Har første generasjon av z-dim på soverom hos oss.
Einaste problemet som har oppstått til no er når me bytta lampe på eit av barnerommene, så støtta ikkje den nye lampen dimming - men etter å ha tenkt litt og rota litt i dokumentasjonen fann eg innstilling slik at eg kunne deaktivere dimming – antar dette også er mogleg i z-dim2. Litt rart å ha dimmer som berre fungerer som "vanleg" lysbryter, men fungerer likevel bra - og genialt at det er mulig.
Liker også at ein kan stille inn "start-styrke", slik at på hovedsoverommet der småen ligg og søv når du skal innom på kvelden, så er det fint at den alltid kommer på på 10% når du skrur på lyset - framfor å flombelyse småen.
(her var det jo ikkje svar på noko av det som var utgangspunktet for denne samtalen, men håper det likevel er nyttig vurderinga på bryterbytte – spesielt det med at du ikkje må bruke den som dimmer ...)
Har z-dim og Fibaro Dimmer 2 rundtomkring. Sjølv om dei egentlig fungerer bra er eg superirritert over at eg ikkje får oppdatert Fibaro-dimmerene uten å ha deira hjemmesentral... Så blir ikkje fleire produkt frå Fibaro før dei endrer politikk på det ...