel dersom dette skjer. Eg får ikkje til å styre ventilen via 433 MHz, men ved straumbrot mistar den som sagt 12V ut, og då stenger motorventilen. Har difor satt inn eit 230V Z-wave plugin-relé som kan styrast frå HomeSeer før straumforsyninga til hovudeinheiten, og dermed er det enkelt å automatisere vannstenging f.eks ved feriemodus og det kan også styrast manuelt frå telefon eller kjøkkenskjermen 🙂 Bilde 1 viser hovedeinheit der det er henta ut 12V styrestrøm på den svarte/grøne USB-kontakten. Bilde 2 viser NodeMCU og blått relé som blir styrt av 12V styrestrøm og som igjen styrer D1 på NodeMCU. Bilde 3 viser kjøkkenskjermen, med vatnet som to devicer under "Av og på". Skjermbildet er fortsatt under oppbygging etter oppussing av kjøkken.
  3. Takk for det. Den har USB, får undersøke litt om den kan brukast...
  4. Skal du uansett automatisere belysning så kan det vere fornuftig å kjøpe multisensorar som detekterer både bevegelse, lysstyrke, temperatur, eventuelt luftfuktigheit m.m. Vi har pussa opp stove og kjøkken og har gått over frå Fibaro Multisensor (med batteri) til Aeotec Multisensor 7 med fast power (USB/5V), det var bevisst for å slippe stadige batteriskifter. Begge desse to bruker Z-wave for kommunikasjon, og begge er stabile og gode valg etter min erfaring. Frå før har vi fleire Aeotec Multisensor 6 på fast power, som også har fungert knirkefritt over fleire år, men følsomheiten for bevegelse kunne vore betre (det er blitt betre på versjon 7). Men vi har også ein heil drøss Aqara multisensor som detekterer temperatur og RH/luftfuktigheit. Desse fungerer veldig bra mot Conbee og deConz, som rapporerer vidare til HomeSeer i vårt tilfelle. Fordelen er at dei er langt billigare, men du må skifte batteri (ca. 1 gang per år etter min erfaring), men stabiliteten er veldig bra og dei er veldig plasseringsvennlige. Desse brukar Zigbee til kommunikasjon.
  5. Vi har pussa opp bl.a. kjøkken, og røyrleggar har montert Aqualarm trådløs lekkasjestopper. Eg har leitt etter data for denne, og har funne ut at den opererer med 433 MHz (434,7). Har eit håp om at det bør gå an å detektere og eventuelt styre den vha. RFXtrx - har prøvd å søke etter den som Security Sensor, men har ikkje funne den med dei protokollane eg har aktivert. Ser den ikkje i lista for støtta einheiter i RFXtrx. Er det andre som har denne og har fått til støtte? Eventuelt muligheit for å overvåke og/eller styre den via USB-kontakt på hovedenhet?
  6. Samme her, trur dei første er frå 2016. Er i gang med renovering av kjøkken, stove og gang og det blir fortsatt Fibaro dimmer 2. Kjekt å bruke S2-inngangen til styring av scener, andre lys etc.
  7. Har ikkje funne nokon god grunn til å gå over til HS4, enn så lenge HS3 fungerer knirkefritt til vårt bruk 🙂 Men, HS3-installasjonen er på ein etterkvart aldrande pc med Windows 10. Det er på tide å skifte ut denne før den tar kvelden, og eg har difor satt opp HS3 på ein ny server med Windows 11. Installert HS3 frå scratch, deretter lagt inn backup frå den gamle installasjonen og starta opp. Det aller meste fungerer - Z-wave, Zigbee (via deConz) osv. Men eg har ein del NodeMCU-kort til bl.a. temperaturmåling på vv-tank, overvåking av garasjeportar m.m, som kommuniserer med HS3 via Arduino plugin. Dette har fungert knirkefritt i fleire år på den gamle serveren, men eg får ikkje kontakt på den nye. Har sett gjennom alle brannmurreglar på den nye serveren, og det ser identisk ut med den gamle. Har sågar deaktivert brannmur fullstendig, men plugin får fortsatt ikkje kontakt. Klarer fint å pinge korta. Ny server er forsøkt både med DHCP og samme statiske IP som den gamle, uten hell. Om nokon har tips som kan hjelpe på veg er eg evig takknemlig 🙂
  8. Prøveoppkopling av nyankomne MS7 - ser ut til at denne er langt meir følsom enn MS6 var. Har dermed tru på at dette blir bra 🙂 Ny rapport kjem etter permanent montasje...
  9. Takk for svar. Det vart bestilling av MS7 + innfellingsrammer her. Er fornøgd med innfelling av MS6, så trur eg skal klare å leve med det. Det går an å justere følsomhet også på MS6, men sjølv på maks er den etter mitt syn veldig kresen. Etter det eg har lest om MS7 så skal den visstnok være bedre på det punktet 😊 Nokon som har montert MS7 i tak, eventuelt gode eller dårlige erfaringer?
  10. Vi er i gang med oppussing av stove, kjøkken og gang og eg ser muligheiten for å skifte frå Fibaro multisensor med batteri til noko ein ikkje treng å skifte batteri på. Har fleire MS6 med USB-forsyning frå før, dei fungerer bra men kanskje litt lite følsomme for bevegelse etter min smak. Er Aeotec MS7 "rette" å gå for i 2024? Kor kresen er den ift. plassering for å detektere bevegelse (samanlikna med MS6)? Og kan den fellast inn i vegg/tak med samme adapter som MS6? (Edit: Ja, det kan den) Fortsatt HomeSeer (3) her i huset 🙂
  11. Har Z-Wave her og den fungerer som den skal, verken meir eller mindre. Men har Zigbee til andre ting, og generelt hender det at Zigbee har litt "hikke", må bruke svenskeknappen på enkelte noder innimellom - og det skjer aldri (bank i bordet) på Z-wave. Mine erfaringar tilseier at eg vil ha Z-wave på slikt som alltid skal fungere.
  12. Etter lang tids problem med falske alarmar på KD101 (dei var også blitt 10 år, så på tide å skifte) vart det denne gong Housegard Origo, 13 stk. Har fått inn alle i HomeSeer som individuelle devicer, slik at ein kan få pushvarsel med melding om kva for røykvarslar som gir alarm. Som med KD101 har vi events som skrur av kaffitraktar, skotørkar, vaskemaskin, tørketrommel, oppvaskmaskin m.m. ved alarm - det kan potensielt avverge ein brann i "oppstartsfasen". Ser bra ut så langt.
  13. No er prisen hos Kjell & Co uten N-leiar 429 kr. Som alt anna kan det vere lurt å sjekke pris fleire plassar. Dette tilsvarer 70 kr meir enn prisen du fant for versjonen med N-leiar. Når Aqara lagar to versjonar så er det nok for ein grunn. F.eks Fibaro Dimmer 2 er i éin versjon som kan brukast på begge måtar. Edit: 379 kr hos Proshop, prisforskjellen er nede i 20 kr.
  14. Då vil jordfeilbrytaren falle ut momentant. Du bør nok kontakte elektriker for montasje når dette er tema i det heile tatt. Derimot: Det finst jo versjon uten N-leiar. Kvifor ikkje bruke den?
  15. Det burde eg heilt sikkert, det er berre denne tiden 😆 Sendte ein mail til Greig Dempster som har laga plugin, han bekreftar at det må lastast ny konfig til korta.
  16. Jo, etter å ha sjekka så er det faktisk det. Ser ikkje ut som at oppgradering er heilt rett fram. Får prøve å slette gamle og installere på nytt. Meget mulig at eg også må oppdatere konfig på alle korta rundt i huset...æsj.
  17. Har omsider satt opp ein ny HS-server med HS4. Kopierte heile gamle HS3-installasjonen over på ny maskin (for å halde liv i HS3 på den gamle) og oppgraderte deretter til HS4. Det gjekk veldig fint. Det meste ser ut til å fungere, men Arduino Plugin klarer ikkje å kople til NodeMCU-korta som blir brukt bl.a. til temperaturmålingar og styring av garasjeport. Antar det er noko nettverksmessig, men nye serveren er på samme VLAN som gamle, brannmurinnstillingar skal være ok både i Windows og nettverket (har sågar forsøkt å skru den heilt av på serveren). Har satt opp med statisk IP og samme IP-adresse på ny server som den gamle, men eg kjem ingen veg. Tips?
  18. Eg brukar ein magnetkontakt omtrent som denne her, kopla mot inngang på ein NodeMCU. Det fungerer bra til indikering. Funksjonen blir som ein Fibaro Smart Implant, men ein god del billigare. Eg brukar derimot ein Smart Implant til å trigge åpning/lukking, då NodeMCU viste seg å av og til trigge utilsikta opne/lukke (sette utgang høg). Hos meg er porten nokså presis når det gjeld å "treffe" med magneten. Har du meir unøyaktigheit kan du som fleire har nevnt bytte ut magneten med ein sterkare slik at kontakten vil trigge også ved litt avvik.
  19. Eg brukar ein heilt vanleg "USB-skøyteledning" til å få Conbee og UZB (Z-wave-interface) utanfor racket. Det funkar fint. Eit rackskap blir som eit faradaybur, det vil øydelegge for alle radiosignal veldig effektivt.
  20. Samme her med 0.0.3.4, eit steg i rett retning 🙂 Oppdatering tre ganger rett etter klokka 12, og så kom det like etter klokka 13. Derimot har det ikkje blitt oppdatert no etter klokka 14.
  21. Eg prøver også. Fortsatt skyer, men er meldt sol i dag 🌞
  22. Jepp, det finst ferdig løysing for dette. Eg har brukt det litt, fungerer tipp topp. Det genererer to devicer, som du kan automatisere som du vil. https://forums.homeseer.com/forum/3rd-party-developer-area/general-developer-discussion/jon00/64760-jon00-homeseer-plugin-enable-disable-utility
  23. Realtime PowerProduction er ikkje realtime hos meg heller. Oppdaterer seg ein sjelden gang i ny og ne, så det er jo liv. Den ser f.eks sånn ut her dei siste to timane, som er det einaste aktuelle i dag (overskya). Tibber seier derimot at produksjonen har vore stigande og overgått forbruk (dvs. negativt forbruk) sidan ca. 1141, det stemmer med tidspunkt for siste oppdatering av Realtime forbruk-devicen.
  24. Gi meg gjerne eit hint om vegen vidare 🙂 Har logga inn, men finn ikkje data der inne...
  25. Veldig usikker faktisk. Men, det ser ut til at Realtime PowerProduction ikkje heng heilt med i svingane likevel. Den gjekk til 0 kl. 1430 og har ikkje endra seg sidan. Tibberappen seier derimot at forbruk har vore negativt i fleire periodar etter dette (skiftande skydekke), så den burde ha endra seg etter det. Eg har også sett i dag at spenningsmålingane har stoppa opp fleire ganger når forbruksdevicen har stoppa like over null. Har ikkje kompetanse på dette, men har ein anelse om at det fortsatt er ein bug i plugin ift. realtimeverdier...🤔
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å gjøre denne siden bedre. Du kan justere dine innstillinger for informasjonskapsler, ellers vil vi anta at dette er ok for deg.