Eg må krype til korset å be om hjelp, har knota nokre dagar no med å prøve å kommunisere med Villavent. Det er heilt nytt, montert i år, heiter Save VTR 250/B. Det har eit "kontrollpanel" type simpelt så eg har ikkje mulighet til å endre på noko anna enn viftehastighet der.
Eg har eit RS485/Modbus TCP adapter, dette virkar for å fungere heilt fint, men eg får altså berre timeout uansett kva eg spør om. Eg veit ikkje baudrate, det står så mykje alt etter kva dokument eg les i, men har prøvd dei fleste. Ei heller veit eg slaveadressa til anlegget og når en då skal prøve seg fram vert det mange ulike kombinasjonar.
Nokre tips? Må eg investere i eit skikkeleg kontrollpanel for å kunne lese av/stille baudrate og adresse?