Har no vidareutvikla garsjeportstyringen (styrt via Arduino-plugin) med endebrytar både i åpen og lukka stilling. Desse indikerer hhv. åpen og lukka på kvar sine devices i HS, men ønskjer å få samla styring samt indikering i alle tilstandar (åpen, lukka og mellomstilling) på ein separat device per port, altså kun to synlige devices og dei fire andre som "hjelpedevices".
Fekk til dette når eg kun hadde indikering på lukka/ikkje lukka stilling, då eg oppretta ein tredje tilstand, "åpne/lukke" på devicen som indikerte lukka/ikkje lukka og det fungerer fint, ved aktivering av denne blir det trigga event som gir åpne-kommando på devicen som trekker reléet kopla på portopnaren.
Men med siste utvidelsen, altså separat endebrytar for åpen tilstand, slit eg med å få dette til utan å måtte ha mange "unødvendige" kommando-muligheiter på devicen som skal både styre og indikere.
Ser at ved å sette "Status-Control" kun til status går det ikkje an å trigge denne vha. events.
Har forsåvidt oppretta separat device som kun indikerer vha events frå dei andre devicane og denne kan fint utvidast til også å ha kommandomuligheit, men det vil gi fire kommandoar der eg kun ynskjer å ha éin (åpne/lukke) synleg.
Er det andre måtar å gjere det på, eller blir det for mykje å be om?