Gå til innhold
  • Bli medlem
Støtt hjemmeautomasjon.no!

bjornepappa

Medlemmer
  • Innlegg

    836
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    20

Alt skrevet av bjornepappa

  1. Dette er nok enklaste løysinga. Vil anta det går bra då dei mest sannsynleg har samme potensiale, men vil ikkje garantere. Men, det beste vil vere å dele det opp i tre einpolte brytarar. Det går fint å bruke ein topolt med delt vippestykke (front) så har du totalt to brytarar. Til den tredje bruker du kronevender ("dobbelbryter"), så styrer du både S1 og S2 på denne. Du finn heilt sikkert noko å bruke S2 til ?
  2. Det har du alldeles rett i! Takk for tipset.
  3. Termostaten du har er kun seriekopla med varmekabelen, så du må forsyne den nye termostaten med begge fasar. Derimot vil eg anta at reguleringsbrytaren (1-2-3) sikkert står på utsida av badet, på andre sida av veggen ift. termostaten? I så fall fiksar elektrikaren som monterer ny termostat dette svært enkelt Enten ved å montere den nye termostaten på innsida og kople vekk reg.brytaren på utsida, eller ved å montere den nye termostaten på utsida og erstatte noverande termostat med temp.følar for den nye termostaten.
  4. Har no fått lagt inn events for senking og heving, i første omgang uten hensyn til prisen. Blir kun trigga av natt og dag samt registrert bevegelse. Kom gjerne med forslag til forbedring og andre endringar Devicen "Varmepumpe senking" som kan settast til "Senking AV/PÅ" er brukt for å enklare kunne endre verdiane for høg/lav temperatur plass, dette blir gjort i to andre events som blir trigga av verdiendring for devicen "Varmepumpe senking". Edit: Dette er kanskje ikkje heilt sjølvforklarande. Devicen "Varmepumpe automatikk" kan settast til "Auto heime", "Auto ferie" eller "Manuell", har tilsvarande for bl.a. styring av lys og vv-tank.
  5. Naturlegvis er det HomeSeer som skal styre, men varmepumpa har fortsatt funksjon som (hoved)leverandør av varmen (ev. kulden) Flott om du har noko på lager, kjem nok uansett til å begynne å pønske og prøve litt. Edit: @Moskus, kan det være ein tanke å lansere pris for neste time, ev. også timen deretter, som device(s) i TibberSeer? Dette kan jo med fordel brukast til å heve tempen litt ekstra om inneverande time er lav og dei kommande er høge.
  6. Då har vi omsider fått på plass ein Remotec ZXT120 for styring av vår Toshiba luft-luft varmepumpe, og så langt ser denne ut til å fungere upåklageleg - oppsettet var kjapt og enkelt, og varmepumpa godtok første forsøk på IR-kode. Så var det å automatisere! Har laga eit par events (HomeSeer) for å håndtere feriestyring - senking når vi er borte og å få opp igjen varmen før vi er heime. Vidare tenker eg å lage events for senking og ev. heving på døgnnivå - har andre gjort det før meg og vil dele erfaringar og tips? Tenker på å lage nattsenking og eventuelt midt på dagen-senking eit par grader, men kanskje også heve temperatur-SP ein grad eller to i timen før prisen stig? Tankar rundt dette? Alle tips og forslag blir mottatt med takk
  7. Eg har ikkje hatt nøyaktig samme problem, men hadde også problem med oppdatering av devices på ein single switch. Prøvde alle slags assosiasjonar uten hell. Oppdaterte til nyaste beta-versjon av Z-Wave, alt ok. Det kan også virke som at det generelt er meir problem med slike ting hos Fibaro når ein inkluderer secure vs non-secure, men det kan kanskje vere eg som har vært uheldig...
  8. Kan det være driverproblem? Meiner å hugse at Windows ikkje installerte korrekt for min del, og at eg måtte installere manuelt... Sent fra min SM-G930F via Tapatalk
  9. Sjå tre vedlagte bilder. Her er tre forskjellige som vår Neato Botvac Connected neeesten klarer, men berre nesten. Ser ut til at grensa ligg på ca 2 cm. Det mest irriterande er at ved å køyre manuelt klarer eg stort sett å komme over sjøl, om eg køyrer på skrå, med unntak av bilde nr.2.
  10. Eg har enn så lenge kun éin Fibaro wall plug på drift, men fann fort ut den i HS (men ikkje i verkelegheiten) at den satte reléet som "Off" kvar gong straumforbruket gjekk til null, og "On" igjen når straumforbruket vart >0. Var feil standardoppsett i assosiasjon, etter å ha endra til slik fungerer det som det skal: Veit ikkje om dette hjelper TS, men det kan vere verdt å sjekke.
  11. 600 kr + frakt.
  12. I går kom vår kjære Ruskesara (Neato Botvac Connected) med posten! Erfaringane så langt er veldig bra, er så langt ganske forskrekka over kor mykje støv, hår og anna rusk ho får tak i. Det eg ikkje får til i HomeSeer, er å velge mellom Eco- og Turbo-støvsuging, på tross av at valga er der. Det vart ikkje verken verre eller bedre etter at eg laga norske navn. Tips? Har også eit par dørstokkar der Ruskesara treng eit bittelite dytt for å komme over. Har nokon anbefalingar av tiltak som kan fikse dette?
  13. Her kan du lese litt, vel og merke går kommunikasjonen til HS via wifi.
  14. Då er Neato Botvac Connected bestilt og på veg med Posten!
  15. Noko nytt på robotstøvsugerfronten? Ser ut som det blir ein slik på oss også, sidan vi allerede har Homeseer på full drift må den sjølvsagt vere smart nok til å kommunisere. Kan også nevne at vi bur i eit gammalt hus med dørstokkar, så om den klarer slike hinder er det veldig bra! Tips og anbefalinger er veldig velkomne!
  16. Ser ut til at vi har nokså lik tilnærming. No har vi akkurat komme tilbake frå eit par veker ferie (med varmtvann avskrudd og ferdig oppvarma til vi kom heim ?), så har ikkje fått så mykje statistikk enda. Men, vi har jo normalt sett ganske få timar med spenning på tanken, og så langt har det ikkje skjedd éitt einaste tilfelle med kaldt vatn.
  17. Vart litt skuffa no. Synest at forbruket mitt i Tibber stemte dårleg overens med måten eg plasserer store deler av forbruket på denne tida av året. Sendte difor ein mail til nettleverandør for å få bekrefta at det faktisk blir avrekna på timesnivå. Fekk raskt svar: Takka ja til sistnevnte, men det var uansett ikkje dette svaret eg håpte på...
  18. Tibber får tilsendt forbruket ein gong per veke (ser ut til å vere onsdag morgon), men med timesoppløysing. Du ser det på analysefliken i Tibber.
  19. Med AMS måler er poenget avlesning på timebasis. Eg har hatt det ei stund, har Tibber som leverandør. For tida er prisen ganske så flat og kjedelig, men til vinteren kan det være gode sjansar for å plassere forbruk på dei lågaste timane.
  20. Har gjort omtrent det samme som deg, og har ikkje hatt problem med kaldt vatn. Her er min framgangsmåte.
  21. Har hatt ute batteria, men kanskje ikkje så lenge som 2 minutt. Har også brukt CDM uninstaller for å fjerne driveren eg installerte, det såg ut til å fungere, men det vart ikkje betre likevel. Det får bli eit forsøk med batterifjerning og reset...
  22. Windows vil ikkje godta FTDI-driveren. Ved å velge plassering der den er lagra får eg denne feilmeldinga: Og om eg prøver å velge driver manuelt, finn ikkje Windows at eg har installert driveren (har lasta ned og installert .exe-fil med driver), den burde vel blitt liggande som FTDI... på denne lista. Og ved å forsøke søk etter driver i katalogen der den du linka til er nedlasta påstår Windows at driveren er oppdatert, men den beheld den gamle Microsoft-driveren frå 2006. Har hatt ein del drivertrøbbel med andre meir eller mindre sære ting, men aldri i nærheiten av dette. Så er i grunn i ferd med å gi opp dette forsøket snart...
  23. Takk for det. Det er nok samme driver som eg allerede har lasta ned, no gjenstår det kun å få kopla til stasjonen og deretter aktivere driveren. Og krysse fingrane
  24. Har no testa med tre forskjellige kablar med samme resultat, har også testa på to andre pc'ar med Win7, samme resultat der. Har dessverre ikkje adminrett på desse, så får ikkje installert driver eller program. Men, ser at du har ein heilt anna driver enn meg, min(e) påstår å vere ein frå Microsoft lansert i 2006. Fant den samme som du har på ftdichip.com, men er på arbeid for øyeblikket så får ikkje testa. Kan godt hende dette er problemet.
  25. @Mobile26, litt feilsøking: Måtte du installere medfølgende programvare (EasyWeather) for å få stasjonen til å kommunisere, eller klarer du deg kun med Cumulus? Tenker på om det kan være driver som blir installert samtidig med EasyWeather...
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å gjøre denne siden bedre. Du kan justere dine innstillinger for informasjonskapsler, ellers vil vi anta at dette er ok for deg.