Gå til innhold
  • Bli medlem
Støtt hjemmeautomasjon.no!

bjornepappa

Medlemmer
  • Innlegg

    836
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    20

Alt skrevet av bjornepappa

  1. Stemmer at dei virkar for å ha litt dårlegare dekning enn mange andre, men 3 m bør ikkje akkurat vere problem. Kan også nemne at éin av fem no har takka for seg etter nokre månader på drift - vil ikkje kople inn verken lokalt eller via HS. Ingen kontakt frå HS i det heile tatt. Får sjå kor lenge dei resterande varer...
  2. Det er heilt korrekt. Å justere setpunkt opp og ned eit par grader derimot, går fint.
  3. Vv-tanken skrur du PÅ om natta og av om dagen, så bruker du straumen når den er billigst. Totalforbruket blir det ganske nøyaktig det samme. Varmekabel er fornuftig å senke eit par grader, har sjølv lagt inn det kl. 21-04 samt dei 6 dyraste timane i døgnet. Då er det varmt når vi legg oss og når vi står opp att.
  4. Du har jo alltids Aeotec Heavy Duty, den er overkill men det er i grunn ingenting negativt i det. Sjølv har eg dette reléet til vv-tanken. Det er godkjent for 12,5 A, som er nok med ganske god margin. Å bruke "støpselrelé" fungerer jo det, men av samme årsak som at det ikkje lenger er tillatt å kople til 2 kW vv-tank med støpsel så er jo dette lite lurt over tid.
  5. Om du har HomeSeer, kvifor ikkje gjere det enkelt og gå for Tibber?
  6. Veit ikkje heilt om eg skjønte siste posten. Men her er i alle fall koplingsskjema for bruk av kronevender ("dobbel bryter").
  7. Bra! For dei av oss som har HomeSeer så har jo @Moskus utvikla det fantastiske TibberSeer ?
  8. Det fine er også at om ikkje den ekstra brytaren (S2) ser ut til å ha noko poeng med ein gang så kan den brukast til å aktivere fleire scener, som f.eks dag/kveld/natt-belysning, all off eller kva du no enn vil ha gjennom events. Særdeles nyttig.
  9. Eg har ikkje veldig mange dimmarar (enda), 6 totalt. Av desse er 2 dimmarar kopla på 2xdimbare 6W LED-pærer og 1 kopla på gammaldagse sparepærer, 2x ca. 7 W. Alle tre fungerer fint uten bypass og dei dimbare synest eg går nokså langt ned, men kan hende eg kunne fått dimma lenger ned med bypass. Sparepærer og andre ikkje dimbare laster blir detektert ved oppstart og dimmaren går då kun til 0 og 100%. Likevel kan du jo vere uheldig og få dårleg resultat, men det er i alle fall ein god sjanse for at alt fungerer fint.
  10. Det er forsåvidt ein muligheit om det blir kombinert med standardavvik > N øre. Nei, dette var altså berre ein tankelufting basert på eit lite forsøk som så langt har vist seg å fungere nokså bra. Ikkje noko krav til at dette blir implementert i TibberSeer
  11. Standardavvik > 5 tyder på stor variasjon innad i døgnet, men det kan godt hende at 5 ikkje er rette verdien. Både i dag og i morgon er den forsåvidt over 10, så den er grei. Poenget er at for slike dagar (som jo styringen virkeleg kjem til sin rett) så er ikkje besparelsen så stor kun ved å bruke high-verdien...
  12. I dag er prisen nokså spinnvill (vedlagt bilde) heile dagen, men langt meir moderat på kveld og natt. High-value er 100,5 øre, denne har eg fram til no brukt til utkopling av eine vv-tanken (ja, vi har to, og den andre er kun inne på dei 6 lågaste timane) og oppvaskmaskin (om den ikkje allerede går). Denne verdien vil i dag kun gi utkopling dei 3 høgaste timane, men samtidig slippe til forbruk på timar som har nesten like høg pris. For å få utkopling i lenger periode oppretta eg ny device som vha Easytrigger setter high2-devicen (den nye) 5 øre lågare dersom standardavvik>5 øre, som vil vere ein indikator på at det er stor variasjon i døgnet. Dette ser ut til å gi fornuftig styring på slike dagar. Er det kurant å lage noko liknande intregrert i TibberSeer?
  13. Det kan du bruke standardavvik-devicen til.
  14. Enig i den, men det er nok dessverre eit nivå for høgt for mine kunnskapar - og då forsvinn også poenget med plugin, at det blir enkelt å gjere forholdsvis kompliserte ting med Arduino ?
  15. Du hugsar kanskje at eg for ei tid tilbake testa ein del med Nth higher/lower than alle 24 timar, og at konklusjonen vart at når eit slikt event først vart oppretta hang N-verdien igjen også om N vart endra. Dermed kunne det heller ikkje kopierast for så å endre N. Var dette også pga. denne skrivefeilen (og er det dermed fiksa)?
  16. High er snittpris + standardavvik. Lav er snittpris - standardavvik. Så det ser korrekt ut.
  17. Har ein heil del Wemos D1 mini-kort rundt omkring som rapporterer temperaturar og det fungerer fint det, men ingen av desse er satt opp gjennom Arduino plugin. Så har eg ein NodeMCU som blir brukt til garasjeportstyring og -overvåking, til dette har eg brukt to digitale inngangar og to digitale utgangar - det fungerer også fint. Har no eit Arduino Uno via USB/Com-port plugga i HS-serveren som overvåkar temperatur og dørstilling til kjøleskap og fryseboks, plassert like ved serveren. Her går to DS18B20-sensorar på OneWire og to magnetkontaktar på kvar sin digitale inngang, og dette fungerer strålande. Men - kunne tenkt meg tilsvarande funksjonalitet via WiFi for å kort plassert på andre plassar. Har forsøkt å sette dette opp på D1 Mini, men får berre feil ved kompilering. Ved valg "NodeMCU" i plugin eksisterer ikkje valget OneWire, dermed er DS18B20 utelukka der. Ved valg av Arduino-kort i plugin og NodeMCU i Arduino-SW blir det også feilmelding... Har nokon tips til andre kort som dette fungerer på og som kommuniserer over WiFi? Takk for alle gode svar
  18. Eller så kan du bruke ein ferdig guide ?
  19. Kan skrive under på at Telldus Plug ikkje har god rekkevidde, det vart veldig synlig ved optimalisering i HS, to stk hadde nesten ingen naboar sjølv om dei faktisk hadde veldig kort veg. Men likevel - godt nok er godt nok i mine tilfelle. Likevel nyttig å ha litt input på kva som skal til for å nå f.eks ut i garasjen... Kunne i grunn tenkt meg ein repeater med ekstern antennekontakt så ein kunne ha kopla på ei valgfri antenne som då kunne fått skikkeleg plassering og jordplan, snarare enn ein samankrølla kopartråd innvendig...
  20. Har Hafslund Aidon? I tilfelle er det likt som hos oss, ingen reaksjon i det heile tatt.
  21. Har bestilt eg også. Supert utvalg, bra pris og gratis frakt ?
  22. Liten oppdatering: Har så langt registrert éitt tilfelle der det var berre lunkent vatn i dusjen, men dette var ved dagens siste dusj - og kort tid etter kopla reléet inn. Konklusjonen er i grunn at temp.overvåkninga på innløpet meir eller mindre er overflødig - den er sjølvsagt "kjekt å ha", men gir i grunn liten nytteverdi i styringa. Denne måler godt i overkant av 70 gr.C stort sett kvar natt - meir enn ofte nok til å unngå tilløp til legionella. Å behalde målinga i topp kjem eg uansett til å gjere, dette for å ta hånd om eventuelle tilløp til kaldt vatn om vi f.eks har overnattingsgjester med stort forbruk.
  23. Testa, og den rapporterer fortsatt ikkje. Derimot førte det til at den ikkje lot seg skru av/på frå HS i det heile tatt, så eg skifta tilbake til 1 ?
  24. Målet med automasjon må vel vere at mest mogleg går av seg sjølv. Kan forøvrig anbefale HSBuddy som eit enkelt og ganske bra alternativ til HSTouch.
  25. Takk for tilbakemelding. Får prøve litt meir, men virkar nokså dødt. Kva slags målar har du?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å gjøre denne siden bedre. Du kan justere dine innstillinger for informasjonskapsler, ellers vil vi anta at dette er ok for deg.