Som nevnt i denne tråden er eg i ferd med å sette opp nettverk i heimen basert på Unifi-serien til Ubiquiti, og eg prøver meg no på å opprette separat IoT-nettverk (med WiFi).
Har fulgt denne guiden og har forsåvidt laga eit Corporate-nettverk som er adskilt frå primærnettverket, men dette må jo ha visse unntak for å fungere som tiltenkt. Eg har ein del Arduino-kort på nettverket som skal sende (og potensielt motta) data til HS. HS brukar port 80, og om eg forstår det rett må eg vel då opne port 80 frå IoT-nettverket inn i primærnettverket der (bl.a.) HS-serveren står.
Eg trur eg må opprette ein ny regel under "LAN IN" i Unifi-settings, men deretter er eg nokså blank.
Har oppretta ei "gruppe:
Og har prøvd på å opprette ein regel under "LAN IN", men er svært usikker på om alt er rett (er vel i grunn nesten sikker på at mykje er feil):
Er det nokon som har tips for å få meg på rett spor?