Har montert ein Gledopto RGBW-kontroller til å styre ei LED-stripe over garasjeportane. Denne virkar for å slite med å finne plassen sin i meshet. Den fungerer av og til, men ramlar til stadigheit ut for så å komme tilbake etter kort eller lang tid. Den har ganske lang avstand til Conbee, som er i eit rom på motstatt side av huset. Men eg har ei Trådfri-pære som er ca. 3 meter unna, samt ein Trådfri-repeater som står ca. 2 meter unna. Desse har null problem med å holde kontakten med Conbee. Det som er felles for alle er at både desse og "alle andre" ei stund etter oppstart av deCONZ veldig gjerne vil kommunisere via ein Hue-RGBW-kontroller utvendig på motsatt side av huset ("Sol balkong" på bildet under) - utan at eg skal sei om det er fornuftig eller ei.
Det beste hadde vore om det går an å "tvinge" Gledopto-kontrolleren til å snakke med Trådfri-enhetene som er rett i nærheiten, men det går vel sikkert ikkje an, eller?
HomeSeer med Jowihue og Conbee.
Takk for alle svar