Hei! Vil først presisere at eg har prøvd å googla meg fram til eit svar på dette før eg lagde denne posten, men der er so alvorlig mykje informasjon å finne på det som sikkert er eit enkelt svar for den som kan dette feltet.
Eg pussa opp huset for 3-4års tid sidan og installerte nexa dimmere i alle spotlights på stue og kjøkken. Samt eit par punkt til taklampe.
Dette er totalt 8 forskjellige punkt som er programerte inn på ein nexa fjernkontroll som vi har brukt sidan det vart installert.
Det eg lurer på er om det er mulig å kjøpe trådlause brytarar som går på batteri som man kan lime/skru på veggen, som man enkelt kan programere til dei forskjellige punkta?
Det er som regel ein "setting" av lys som vi brukar heile tida, og eg kunna ha tenkt meg å hatt denne på ein fast brytar so vi slepp å leite etter kontrollen hehe