Hei,
Er det nokon som brukar brytar S2 på Fibaro Dimmer 2 til nokon slags scenestyring (natt/dag/heime/borte), evt. til å køyre events?
Har prøvd meg på å sette parameter 28 (Scene activation functionality) til 1, men blei ikkje heilt klok på korleis dette blir brukt. Sjå skjermdump frå brukarmanual nederst i innlegget. Får heller ikkje opp dei innstillingane under Root-devicen som eigentleg skal dukke opp ifølge forum-post nr. 4 i denne tråden på Homeseer-forumet (annan Z-wave-node enn Fibaro Dimmer 2, men prinsippet burde vere det samme): https://forums.homeseer.com/forum/homeseer-products-services/general-discussion-area/100424-fibaro-dimmer-2-scenes
Eg har lagt merke til at devicen kalla "Switch Multilevel 2" oppdaterer seg (toggle, av/på) når eg aktiverer impulsbrytaren som er tilkopla inngangen. I og med at eg ikkje får til scenestyring spesifikt, er det mogleg eg kun kjem til å sette opp nokre events. I første omgang blir det til dømes å sette opp S2-brytaren ved inngangsdøra til å skru av alt lys i leilegheita når eg går ut.
Korleis har de løyst det?