Ok, så er eg så smått i gang med HomeSeer etter å ha blitt overbevist av @Moskus via Facebook, og dette ser lovande ut!
Men:
Det første eg har satt opp, i tilegg til ein Fibaro-dimmer som fungerer fint, er styring av eit relé som skrur av og på vv-tanken. Har brukt Tibber-pluginet for å hente prisgrunnlag.
Har satt opp som betingelse for å skru av tanken at prisen er "High" ELLER >50. Dette skrur av reléet samt startar ein timer for å holde styr på kor lenge tanken har vore utkopla.
For å kople inn igjen skal prisen vere "Low" OG <49,9 ELLER timer-tid >4 timar. Om dette er oppfylt skal relé skruast på, timer stoppast og timer resettes.
Problemet er at både inn- og utkopling ser ut til å starte opp "dei fleste" timar, der utkopling ser ut til å vere dominant over innkopling. Timeren blir da også starta på nytt. Dette skjer sjølv om prisen er lågare enn betingelsane eg har satt for utkopling er oppfylte, dermed burde ikkje ny utkopling skje.
Dette vart mykje tekst, så her er skjermdump av dei to events som skal få ting til å skje.
Og her er prisgrunnlaget samt timeren som de ser vart resatt kl. 1700 (dette blir skreve kl. 1713).
a
Fint om eg kan få litt hjelp på vegen, før vatnet er iskaldt (og WAF'en går til null ?). Takk for alle gode svar