Zulboom
Medlemmer-
Innlegg
84 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Blogger
Nedlastninger
Artikler
Regler
Hendelser
Galleri
Store
Alt skrevet av Zulboom
-
Slik kan det gå ? Skal heldigvis kun parallellkople eine releet på 12V-mottakaren med den eksisterande «manuelle» brytaren, så reknar med fuck-up-potensialet her er begrensa. Bank i bordet.
-
Etter å ha prøvd å fikse fjernstyring av mor sin garasjeportopnar med originalfjernkontroll og masse googling over fleire år beit eg i det sure eplet og bestilte ein enkel 3xfjernkontroll + 12V-driven mottakar: https://www.aliexpress.com/item/32974633615.html?spm=a2g0o.cart.0.0.14393c00d6dm8b&mp=1 12V-straumforsyningar har eg mange av, satsar på at rekkevidda på fjernkontrollane er OK gjennom garasjen. Bedre seint enn aldri.
-
Oppdatering på denne?
-
Ved bruk av plugin’en EasyTrigger kan du velge å sette til dømes settpunktsverdien lik verdien på ein annan device basert på betingelsane dine. Sett opp virtuelle devicar som du benyttar som variablar, og sett settpunkt lik ein av desse basert på utetemp, heime/borte etc. Dette er antagelegvis den enklaste måten å gjere det på utan scripting. Og når du først har kjøpt EasyTrigger finn du sikkert mykje anna kjekt å bruke den til også ?
- 1 svar
-
- 3
-
Eg brukar Dimmar2 på LED-lys heime hjå meg utan bypass. Minste lasta på eine dimmaren er 2x6W. Worst case om ein ikkje brukar bypass er at du ikkje får dimme lasta di så langt ned som du kunne med halogen verkar det som. Men så fort eg sette parameter (minimum dimmenivå) = 1 så er det knapt synleg lys når eg dimmar heilt ned.
-
Godt mogleg det ja. Eventuelt i deCONZ-
-
I utgangspunktet, ja Men fann følgjande informasjon på MeiHarmonyHub-delen av HomeSeer-forumet: https://forums.homeseer.com/forum/audio-video-and-infra-red-ir-plug-ins/audio-video-and-infra-red-ir-discussion/meiharmonyhub-sirmeili/1285096-2-15-19-new-firmware-for-hubs-available-which-may-break-plugin-until-you-do-this 1. HS: Installer nyaste Beta-versjon av MeiHarmony. (Plugins-->Manage-->Additional Interfaces-->Beta). 2. Harmony: Enable XMPP. Sitat frå forumet: "From your Harmony app, go to: Menu > Harmony Setup > Add/Edit Devices & Activities > Remote & Hub > Enable XMPP"
- 5 svar
-
- 2
-
Gjorde eit forsøk på å legge inn eine røykvarslaren no, men det kan sjå ut at det enten ikkje er støtta eller at det er nødvendig med meir konfigurasjon. Med ein gong eg sette i batteriet på røykvarslaren dukka den opp i deCONZ, akkurat som beskrive i brukarmanualen. I deCONZ (utklipp nr. 1 under) har den komme opp, og fått kontakt både med ConBee'en og Home Control-stikkontakten min, men ikkje med IKEA-pluggane. I Homeseer (utklipp nr. 2 under) har den ikkje komme opp som ein device, og under fana Bridge Maintenance i pluginen ser den ut til å bli detektert som ein "Daylight Sensor". Kanskje eg burde opprette ein eigen forumtråd for dette?
-
Fekk varene på døra i ettermiddag. Stikkontaktane dukka opp i deCONZ på null komma niks, medan røykvarslarane har eg ikkje testa endå.
-
Har akkurat sett opp Logitech Harmony Elite med Hub (1299kr på Elkjøp, spar 1000, gjeld til og med laurdag 23. mars) saman med MeiHarmonyHub-Plugin. Med dette har eg fått full kontroll på alle Harmony-devicane og -aktivitetane frå HS, men eg skulle helst ha hatt moglegheit til å styre utvalde lys og/eller eventar i HS frå "Home Control"-knappane på fjernkontrollen. Eg ser at på HS-forumet skriv dei at ein kan nytte eit program på PC'en til å lage ein virtuell Hue Hub, og styre devicar i HS vha. JSON. Er veldig keen på å sette opp noko tilsvarande sjølv, men dersom det fins enklare løysingar på dette frå før er det ikkje vits å finne opp hjulet på nytt (sjølv om det kan vere litt morsomt av og til ?). Nokon som har ei løysing på dette som dei har prøvd/brukar sjølve, eventuelt veit om alternativ? PS! deCONZ dukka opp i Harmony-appen som ein Philips Hue Hub, og alle devicane der (inkludert kaffitraktaren ?) får eg no styrt via fjernkontrollen. Edit: Fann følgjande HS-->Harmony-styring når eg såg litt meir på events, men eg vil helst kunne gjere ein del meir enn dette, sidan trigger/conditions kun er aktivitet/shutdown-basert.
-
Tråden under inneheld litt informasjon rundt Homeseer og Google Home. Anbefalar å lese gjennom den
-
Uff, er dyrt å følge med i slike trådar på forumet Blei 3stk røykvarslarar og 2stk stikkontaktar på meg.
-
Akkurat kjøpt meg Logitech Harmony Elite (med hub), så no blir det nye bollar i stova Lenke til tråd i Prisjakt-delen av forumet ligg under.
-
Fann eit tips på Facebooksida "Smarthus & IoT Norge" om at Logitech Harmony Elite var på tilbod til 1290kr hjå Elkjøp: https://www.elkjop.no/product/smarte-hjem/taleassistent-smart-multimedia/LTHARMELITE/logitech-harmony-elite-fjernkontroll Normalpris er ca. 2300kr, men har vore på tilbod til 1790 eit par gonger siste 12 månadane: https://www.prisjakt.no/product.php?pu=3305378 Ser ut til å vere eit bra kjøp. Berre hub'en (Logitech Harmony Hub inkludert med fjernkontrollen) kostar 900kr til vanleg: https://www.prisjakt.no/product.php?pu=3362406 Eg har i alle fall bestilt, og så blir det vel integrasjon mot Homeseer, Google Home mm. etter kvart. Endeleg får eg pensjonert Logitech Harmony One'n min frå 2011. Edit: Tilbodet gjeld t.o.m. 23. mars kl 19 ifølge Elkjøp!
- 5 svar
-
- 1
-
Måtte sette igang litt corrective actions for å oppretthalde WAF ettersom lys på bad kun gikk på automatikk (bevegelse = lysstyrke basert på tidspunkt på døgnet). Etter å ha sett opp scenestyring på alle Fibaro Dimmer2-modulane i leilegheita såg eg moglegheit til å utnytte funksjonalitet dette gav. Enda opp med følgande tilleggsfunksjonalitet (merk: eg brukar Homeseer, men ein kan sikkert lage til tilsvarande i andre system): - Om fysiske knappar blir brukte = automatikk av i 1 time (automatikk bad som virtuell device). - Om lys blir skrudd av (t.d. når ein er ferdig på badet) kjem automatikken på att etter 30 sekundar sjølv om det ikkje er gått 1 time. Tidsforsinkelse på 30 sekundar fordi bevegelsessensoren har ein "cooldown"-periode på 30 sekundar, slik at lys ikkje skal skru seg på att automatisk når ein faktisk er på veg ut frå badet. - Når automatikk kjem på att etter 1 time og om lys ikkje er avskrudd (t.d. om ein gløymer å skru av lyset etter at ein er ferdig på badet), skrus lyset av. Screenshots av eventar i spoiler:
-
Nokon update på om restore fungerar til UZB1 no? Er det eventuelt ein an måte å kvitte seg med alt av assosiasjonar og "byrje på nytt", slik som "best practice"-oppsettet tilseier?
-
Som foreslått av andre forumbrukarar lenger oppi i tråden så sette eg på "detailed debugging to file", og loggen min hopa seg opp med informasjon på kort tid. Fann ut at ekstern sensor, som eg ikkje benyttar meg av, sende informasjon stort sett kvart sekund. Ved å fjerne assosiasjon til gruppe 2, slik at assosiasjonar no ser ut som nedanfor så forsvann denne trafikken, tilsynelatande. I tillegg så stod parameter 20 = 1, dvs. at termostaten rapporterte kvar gong golvfølaren endra måleverdi med 0,1 grader. Endra denne til 10, noko som eigentleg er default-verdi. Dette har i alle fall gjort at eg opplever mindre problem med Z-wave-nettverket mitt. Legg også ved brukarmanualen til Z-TRM2fx om folk ikkje allerede har denne. Brukarmanual heatit_Z-TRM2fx_V3.4.pdf
-
Kjapp oppdatering på denne (bedre seint enn aldri): Einaste måte å få gjenoppretta kontakt med pluggen var å ta den ut inn og ut att frå stikkontakten. Den responederte heller ikkje på trykknappen på pluggen før omplugginga. I tillegg har 2 andre slike pluggar hatt det same problemet, så enden på visa blir nok å sende inn att alle 5 eg bestilte. Litt dumt, men når eg brukar dei til tryggleik (utkobling av kaffitraktar etter 30min + kaffitraktar og varmeomnar skrus av ved brannalarm) og varmestyring (varmeomnar) vil eg ha pluggar eg kan stole på. Så då er spørsmålet: Kva type plugg bør eg kjøpe? Fibaro? Største last som skal styrast er ein 1400W varmeomn.
-
13stk er aktive nodar, dvs. dei som er drivne av nettspenning. 2stk (Fibaro røykvarslar og Fibaro multisensor) er batterinodar. Har forresten sett at min kjære bror, @bjornepappa, klaga på Z-wave-rekkeviddeytelsen til desse Telldus-pluggane i tråden under. Så fort eg kjem heim skal eg sette inn reservepluggen eg har liggande og sjå om det betrar seg.
-
13 nodar (om eg hugsar rett) på ei flate på 70m2, der 3 av nodane er slike Telldus-pluggar. Pluggen med problemet er plassert ca 3m frå UZB1, og har fri sikt.
-
Hei, Eg har 4stk slike pluggar i bruk til å styre mellom anna varmeomnar: https://www.kjell.com/no/produkter/elektro-og-verktoy/smarte-hjem/z-wave/fjernstrombryter/telldus-z-wave-fjernstrombryter-med-energimaler-p51018?showOffline=True På den eine pluggen så har eg fleire gonger opplevd at den har «hengt seg», dvs. den svarar ikkje på polling eller kommandoar (av/på) frå Homeseer. Dette har no skjedd igjen, og det er litt dumt, fordi akkurat no står den av, og eg er avhengig av varmeomnen som er tilkobla pluggen for å varme opp att leilegheita til når eg kjem tilbake frå ferie (helst før eg er heime att). Einaste måten å fikse pluggen på har vore og plugge den ut og inn att (have you tried turning it off and on again?), men det er enklare sagt når eg ikkje er heime. Eg har heldigvis ein i reserve liggande, og denne blir nok sett inn med ein gong eg er heime att. Er det fleire som slit med det samme, enten med Homeseer eller andre system? Har de tips til noko eg kan gjere for å få kontakt med pluggen att utan å plugge den ut og innatt? Edit: Kan legge til at nettverket har vore optimalisert fleire gonger etter alle kunstens (Moskus’) reglar. Får negativt resultat frå «Connectivity test» under Z-wave-fana på Root-devicen til pluggen. Fungerer fint på tilsvarande plugg på soverom. La til bilete frå logg. Soverom fungerar fint, medan stove er den eg slit med.
-
Ikkje meininga å gå off topic her, men får du temperaturlogginga til Fibaro røykvarslarane dine til å fungere? Eg har 1stk i gangen min, og den rapporterte temperatur første gongen då den blei sett opp, og verdien i devicen i Homeseer har ikkje endra seg sidan.