Hei, Har ei Toshiba varmepumpe som eg prøver å styre med ZXT-120 frå Homeseer. Fått til kommunikasjonen mellom Homeseer og ZXT-120, men får ikkje til å styre temperaturen på varmepumpa. Kan slå av og på varmepumpa, sette til kjøling eller berre vifte. Men temperaturinstilling får eg ikkje til. I Homeseer ser det ut som vedlagt bilde, og eg har antatt at ein då kan styre berre temperatur direkte. Har testa alle kodane for ZXT-120 som skal passe på Toshiba, men ingen forskjell. Nokre av dei fungerer ingenting på, mens nokre får eg det som beskreve over. Nokon som har tips her eller må eg til å manuelt lære kodane på dei instillingane eg vanlegvis skiftar mellom i ZXT-120 ?
Klarte ikkje å finne noko løysing med litt googling så no testar eg ekspertisen her :-) Forum og guidane her har vore til mykje hjelp tidligare:-)