Gå til innhold
  • Bli medlem
Støtt hjemmeautomasjon.no!

bjornepappa

Medlemmer
  • Innlegg

    836
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    20

Alt skrevet av bjornepappa

  1. Den kjem opp som HID compliant device, men ingen com-port. Er nok ikkje original kabel, anar ikkje kvar den kan være. Men ein form for kontakt er det nok uansett. Får rote i kabelkassen og sjå om eg finn ein anna, kanskje det blir bedre.
  2. Då er stasjonen tilkopla pc, og Windows påstod nokså kjapt at den var installert og klar til bruk. Den kom likevel ikkje opp i lista med aktive com-porter. Bruker Windows 7. Kan du hugse om du måtte installere driver manuelt i tillegg?
  3. Fantastisk! Eg kjem med tilbakemelding så snart kabel er tilkopla og data forhåpentlegvis kjem rennande inn.
  4. Takk for den, det må prøvast når eg har fått det på drift. Må Cumulus fortellast at det skal skrive data til realtime.txt på noko vis?
  5. Og takk for denne også. Hadde satt opp det meste likt, må berre hugse å endre com-port når kabelen er på plass ?
  6. Takk for fila, og no kom det inn verdiar, vel og merke dine verdiar Eg var så lur og endra ein del devicenavn i ini-fila før eventen vart køyrd første gang, så då vart det litt hubba bubba. Men det skal eg klare å fikse. Då gjernstår det kun å få værstasjonen inn i Cumulus, men det bør vere ein smal sak.
  7. Takk for bra svar! Er ikkje heime no, men har fått lagt inn scriptet og installert Cumulus, får håpe eg finn korrekt type USB-kabel heime ein plass. Har uansett prøvd å oppdatere .ini-fila til brukbare device-navn og køyrt eventet med scriptet manuelt, utan at det vart oppretta noko. Ser at "Realtime.txt" i Cumulus-mappa ikkje eksisterer, men det er kanskje fordi Cumulus ikkje har klart å samle inn data frå stasjonen? Og det kan vel medføre at scriptet ikkje går sin gang...
  8. Takk for svar, dette ser jo bra ut! Koblar du "innedelen" til HS-serveren via USB? Brukar du plugin eller script eller noko heilt anna for å få verdiane frå Cumulus til HS?
  9. Sidan hovudmotivasjonen min for å ta i bruk HomeSeer var å plassere fleksibelt forbruk ut frå pris, tenkte eg å skrive eit par linjer om erfaringane så langt. For å få til dette er det så langt varmtvannstank som er forsøkskanina, og som no har fått styring ut frå straumpris. Har montert temperatursensor like ved termostaten samt på utløpsrøyret i toppen. Nederste måling for å ha kontroll på legionella, øverste måling for å unngå kaldt vatn i dusjen - koplar inn igjen på høg pris dersom temperaturen blir målt for lågt. Vi er ein familie på to vaksne og to barn, så potensialet for å spare ein del kroner på vv-forbruket er nokså stort. Event for å skru av tanken: Og for å skru på igjen: Har ein timer for å detektere målt tid for utløpstemperatur under 40 gr.C, ila. "testperioden" på ca. ei veke har denne ikkje blitt aktivert. Har også satt opp pushvarsel. Kurver for temperatur oppe (utløp) og nede (ved termostat) samt målt effektforbruk: På figuren over kan det kanskje sjå ut til at vatnet "så vidt" når å komme opp igjen på høg nok temperatur for å ta knekken på legionella, på figuren under er temperaturmålinga nederst ved termostaten vist lengre tilbake i tid, før den øvre målinga vart montert. Ein ser at termostaten koplar ut igjen på ca. 74 gr.C også då - som bør vere godt innanfor det som vert rekna for trygt. Og ei kurve som viser effektforbruk opp mot straumpris. Kunne nok satsa enda litt hardare, det får eventuelt bli etter ein lengre periode med test. Har ikkje satt opp nokon berekning på spart beløp så langt - og med dagens flate pris er det nok ikkje all verden. Får vi tilbake prisar på vinterstid med til dels stor variasjon mellom dag og natt blir det derimot ein heil del å spare. Under er prisar i NO5 i slutten av mars i år. Og slik er sensorane "montert". Sensorane er DS18B20, den nederste er tilkopla ein Fibaro dør-/vinduskontakt som jo har temperaturinngang, den øverste går enn så lenge via Arduino. Har brukt alumininiumsteip til å feste med. Den øverste er nok til dels provisorisk montert enn så lenge, sensoren er av typen "dykkbar" og vart litt for lang til å få god kontakt med utløpsrøyret - blir nok utskift med ein mindre versjon som kan få betre kontakt så snart dette kjem i posten. Nederste sensor ved termostat: Øverste sensor, ved utløp: Kom gjerne med tips om forbetring eller andre endringar
  10. Har aldri prøvd dem. Ser ikke behovet. Brukar sjølv HSBuddy til pushvarsel på telefonen. Men det kan hende det finst ein meir elegant måte å få det til uten ein enda ein ekstra app?
  11. Kan prøve å svare på to av spørsmåla dine. 1. Nei. Du har meir enn nok å gjere i HomeSeer fram til neste tilbudsperiode der du eventuelt kan vurdere om du vil investere (tid) i HSTouch. Pro-utgaven kostar omtrent det samme som standard pluss HSTouch og eit par plugins. 2. Nei. Har du ein "heilt ok" pc til overs frå før vil du komme veldig billig ut. Om du kjøper hardware utenom vil du nok komme minst like billig ut, sannsynlegvis billigare. I tillegg har du då ein pc som kan brukast f.eks som multimediamaskin. F.eks kan ein slik vere eit meir enn brukbart valg.
  12. Ok, takk for det. I så fall blir nok det enklaste å kalibrere før det blir sendt frå ESP8266...
  13. Har etterkvart fått ein del temperaturmålingar inne og ute, der mange av dei er målte via DHT11, SHT30 og DS18B20 som blir innsamla via Arduino/ESP8266 over Wifi. Desse sensorane er "gode nok" til sitt bruk, men det ser ut til at mange av dei nok måler litt for høg temperatur. Sikkert delvis fordi dei sit litt for nærme wifi-kortet som utviklar litt varme. I HomeSeer kan ein legge inn offset på f.eks +3 gr.C under Status Graphics, men ved logging av temperatur i Device History ser det ut til at dette offsetet ikkje blir tatt med. Finst det ein innstilling inni der som eg ikkje har funne?
  14. Så det var så enkelt ja! Og det fungerer, ser det ut til Fridag i dag og kvardag i morgon. Takk skal du ha!
  15. Prøver meg på versjonen med to devicer for i dag og i morgon. Får derimot ikkje devicene til å oppdatere status, lurer på om eg har satt opp feil? Har satt det opp slik, der device id for i dag er 203 og i morgon er 204.
  16. Den var ny for meg! Altså sånn som dette: Tusen takk for svar!! Edit: Og slik vart loggen ved trigging. Dette ser bra ut.
  17. Har open løysing mellom stove og spisestove, med separat dimmer for kvart "rom". Pga. at romma i praksis ikkje er delte, har eg ein Fibaro multisensor (bevegelse, temp, lysstyrke) som står akkurat i overgangen, og som dermed detekterer bevegelse i begge romma. For å skru på lyset har eg laga events som dimmer lyset til passande lysstyrke alt etter tid på dagen (morgon, dag, kveld eller natt). Har éitt event som blir trigga av bevegelse, vurderer lysstyrken og trigger tre nye events slik: Dei tre påfølgande events ser slik ut: Altså blir alle tre eventa trigga "MANUALLY", men kun éitt av dei skal jo gå vidare, sidan Tidsstatus kun har ein status av gangen. Tidsstatus ser for øvrig slik ut, og denne devicen oppdaterer seg som den skal. Problemet er dette: Alle tre events ser ut til å gå gjennom kvar gong, uansett kva for tid på døgnet det er. Når vurderingseventet blir trigga, køyrer altså dei andre tre heile løpet. Resultatet er at det er heilt vilkårleg kva slags lysstyrke som blir satt. Loggen ser slik ut - alle tre events blir trigga "på rappen", i dette tilfellet var det morgen/dag som vant og lyset vart satt til 80% og 50%. I dette tilfellet vart eventet trigga manuelt i HomeSeer, men resultatet er det samme ved trigging av bevegelse. Det kan virke som om at det oftast er morgen/dag som står igjen som vinnar, men ikkje alltid. Tips til kva i all verden som kan vere feil? Takk for alle gode forslag!
  18. Åja - Opptil fleire ganger. Oppdaga derimot at internett var nokså ustabilt - enkelte sider lasta, andre ikkje. Så viste det seg også at TibberSeer ikkje oppdaterte til korrekt time, men vart hengande igjen på timen eg fekk maskina på nett igjen. Mao. før statisk IP var satt opp på nytt. Det viste seg at det var ein liten skriveleif i gateway-IP i valga for statisk IP. Takk for tips uansett ?
  19. Hadde i dag problem med nettverket i huset, som resulterte i at HS-serveren mista kontakt med internett. Etter ein del feilsøking, deriblant reinstallering av nettverkskort og mykje anna tull, er den på nett igjen med samme statiske IP som før. No har eg derimot problem med at HSTouch og myhs.homeseer.com ikkje vil logge inn. Får denne feilmeldinga ved forsøk på sistnevnte: Ved innlogging på HSTouch på telefon får eg feilmelding "Unable to connect, click OK to retry". Gjentatt trykk på OK gir ingen bedring. Tips til å komme 100% på nett igjen mottas med takk
  20. Vil gjerne få ut momentanverdiar, primært aktiv effekt, men naturlegvis er i alle fall spenning og strøm også interessant. Dette for å kunne lage statistikk og styre forbruk som vv-tank, varmekabel o.l. unna tidspunkt når totalforbruk > abbonert effekt (når den tid kjem)...
  21. Takk for det, greit å vite til neste gang. Ser ut til at dette er parameter 27, som i tilfelle må settast til 0.
  22. Omsider! Forsøkte det meste, inkludert optimalisering av heile nettverket og enkeltnodar, utan resultat. Til slutt fjerna eg den nye noden og la til på nytt. Ved inkludering kom eg da på at eg av ein eller anna grunn ikkje fekk inkludert den første dimmeren secure, så eg inkluderte difor dimmer nr. 2 no non-secure. Dermed funka assosiasjonen på første forsøk. Tenkte ikkje tanken på dette, men det er vel egentleg ganske logisk at secure og non-secure nodar ikkje skal kunne snakke i lag. Takk for hjelpa, det blir nok ikkje siste gangen! ?
  23. Jo, takk for det. Det er berre det at det ikkje er nokon reaksjon i nabodimmeren ved bruk av S2...[emoji31] Sent fra min SM-G930F via Tapatalk
  24. Rotar opp igjen denne (gamle) tråden eg. Har no fått på plass Fibaro dimmer 2 nr. 2 (altså den andre i huset), og vil gjerne assosiere dei med kvarandre. På nedtrekksmenyen er det jo kun hoveddevicen som blir vist, men ved forsøk på å legge dei til ser det ut til at feil child device blir lagt til, sjå bilde. Når eg prøver å assosiere den andre med den første, blir dette resultatet, den legg altså til effekt-devicen - mao. også her feil, men ikkje samme feilen. Er det noko eg gjer aldeles feil?
  25. Takk for svar @petersv! Ser ut til at det er litt meir jobb enn eg har tid til dei nærmaste dagane, men skal gi beskjed når eg har fått gjort eit forsøk! Om andre har hatt liknande problem med gode løysingar er eg gjerne interessert i å høyre
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å gjøre denne siden bedre. Du kan justere dine innstillinger for informasjonskapsler, ellers vil vi anta at dette er ok for deg.