-
Innlegg
836 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
20
Innholdstype
Profiler
Forum
Blogger
Nedlastninger
Artikler
Regler
Hendelser
Galleri
Store
Alt skrevet av bjornepappa
-
Den er grei. Da trur eg eg står over i denne omgang. Ein anna sak eg har fundert på, men som eg ikkje har nokon konkret løysing på, er å detektere om ein bør vente med å skru av/på f.eks vv-tank i timane fram mot midnatt. Dette mtp. at pris enkelte døgn endrer seg ganske mykje ved døgnskifte. Ein kan vel alltids sette opp logikk basert på samanlikning av f.eks snittpris og standardavvik for hhv. inneværande og neste døgn (eg ville brukt EasyTrigger), utan at eg har prøvd meg på det. Tidvis kan det jo være lønnsomt å vente til neste døgn med å fyre opp, alternativt fyre opp i god tid før døgnskifte. Nokon andre som har tankar rundt dettE?
-
Ang. versjon 2.4, er det kun grafer som er nytt? Eller er det noko anna nytt, ev. feilretting eller anna som er verdt å få med seg? Eg spør fordi eg aldri har brukt grafane som ligg i plugin, så om det er det einaste er det i grunn mindre vits i å oppgradere
-
Switch på badet, 2 pol, noe å ordne her (bilde)
bjornepappa svarte på henrikhoe sitt emne i Belysning
Ring ein elektriker. Om du ikkje får til dette uten å spørje om hjelp så skal du heller ikkje prøve.- 1 svar
-
- 4
-
Spørsmål vedr. bruk av relay med NodeMCU og Arduino Plugin
bjornepappa svarte på JohnMartin sitt emne i HomeSeer
Kikk gjerne gjennom denne her. Eg fekk ein del uheldige konsekvenser når eg brukte ein NodeMCU til å styre garasjeportane (portane opna og lukka av seg sjølv i blant). Skrota heile opplegget og erstatta det med Z-wave, men i ettertid har eg skjønt at det kanskje ikkje var nødvendig.- 3 svar
-
- 1
-
Back in operation her også Det vart oppdatering mens eg laga frukost. TibberSeer var på eg til å starte opp og plutseleg høyrde eg at reléet til vv-tanken klikka, det var ein fin lyd i dag! Tusen takk til @Moskus!
-
Godt forslag. Eg har problem, bur i Luster og det blir prisområde NO5.
-
Eg har sendt chatmelding til Tibber tidlegare, men ikkje noko svar så langt...
-
Korleis finn eg data på adressa? Eg finn token osv, men ingen data på den sida...
-
Etter å ha fungert knirkefritt i ein halv evigheit har eg no fått problem med TibberSeer. Prisen stoppa opp i går kveld kl. 20, og står fast på det tidspunktet. Har forsøkt "Refresh Now" på Price Root-devicen, restart av plugin, HS3 og PC utan hell. Oppdaga (litt flaut) at eg hadde versjon 0.0.1.10 og at siste versjon var 0.0.2.2 (det tyder forresten på at det har fungert veldig bra med den gamle versjonen), så eg oppdaterte til siste, men det gjorde ingen forskjell. Alle data frå Tibber Pulse (effekt, spenning, strøm osv) fungerer som det skal. Har forsøkt å oppdatere token, den var uendra, så det gjorde heller ingen forskjell. Tips? Edit: Har fått dette i loggen:
-
HomeSeer 3 hos oss. Har laga veldig enkle events for å halde effekten nede, 4 trinn. Ikkje så avansert, men ser ut til å vere i kategorien "godt nok". Logikken: P>8 kW 3 minutt ->Effektstyring til Trinn 1 P>8 kW 4 minutt ->Effektstyring til Trinn 2 P>8 kW 5 minutt ->Effektstyring til Trinn 3 P>8 kW 6 minutt ->Effektstyring til Trinn 4 ... P<6 kW 3 minutt->Effektstyring til Trinn 0 Ved aktivering av Trinn 1, 2, 3 og 4 aktiverer eg andre events som styrer 2 vv-tankar og 2 soner med varmekabel, i prioritert rekkefølge. Motsatt rekkefølge ved reversering når Effektstyring-devicen har stått på Trinn 0 (P<6 kW) i x minutt. Området 6-8 kW er lagt som dødbånd for å unngå hyppig aktivering og deaktivering. Har testa dette ei stund og meiner det fungerer ganske bra. Ingen effekttariff her enda, men om eller når det kjem så er ting på plass og det er enkelt å gjere småjusteringar. Brukte i første omgang 7 kW som grense, men det vart knapt i vinterkulda.
- 188 svar
-
- 3
-
Ei stund sidan eg har inkludert IKEA Trådfri no, men min erfaring er at desse er veldig kresne på av/på-sekvensen (5 ganger var det vel?). Meiner eg kom fram til at det fungerte ganske bra om "av-periodane" var litt lengre enn på, kanskje 0,5-1 sekund av og så fort du klarer (0,1-0,2 sekund) på. Verdt eit forsøk for dei som slit, men kanskje dette har blitt bedre med nyare fw-versjonar.
-
Fibaro dimmer 2 firmware oppdatering med aeotec stick?
bjornepappa svarte på Øyvin sitt emne i Z-Wave
Seint svar dette, men... Eg skifta ut HomeSeer-serveren i haust, då flytta eg berre over z-wave dongelen (UZB1) så fungerte det fint. -
Ja, eg har laga dette vha EasyTrigger. I grunn som ein følge av at naturleg RH endra seg gjennom året og med tørt eller fuktig vêr. Dette har eg no brukt lenge og det fungerer tipp topp sommar som vinter. "1.etasje Gang nede Multisensor RH" er her i gangen utanfor badet, der lufttilførselen til badet hovudsakleg kjem frå. Multisensor både i gangen og på badet er Xiamio/Aqara temperatur- og RH-sensor. Har forøvrig ein haug av desse rundt omkring i huset og dei fungerer svært bra og med lang batterilevetid (>1 år).
-
Skjult strømforsyning til sensor (Multisensor 6)
bjornepappa svarte på Armas sitt emne i Annen Elektronikk
Har brukt ein Popp 5V-forsyning til 2 stk MS6, forsyningen står i veggen mellom to rom inni ein downlightkasse. MS6 på kvar si side av veggen, også i downlightkasse (den eine saman med forsyningen). Har klipt av USB-skøyteledningar og kopla dei til på 5V-sida av forsyninga. Dette har no stått sidan i vinter og fungerer tipp topp.- 40 svar
-
- 1
-
Samme her. Stabile, billige, diskret, veldig lang batterilevetid. Har ikkje prøvd dei ute, men eg er veldig fornøgd med dei.
-
Takk for svar. Veit du kvar eg finn historikkdatabasen? Kunne jo prøvd å lagt inn igjen ein kopi/backup for ei lita stund sidan.
-
Device History har den siste tiden slutta å tegne kurver. Ingen feilmelding, og det vart heller ikkje bedre etter oppdatering til siste versjon (3.1.0.3). Av og til starter plugin tilsynelatande opp som normalt, men tidvis gir den feilemelding i Plugin-oversikten - CRITICAL: Failed to get InterfaceStatus from Device History: Objektreferanse er ikke satt til en objektforekomst. Sjølv om plugin ikkje har starta opp korrekt, så kjem det melding "Building Chart" som normalt, men returnerer berre ei tom side når den skulle ha komme med kurve(r). Tips?
-
Eg har brukt Smart Implant på tilsvarande måte. Styrer to garasjeportar med den. Har brukt OUT1 og OUT2, kopla desse to i parallell med dei to impulsbrytarane som var frå før. Hugsar ikkje oppsett på parameter, men som allerede nevnt er poenget at det skal sendast ein kort puls, tilsvarande som eit kort manuelt trykk på brytaren. Edit: Ang. forsyning til smart implant så hadde også mine portopnarar det eg meiner var 24VDC tilgjengeleg. Dermed var det unødvendig å mekke til ekstern forsyning.
-
Eg bruker S2 til å styre fleire Trådfri-lamper, men i Homeseer. Der er det muligheit for "linkes device", alternativt kopiere status frå ein device til ein anna gjennom event. Vil anta at noko liknande finst i Home Assistant...?
-
@MrE, har du prøvd Fibaro dimmer 2 i praksis, eller hauser du deg kun opp over specen? Min og mange andre sin erfaring er at Dimmer 2 på mange lyskilder fungerer bedre enn garantert, dimmer langt ned og minst like langt som f.eks Elko 315GLI. Og nei, det er ikkje ein reinspikka LED-dimmer, det har heller ikkje Fibaro hevda.
-
Du har rett. Eg har også velfungerande HS3, har ingen hast med å gå over til HS4. Høyrest ut som @Moskus sikkert får skikk på TibberSeer, Sensibo bruker eg og om den ikkje fungerer på HS4 er det for min del god nok grunn til å avvente.
-
Takk for det. Kan det være ein tanke å heller installere HS3 på nye, deretter flytte over mappestrukturen og så oppdatere til HS4? I tilfelle har eg den gamle HS3-installasjonen i drift på gamle maskina, just in case. Men det kan hende eg krisemaksimerer her...
-
Eg spør igjen på vegne av meg sjølv, og lurer på om eg har funne svaret i HS-guiden som det allereie har blitt linka til. For å flytte over til ny maskin, er då det beste å bruke "Alternative Method" - altså installere HS4 på ny maskin, for så å kopiere Config- og Data-mappene frå HS3-installasjonen på den gamle maskina over til den nye? Punkt 8 bekymrar meg derimot litt, då eg har 23 plugins som er brukt i ørten events... Er da betre å bruke "Preferred Method" likevel? Skal eg i tilfelle installere HS3 som normalt på ny maskin, for deretter å kopiere HS3-katalogen frå gammal maskin over til ny maskin og dermed (forhåpentlegvis?) få gjenoppretta denne - og deretter installere HS4? Om nokon har gjort tilsvarande øving eller planlegg det set eg umåteleg pris på tilbakemelding
-
Eg vil faktisk sei du er i mål, hardwaremessig vel og merke. Då står all moroa igjen 😁