Då har vi omsider fått på plass ein Remotec ZXT120 for styring av vår Toshiba luft-luft varmepumpe, og så langt ser denne ut til å fungere upåklageleg - oppsettet var kjapt og enkelt, og varmepumpa godtok første forsøk på IR-kode.
Så var det å automatisere! Har laga eit par events (HomeSeer) for å håndtere feriestyring - senking når vi er borte og å få opp igjen varmen før vi er heime. Vidare tenker eg å lage events for senking og ev. heving på døgnnivå - har andre gjort det før meg og vil dele erfaringar og tips?
Tenker på å lage nattsenking og eventuelt midt på dagen-senking eit par grader, men kanskje også heve temperatur-SP ein grad eller to i timen før prisen stig? Tankar rundt dette?
Alle tips og forslag blir mottatt med takk