Gå til innhold
  • Bli medlem
Støtt hjemmeautomasjon.no!

bjornepappa

Medlemmer
  • Innlegg

    836
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    20

Alt skrevet av bjornepappa

  1. Eg har fortsatt gode, gamle HS3 på ein etter kvart ganske gammal stasjonær pc. Den har bikka 10 år, men fungerer likevel bra. Likevel, ved overgang til HS4 tenker eg meg å skifte ut til ny(are) pc. Trur eg ender opp på bærbar pc. Mest for å ha innebygd batteri (UPS), men også for å kunne ta med UZB til fastmonterte noder som måtte vere vriene å inkludere. For å komme opp og gå, må då den gamle HS3-katalogen overførast til ny pc før HS4 blir installert, eller er det andre framgangsmåtar? Windows 10 på gamle pc'en, og det tenker eg forsåvidt også å bruke på ny.
  2. Tenker du på gjennom "group" satt opp i Phoscon? Eg har eit par slike og det fungerer supert, men kun så lenge deCONZ er i gang...går det an å få det til å fungere uavhengig av deCONZ, litt tilsvarande som assosiasjon i z-wave?
  3. Fibaro Smart Implant og DS18B20 i rett fasong må vel være perfekt ?
  4. Ikkje vidget, men HSBuddy har muligheit for å legge til snarveg til enkeltdevicer, events og/eller kamera.
  5. Link? Edit: linken var der oppe frå før... ? Edit 2: utført.
  6. Å splitte opp i fleire nettverk/VLAN er uansett klokt. Då kan HS-server vere på samme nettverk med klienter du stoler på og som må ha tilgang, andre klienter kan ha andre nettverk. Her i huset er det fire VLAN med kvart sitt tilhøyrande WiFi.
  7. Har samme problem her etter nevnte oppdatering. Eg bruker ikkje S1 så mykje til å styre lys, så problemet er ikkje så stort for min del. Men det skal uansett ikkje være slik, og feilen var der ikkje før.
  8. Samme erfaring her. Har ein haug med temperatursensorar og eit fåtall dør/vindusensor frå Xiaomi. Dei oppfører seg heilt fint og rekkevidda i vårt gamle tømmerhus er det lite å klage på. Eit fåtalls lyspærer eller anna på 230V er meir enn godt nok som repeater om det trengs.
  9. Eg har slite med samme problem i det siste og oppretta ein tråd på HS-forumet. https://forums.homeseer.com/forum/lighting-primary-technology-plug-ins/lighting-primary-technology-discussion/jowihue-w-vuyk/1374000-missing-device-status-from-sensor-switch-in-hs3 Edit: Eg har HS3, ser ts har 4. Så problemet er no uavhengig av versjon. Her blir deCONZ alltid starta først med port 8080, HS nokre minutt seinare bruker då port 80 som fortsatt er "ledig".
  10. Eg har hatt eit par rundar de Google svarer "Det ser dessverre ut til at HomeSeer ikke er tilgjengelig" eller noko liknande. Meldingen kjem typisk 2 av 3 ganger når det først er i gang. Restart av Chromecast plugin eller HS er fånyttes. Det einaste eg har fått til å virke er å fjerne HS frå Google Home, synkronisere og deretter legge inn igjen.
  11. Og ein device for snitteffekt i inneværende time kunne jo vore nyttig... ?
  12. Har du mange z-wave noder? Mitt var tidvis tregt når nettverket var lite og nytt, men innbiller meg at det gradvis har blitt bedre. Secure inkludering kan også by på problem, om du bruker det veit eg ikkje.
  13. Men likevel fungere dei aller fleste elektroniske ting heilt fint i kulde, så lenge dei ikkje har bevegelige deler. Sterk varme er derimot eit større problem, ein bør ikkje montere slikt der det blir i solsteiken ein varm sommardag.
  14. Med HomeSeer har du i allfall GCalSeer plugin, men om noko tilsvarende finst til HA veit eg ikkje.
  15. Supert! Eg har spurt Tibber om å få Fibaro dimmer 2 inn i sortimentet. Svaret var "å ta det vidare", men ingenting har skjedd så langt. Er det fleire som kan tenke seg å mase litt? ?
  16. Eg har både Pulse og ein ESP8266 i skapet. WiFi fungerer "godt nok" på begge.
  17. Kan du legge ut ein skjermdump av devicane i HS? ?
  18. Det finst så vidt eg veit ikkje z-wave-lamper, men derimot dimmer og relé som du bruker på heilt vanlige, "dumme" lamper. Fibaro dimmer 2 kan ikkje styre zigbee direkte, men via HomeSeer (eller HA, Homey osv) kan du det, sett opp kopling mellom switch Multilevel 2-devicen og styr vha S2-brytaren. Eg bruker dette på fleire og det fungerer fint. Påstanden om at dimmer 2 er einerådande vart nok litt feil på generelt grunnlag. Innafor z-wave derimot, vil eg fortsatt påstå at denne er svært mykje meir brukt enn "dei andre".
  19. Du kan jo vente til mai. Eg har kjøpt oppgradering, men tenker uansett ikkje tanken på å oppgradere før det foreligg ein stabil og uttesta versjon. Eller - eg veit om folk som har sendt mail til HS og spurt fint om halv pris for å sleppe å vente til neste halvpris-kampanje. Det kom positiv tilbakemelding.
  20. Det kan du jo med z-wave også. Fibaro dimmer 2 (som jo nesten er einerådande i lysstyring) har jo to inngangar, S1 og S2, som du koplar til ein heilt vanlig lysbrytar. I tillegg kan ein sette opp assosiasjon med z-wave mellom f.eks to dimmarar, då kan dei styre kvarandre heilt uavhengig av huben.
  21. Har ein slik ein som har fungert knirkefritt lenge, men har opplevd nøyaktig samme problem med opptil fleire Xiaomi magnetbryter (dør/vinduskontakt). Fungerer fint eit par minutt, så blir den automatisk oppdatert av JowiHue og den blir slik som din. Har aldri funne ut av årsaken eller løysing.
  22. Har dette sjøl. Fibaro dimmer 2 på dei fleste plasser der det er fleire lamper på samme bryter, Trådfri/Zigbee på ein del lamper der det kun er ei pære, f.eks vegglamper. Har inntrykk av at zigbee har dårlegare rekkevidde og er litt meir ustabilt enn z-wave.
  23. Eg gjekk for HomeSeer og har aldri angra, men ser at folk er fornøyde med Homey så det funker nok fint. Du skal nok gå for z-wave til det meste, bra mesh-nettverk, bedre desto fleire noder du får. 15 m til garasjen bør gå fint så sant du har noder i huset i enden mot garasjen. Til varmekabel er det Heatit Z-TRM2fx som er tingen. Fungerer tipp topp både reguleringsmessig og i z-wave. Eg har ikkje noko alar system, men har laga i Homeseer basert på bevegelse, har jo sensorane til lysstyring o.l. frå før. Trigger sirener og blinklys i heile huset. Har inntrykk av at mange lager tilsvarende pga svindyre abonnement.
  24. Eg tek konsekvent vare på kvitteringar for LED-pærer, av den enkle grunn at dei oppgir typisk 15-40000 t levetid og erfaringsvis er dette ofte optimistisk. Har reklamert på nokså mange, både av billigmerker, Osram og andre dyre variantar, og fått ny pære eller pengane tilbake kvar gong.
  25. Morroklumpen! No kan det nevnast at plugin var på plass for lenge sidan (og den er ganske genial), men det skjønte du nok ?
×
×
  • Opprett ny...

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å gjøre denne siden bedre. Du kan justere dine innstillinger for informasjonskapsler, ellers vil vi anta at dette er ok for deg.